Hopp til hovedinnhold
  • Søk
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
  • Reiseinspirasjon
  • Fjord Norway logo
    Fjord Norway logo
  • Søk
  • Utforsk kart
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
    • Reiseinspirasjon
    • Utforsk kart
Reisetips

Spektakulær overnatting i FjordKysten og Sunnfjord

Sommar, haust, vinter og vår
Sist oppdatert: 21.03.2025
Inne frå ei av hyttene. Hytta er bygd som ein omvendt V og vindauget går frå tak til golv. Det står to blå stolar i front av vindauget, saman med eit lite bord på hjul der det står ein vase med blomar. Senga er i mørke blåfargar og har puter i lilla og brunt. Sengetøyet er mønstra i blå/lilla/gule farger. På enden av senga ligg eit pledd og to handdukar til kvar person (rom for to). Ved hovudenden av senga heng det ei par lamper.
Jølstraholmen|© Visit Fjordkysten og Sunnfjord
Jølstraholmen|© Visit Fjordkysten og Sunnfjord

Våkne til lyden av havet og sovn til suset frå fjella – ei uforgløymeleg overnatting i Vestlandets ville og vakre natur ventar deg.

Kva om sjølve staden du bur på, er den største opplevinga? I FjordKysten og Sunnfjord finn du overnattingar som smeltar saman natur, arkitektur og ro – perfekt for deg som søker noko ekte, annleis og inspirerande. Her ventar ei natt du seint vil gløyme.

Kom heilt tett på naturen i ei Birdbox – ei lita verd for berre dykk to

Gøymt bort frå verda, langt frå kvardagens mas, ligg ei Birdbox – ei luksuriøs og minimalistisk hytte, plassert midt i naturens ro. Her kan de finne dykkar eige, romantiske fristed – tett på vill norsk natur, men med all komforten de treng.

Designa for å gli inn i landskapet, og for å tole alt det norske vêrgudane måtte finne på, gjev denne vesle hytta deg ei heilt spesiell oppleving. Med store panoramavindauge får du naturen rett inn – utan å bli sett. Kjenn på magien når snøen dalar stille ned utanfor, når stormen ruskar i tretoppane, eller når kveldssola badar landskapet i gyllent lys.

Inne ventar ei stor, mjuk seng, lune tekstilar og ei varm, moderne atmosfære – perfekt for å krølle seg saman med ein kopp te og ei god bok. Og når du vil ut av reiret? Då ligg naturen rett utanfor døra. Gå ein tur i fjellet, ta eit friskt bad, eller berre sitt i stilla og pust.

Dette er ikkje berre ei overnatting. Det er ei kjensle. Ei oppleving. Ei påminning om det enkle, det ekte – og det vakre.

Ei dame sit inne med eit vinglas i handa og nyt solnedgangen i vest. Himmelen er gulfarga i vest.
© Birdbox Reksta

Ei natt i naturen, mellom fjord og fjell, kan gi deg meir enn kvile – det kan gi deg ei oppleving for livet.

Birdbox Langeland

Birdbox Langeland

Birdbox Langeland er ei spektakulær overnatting i fantastiske omgjevnader.

Storehesten Panorama

Storehesten Panorama

Sov godt under den mektige Storehesten i ei spektakulær birdbox!

Birdbox Reksta

Birdbox Reksta

Velkomen til Birdbox Reksta, idyllisk plassert på øya Reksta utanfor Florø. Her kan du oppleve kystens råskap frå senga

Senk kvilepulsen – og finn roen på Flatheim

Midt i det ville og vakre landskapet langs Nasjonal turistveg Gaularfjellet ligg Flatheim – eit sjarmerande, lite gardshotell der naturen er tett på og kvardagen kjennest langt unna. Her ventar stillheit, nærleik til elva og fjella, og ei atmosfære som gjev rom for pust, ro og påfyll.

Flatheim byr på overnatting med sjel – i historiske tømmerhus der kvart rom har sitt eige uttrykk, innreia med varme, omtanke og respekt for historia. Rundt tunet finn du ein frodig hage med blomar og nyttevekstar, og like ved renn det glitrande Gaularvassdraget – ein stille følgesvenn du både kan bade i, fiske i, og følgje på vakre vandringar langs Fossestien. Her byr naturen på sitt beste, året rundt.

Om du vil starte dagen med ein topptur rett frå tunet, eller avslutte den med eit forfriskande elvebad og ein varm badestamp under open himmel – så ventar Flatheim med opne armar.

