FjordKysten og Sunnfjord byr på sterke natur- og kulturopplevingar i eit landskap med stor variasjon. Her er det god plass for deg som vil utforske ein vill og mindre oppdaga del av Norge. I denne artikkelen har vi sett saman ei reiserute gjennom regionen, som vi håpar vil inspirere til di neste reise.
Ein stad ikkje alle veit om - enno!
FjordKysten og Sunnfjord er ei skjult perle lengst vest i Norge, og vi er klar for å dele den med deg
Kor ligg FjordKysten og Sunnfjord?
Like nord for Bergen ligg FjordKysten og Sunnfjord. Regionen strekkjer seg frå Solund i sør til Måløy i nord og Sunnfjord i aust, og har eit stort geografisk nedslagsfelt.
Så langt vest du kjem i Norge finn du ei eineståande kystlinje med sjarmerande øysamfunn og fjordbygder som har ei rik og spanande historie.
Desse opplevingane fortener ein plass på lista di
Start reisa di i Hyllestad
Med utgangspunkt i Bergen anbefaler vi at du startar reisa di i Hyllestad, ein skjult skatt ved Sognefjorden, der dramatisk kystlandskap møter tusenårig historie. På vegen kan du reise innom Tusenårsstaden Gulatinget som danna utgangspunkt for at Noreg vart ein demokratisk rettsstat, og ta ein pause i vakre Skjerjehamn, ein idyllisk, gammel handelsstad.
I Hyllestad ventar eit steinrike uten like: sidan 1700-talet har det vorte hogd ut kvernsteinar. Kvernsteinsbrota representerer landets største kulturminne frå viktingtid og mellomalder, og i Kvernsteinsparken kan du besøke landets einaste temamuseum for kvernsteinsproduksjon.
I Hyllestad kjem du ikkje utanom Lihesten: vestlandets villaste vegg. Dette fjellet gløymer du ikkje. Her reiser fjellet seg majestetisk frå fjord til himmel, som eit naturens monument over kraft og kontrast. Frå toppen får du magiske utsyn over fjordar, hav og øyar - eit panorama som tek pusten frå deg. Lihesten gir deg den rå kjensla av ekte fjell, på ekte vis. Ei oppleving som både utfordrar og bergtek.
Solund, også kalla øyriket i vest
Lengst vest, der fastlandet glir over i hav og øyar, byrjar reisa frå hav til bre. I Solund får du eit uforgløymeleg møte med ein rå og utemma natur. Eit landskap forma av istid og hav, med over 1700 øyar, holmar og skjer kasta ut i havgapet som eit puslespel av stein, stillheit og storm.
Dette er ein plass for den som vil kjenne elementa tett på kroppen. Padle mellom smale sund og flotte svaberg, gå i land på ei øy der du kanskje er den einaste for dagen, eller bli med den lokale postbåten som er ein levande del av kvardagen i øyriket. Turen mellom Solund, Bulandet og Værlandet er kåra til ein av dei vakraste rundturane i landet, og ikkje utan grunn. Her kjem du heilt tett på livet i havet, historia i berggrunnen, og menneska som bur og verkar her ute.
Besøk Utvær med Norges vestlegaste fyr, der havet møter himmelen, og tida står stille mellom steinheller, saltsmak og segn. Gå i land og kjenn på ro og storleik i eitt og same andedrag.
Eller bli med på villsausafari, og opplev korleis dei hardføre sauene held kulturlandskapet ope – eit møte med både natur og tradisjon, fortalt av dei som kjenner kvar tue og knaus.
Solund er ei verd for seg sjølv – ikkje berre geografisk, men i tempo, liv og landskap. Her ute, heilt vest i havet, byrjar det store eventyret. Her byrjar kjensla av å vere langt vekke, men samstundes tett på noko ekte.
Bli med Sognefjord Active på padling og villsausafari i øyriket Solund
Les mer om utvalgte sted og attraksjoner fra FjordKysten og Sunnfjord.