Himmelseng
© Flatheim

Glamping ved elva – det gode, enkle liv

For deg som drøymer om endå tettare kontakt med naturen, tilbyr Flatheim glamping i luksuriøse telt ved elvekanten. Her søv du til lyden av sildrande vatn, vaknar til fuglesong, og lever sakte – heilt i pakt med naturen.

Flatheim

Flatheim

Senk kvilepulsen med overnatting i historiske og unike rom. Tett på naturen, fjellet, elva, lyset og lydane, midt i det vestnorske fjell- og fjordlandskap.

Elvasuite på Jølstraholmen – luksus ved elvesus

Tett på den ville og vakre Jølstra, gøymd mellom tre og elvestryk, ligg dei unike Elvasuitene – ein draum for deg som lengtar etter ro, romantikk og ei oppleving heilt utanom det vanlege. Her kan du senke skuldrane, lytte til elvesusen og nyte naturen frå første rad – utan å gi avkall på komfort.

Kvar suite er eit lite paradis, utstyrt med stor, mjuk seng, hengekøye og gode stolar der du kan la tida stå stille – med ei bok, ein god samtale, eller eit glas kald sider frå kjøleskapet. Suitene ligg skjermt frå kvarandre og frå resten av campingområdet, slik at du verkeleg får fred og ro.

Elvasuite 1.0

Her ventar ei spektakulær regndusj – kalla Jølstrafossen – som fell frå 270 cm takhøgd. Utsikta følgjer deg heilt inn i badet, og ute ventar ditt eige vedfyrte badekar, med same magiske utsyn. Ein draum både for kropp og sjel.

© Visit Fjordkysten og Sunnfjord
Elvasuite 2.0

Ei vidareutvikling av luksusopplevinga, med eige spa-bygg og eit romsleg badekar der du kan nyte varmen og utsikta på same tid. Her får du den ultimate spa-følelsen – i eitt med naturen.

© Visit Fjordkysten og Sunnfjord
Elvasuiten på Jølstraholmen

Elvasuiten på Jølstraholmen

Ved den vakre elva Jølstra finn du eit av Vestlandets mest unike overnattingsstader.

Er du eventyrlysten? Ta eit forfriskande bad i det krystallklare naturbassenget ved elva, før du varmar deg opp igjen i den innbydande badstova. Dette er ei oppleving som pirrar sansane – og senkar pulsen.

Tre jenter sit i badstua. Badstua har vindauge frå tak til gulv så du har fin utsikt til elva.
© Visit Fjordkysten og Sunnfjord
Sauna på elvakanten - Jølstraholmen

Sauna på elvakanten - Jølstraholmen

Nyt ein dampande sauna og eit friskt elvabad på Jølstraholmen.

Finn fleire overnattingsstader i FjordKysten og Sunnfjord her

Bli inspirert til reisa di

Buldrande, ville og vakre – fossane i Sunnfjord du ikkje vil gå glipp av!

Buldrande, ville og vakre – fossane i Sunnfjord du ikkje vil gå glipp av!

Sunnfjord byr på ei rekkje ville, vakre og majestetiske fossefall, der naturkreftene verkeleg kjem til sin rett. Frå brusande kaskadar til elegante vassløp som slyngjer seg ned fjellsidene – her finn du naturopplevingar som tek pusten frå deg. Vi gir deg fantastiske fossar du kan oppleve på nært hald!

FjordKysten og Sunnfjord: Eit paradis for fiskeentusiastar

FjordKysten og Sunnfjord: Eit paradis for fiskeentusiastar

Fjordkysten og Sunnfjord tilbyr ein av dei rikaste og mest varierte ferskvassfiskeopplevingane i Norge. Omringa av dramatiske fjell og djupe skogar, finn fiskeentusiastar ei rekke artar i krystallklare vatn.

Ferdast trygt i FjordKysten og Sunnfjord

Ferdast trygt i FjordKysten og Sunnfjord

Uansett om du ferdast i fjellet, på sjøen eller på ski, er det viktig å vere forberedt og ha nødvendig kunnskap om risiko og sikkerheit. Ved å følge reglane og råda frå pålitelige kjelder som Fjellvettreglane, Sjøvettreglane og sikkerheitstiltak for toppturar, kan du sikre deg sjølv og dine medreisande ein trygg og minnerik tur i dei vakre landskapa i Fjordkysten og Sunnfjord.

Ei nær livet oppleving

Ei nær livet oppleving

FjordKysten og Sunnfjord inviterer deg hit, ikkje berre for å utforske, men kanskje mest for å kjenne at du lever.

  • Bildebank
  • Kurs og konferanse
  • Bransje
Fjord Norways sekundærlogo
Om Fjord NorgeOfte stilte spørsmålPersonvernRegistrer arrangement