Nordsjøporten
Om du finn Atlanterhavsveien imponerande, har du endå ei storslått oppleving i vente, berre mindre trafikkert, og mindre kjent. Midt i havgapet, godt vakta av den majestetiske Alden, ligg øyane Værlandet og Bulandet på ei snor, vakkert bunde saman av Nordsjøporten sine seks bruer og 5.240 meter veg. Øyriket Værlandet og Bulandet er Norges vestlegaste bebudde samfunn, og er eit fantastisk reisemål for dei som likar sykling, padling, fiske, fotturar, eller berre det å nyte stillheta for seg sjølv.
Det er ikkje til å unngå å sjå den majestetiske Alden, også kalla den Norske hest, når ein reiser med ferga frå Værlandet til Askvoll. Fjellet ruvar 481 meter over havet og er synleg meir enn 100 kilometer til havs. Dette gjer det til eit av dei mest markante seglingsmerka i Fjord Norge. Frå toppen har du utsikt i alle retningar. Fjellturen til Alden er ein fin familietur for fjellvandte barn. Kontakt ditt lokale overnattingsstad i Værlandet eller Bulandet for informasjon om korleis du kjem deg opp på fjellet.
Inne på fastlandet finn du kommunesenteret Askvoll, den naturlege innfallsporten om du kjem sjøvegen. Askvoll byr på spektakulære fjellturar, flotte landevegar perfekt for sykling og det meste av servicetilbod og eit godt utval av lokale butikkar. Vi anbefalar at du tek ein tur opp på Blåfjell for panoramautsikt over mektige hav, fjell og bygder. Overnatt på Askvoll Fjordhotell, og tilbring nokre rolege dagar ved den vakre bygda.
Fjaler – der dikt, djupe dalar og store draumar møtest
Frå kyst og fjell i Askvoll går reisa vidare inn i det grøne landskapet i Fjaler. På berre 20 minutt kjem du til Dale, ein stad der kvardagsliv og kulturarv går hand i hand. Her ligg det vesle kommunesenteret roleg til mellom fossar og dalar.
I Fossedalen ventar ei av dei vakraste og mest stemningsfulle naturopplevingane i heile regionen. Skjult mellom fjell og skog, omgitt av fossefall og gamle stølar, kan du gå i ro og fred, som om du har funne ein løyndom berre du kjenner til.
Ser du opp kan du skimte toppen av Heileberget. Her blir du belønna med eit storslått utsyn over fjord og fjell.
Men Fjaler handlar ikkje berre om landskap, det handlar også om språk og stemme. Ingen fangar det fjordnorske på rim slik Jakob Sande gjorde. På Jakob Sande-senter for forteljekunst kan du gå i fotspora til ein av dei mest folkekjære diktarane våre, og få eit nærare blikk på både diktinga og livet hans.
Fjaler er også internasjonal: Ved fjorden ligg UWC Red Cross Nordic, ein av verdas UWC-skular der ungdom frå heile verda bur, lærer og utforskar.
Og så, når kroppen treng påfyll etter tur eller kultur, ventar ein matoppleving du neppe gløymer: Hos Leonards Forlaavelse får du både varm vertskap og smakar i verdsklasse – servert i eit lokale som i seg sjølv er ei oppleving.
Kystbyen Florø
Like nord for kystkommunane Solund og Askvoll finn du Florø med sin imponerande skjærgard. Med øyane like varierte som dei er vakre har du alle moglegheter for å finne noko som treff ditt hjarte. Vi må likevel trekke fram eit par imponerande syn som vi meiner du ikkje vil gå glipp av.
Øya Kinn
Heilt ute i havgapet finn du den irrgrøne, grasdekte øya Kinn, og alle som har sett storfilmen "dune" veit at Kinnaklova er eit gjenkjenneleg syn frå filmen.
Områda rundt Kinn var det sentrale sildefeltet i Norge i store delar av 1800-talet. På det meste budde det ca. 15.000 menneske her og på omkringliggande øyar i sildesesongen. I dag er det berre nokre få fastbuande på Kinn, ei vakker steinkyrkje frå mellomalderen, og Kinnaklova som står som eit yndig fotomotiv.
Ei reise til Kinn er ei reise du seint vil gløyme.
Vi har samla alt du treng for reisa di til Kinn i lenkene under
Svanøy
Rett sørvest i havgapet, ikkje langt frå Florø, ligg ei grøn perle mange enno ikkje har oppdaga: Svanøy. Klimaet her er overraskande mildt og frodig – ei total endring frå det opne, vêrbitne landskapet du møter ute ved Kinn. På Svanøy veks plantar og tre du knapt trur høyrer heime på Vestlandet. Her finn du subtile spor av noko sørlegare, nesten eksotisk, i både lukt og farge.
Men det er ikkje berre naturen som gjer øya spesiell. Svanøy har ei historie som stikk djupt. Det var her den sagnomsuste vikingkongen Eirik Blodøks blei fødd, og gjennom mellomalderen stod det ei stavkyrkje frå 1100-talet midt i det vesle øysamfunnet. I dag står Olavskrossen, reist alt tidleg på 1000-talet, att som eit stille og mektig vitne om kor viktig denne øya ein gong var.
I tillegg til si sterke historie, tilbyr Svanøy på eit mangfald av kulturelle aktivitetar og opplevingar. Øya er kjend for sine festivalar, konsertar og kunstutstillingar som tiltrekk seg både lokalbefolkning og besøkande.
Eit av høgdepunkta for oppleving er Norsk Hjortesenter, der du kjem tett på dei majestetiske dyra i naturleg habitat. Ei omvisning her er ikkje berre lærerik – det er ei oppleving som grip deg. Etterpå ventar eit måltid du seint gløymer, tilberedt med kjærleik av kokkar som lev og brenn for øya og jobben dei gjer. Sov godt på majestetiske Svanøy Hovedgård, Med sine ærverdige bygninga er dette ein stad der du kan finne roen, kjenne historia i veggane og nyte lokalprodusert mat frå øya og havet rundt.
Småbyidyll i kystbyen Florø
Det er lett å bli forført av dei dramatiske øyane i havgapet, men ikkje gløym at opplevinga startar og endar i Florø. Midt mellom fjord og og vakker kyst finn du eit bysentrum som er minst like fint som øyane rundt. Her kan du vandre gjennom trivelege gater med små butikkar, galleri og historiske bygg, alt med ei roleg og venleg atmosfære som berre ein kystby kan by på.
Ein kort spasertur frå sentrum ligg Kystmuseet i Sogn og Fjordane, der du får eit nært møte med livet langs kysten - både slik det var før, og slik det er i dag.
Her et du godt
Florø byr på fleire gode restaurantar med kortreist mat, og ikkje minst: ein koseleg kafé der du kan smake lokalt handverksbrygg frå Kinn Bryggeri, brygga med lidenskap og tradisjon. Eit ekte uttrykk for både stad og kultur.
Florø er ein stad å senke skuldrene, nyte bylivet i sakte tempo, med havet som næraste nabo og med ei varm mottaking frå dei som bur her. Så neste gong du set kursen vestover: Ikkje berre reis gjennom Florø, bli verande ei stund.
Frå kystby til kystby – vidare nordover til Måløy
Neste stopp: Måløy. Ein by med blikket vendt mot horisonten, der havet ikkje berre er utsikt, men livsgrunnlag, identitet og inspirasjon.
Her ventar Refviksanden med sin kvite, langstrekte strand er dette ein populær stad å nyte vår- og sommardagar. Historieinteresserte bør ta turen innom Måløyraidsenteret, der dramatiske hendingar frå andre verdskrig kjem nært på gjennom autentiske bilete og film frå det legendariske Måløyraidet.
Og så, kanskje den mest ikoniske attraksjonen av dei alle: Kannesteinen. Forma av havet gjennom tusenvis av år er dette eit populært fotomotiv. På vegen må du besøke Vågsberget handel- og gjestgjevarstad, ein av dei best bevarte handel- og gjestgjevarstadene av sist slag langs kysten av Noreg. For dei som ynskjer ei roleg stund, er uteområdet perfekt for ein piknik eller ein spasertur. Vågsberget har også ein kafé som byr på lokale sveler og kaker, og varm eller kald drikke.
For dei som søkjer meir puls i opplevinga, byr kystbyen også på eventyr tett på elementa. Bli med på padling eller coasteering langs den dramatiske kystlinja, der du får utforske skjulte bukter, klatre i klippeformasjonar og kjenne på både mestring og nærkontakt med havets krefter. Det er ein adrenalinfylt måte å oppleve landskapet og deg sjølv på.
Når dagen går mot kveld, og kroppen har fått sitt, er det lite som slår ein pause i saunaen i Vågsvåg. Her kan du nyte varme, ro og utsikt over havet medan du let inntrykka synke inn.
For deg med sans for fyr langs kysten, er Måløy eit godt utgangspunkt. Heile fire fyr set sitt preg på både landskap og historie: den vêrharde favoritten Kråkenes fyr, i tillegg til dei minst like vakre og særprega Ulvesund fyr, Skongenes fyr og Hendanes fyr. Alle med sin eigen atmosfære, og alle verdt eit besøk.
Frå kyst til fjord og hav til bre – inn i hjartet av Sunnfjord
Etter å ha levd med havet tett på, lokkar landskapet deg innover. Bort frå den salte vinden og kvite sandstrender, og inn mot djupare dalar, speilblanke vatn og mektige brear. Her, i Sunnfjord, skiftar rytmen frå bølgesus til elveklukk og frå horisont til høge toppar.
Gå på topptur i ditt eige tempo
I Sunnfjord treng du ikkje vente på vinteren for å gå på topptur. Her finn du alt frå slakke stiar til kvasse ryggar, frodige dalar og brekantar, perfekt for både nybegynnarar og erfarne vandrarar. I mange av fjella kan du gå i timevis utan å møte andre, og kjenne på ei sjeldan form for fridom og nærleik til naturen.
Kunst og kultur rundt kvar ein sving
I Sunnfjord finn du kunst og kulturopplevingar rundt kvar ein sving. Her, i Astrup sitt rike kan du reise til kulturelle høgdepunkt og storslagne historiske stader. Du vert invitert til opplevingar som fortel om verdskjent kunst og kunstnarliv på Astruptunet, Sogn og Fjordane Kunstmuseum og Eikaasgalleriet, i tillegg til å oppleve historiske stader som Sunnfjord Museum og Hestad Kapell, for å nemne nokre.
I FjordKysten og Sunnfjord ligg kulturen i ryggrada vår. Her vil du få ei inspirerande historie, og du vil møte fine folk!
Når vegen er sjølve destinasjonen
Den Nasjonale Turistveg Gaularfjellet går langs ein arm av verdas lengste fjord, Sognefjorden, før den smyg seg opp dei bratte dalsidene mot fjellet. Vegen vidare følgjer det verna Gaularvassdraget som er kjent for sine mange fossefall, men som også har stryk og rolege fjellvatn. Langs delar av vassdraget er det bygd ein fossesti for å gjere dei sjåverdige partia meir tilgjengelege.
Ei fredeleg ferd langs verna vassdrag, fossar og ein stille fjordarm. Her kan barn og vaksne oppleve aurefiske på sitt beste, og vandre på fine stiar langs fossar og stryk. Her er også tilbod om å leige båt og kano, samt gode tilhøve for dei som likar å vandre i fjellet.
Velkomen til FjordKysten og Sunnfjord, velkomen til opplevingar for livet! Her er kvart augeblikk ei oppleving, og du vil bli ein del av vår historie. Utforsk alt det vakre vi har å by på, og la FjordKysten og Sunnfjord inspirere deg til å skape uforgløymelige minne. Go your own way!
Go your own way!
Velkomen til der det framleis er god plass på Vestlandet. Her finn du ro, plass og natur som tek pusten frå deg. Utforsk området vidare.
Finn ut mer