Hopp til hovedinnhold
  • Søk
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
  • Reiseinspirasjon
  • Fjord Norway logo
    Fjord Norway logo
  • Søk
  • Utforsk kart
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
    • Reiseinspirasjon
    • Utforsk kart
Natur og attraksjoner

Ei nær livet oppleving

Sommar, vår og haust
Sist oppdatert: 10.04.2025
Laukelandsfossen|© Lillian Herland
Laukelandsfossen|© Lillian Herland

FjordKysten og Sunnfjord inviterer deg hit, ikkje berre for å utforske, men kanskje mest for å kjenne at du lever.

Her er det rom for deg. Nær kultur og natur. Nær livet

Brebygda Jølster

Forma av vatnet i evig rørsle ligg bygda Jølster under breen som ein juvel. Når du set stegjernet i isen, kviler ryggen mot ein varde eller fører kajakken stilt langs stranda. Når du dreg, legg snøen seg i spora dine, lyngen røyser seg der du kvilde, vinden stryk ut ringane i vatnet etter åretaka.

Jostedalsbreen er den største isbreen på det Europeiske fastlandet. I Jølster kan du sjå Jostedalsbreen både frå E39 i Kjøsnesfjorden, og i Stardalen. I 1890 vedtok Den Norske Turistforeining å tilsetje førarar med patent på visse ruter over Jostedalsbreen. Etter dette har det vore fleire patentførarar i Jølster for rutene Lunde til Fjærland, og frå Fonn i Stardalen til Veitastrond. Frå gamalt av gjekk folk nødig på breen. Framover på 1800 talet voks trafikken både i form av drifting av kveg, menn på friarferd, eller om ein skulle besøkje nabogrender i bryllaup eller barnedåp. Turistane tok til å vandre på breen på slutten av same hundreår. Berre i Jølster vert desse patentførartradisjonane vidareført i form av dagsturar med erfarne breførarar på Haugabreen.

Å gå i taulag på isbreen er ei unik og spennande oppleving for store og små. Ønskjer du deg ein tur på breen, bruk lokalkjend guide. Bre og Fjell har guida turar på Haugabreen.

Brevandring på Haugabreen

Brevandring på Haugabreen

Lag feriedagen til eit eventyr i blåisen på Haugabreen! Haugabreen er ein lett tilgjengeleg brearm i Jostedalsbreen Nasjonalpark. Ein perfekt bretur for heile familien.

Øyhopping blant dei vestlegaste øyane i Norge

Kom tett på det spektakulære landskapet i Solund med tusenvis av øyer, holmar og skjær. Solund ligg ytst i Sognefjorden og har ei vakker urørt natur. Her finn du blant anna dei beste padleopplevingane Norge har å by på.

Med tusenvis av øyer, holmar og skjær er det også eit ruvande øyliv i øyriket. Den lokale postbåten binder øysamfunnet saman ved å levere post og transportere fastbuande frå ein øy til ei anna. Om sommaren kan du vere med på øyhopping med den lokale postbåten frå Solund til Bulandet og Værlandet.

ei dame sitter og soler seg i båten. bak ho er båten i fart og lagerbølger
© Visit FjordKysten og Sunnfjord

Frå Hardbakke går turen stort sett i roleg farvatn, og ein passerer tronge sund og mange små øyskattar. Her kjem ein tett på natur og dyreliv - nise, kobbe og havørn er ikkje uvanlege syn på turen!

Postbåten stoppar der det er postlevering eller passasjerar. Siste stopp på den ordinære postruta er det idylliske fiskevêret Gåsvær, ein gammal handelsstad. Her får ein moglegheit til å gå i land, og kjøpe seg kaffi eller noko å bite i.

Etter eit stopp på Gåsvær går båten vidare til øysamfunna Bulandet og Værlandet. Her, midt i havgapet, godt vakta av den majestetiske Alden ligg øyane som perler på ei snor, vakkert bunde saman av 6 bruer og 5.240m veg.

Lundsholet

Øyhopping med postbåten - Solund, Bulandet, Værlandet

Bli med den lokale postbåten på øyhopping til Solund, Bulandet og Værlandet - ein flott rundtur blant dei vestlegaste øyene i Norge.

Dei beste padleopplevingane Norge har å by på

Det er noko magisk med å kjenne den friske havlufta mot huda medan du padlar. I kvart padletak vil du føle deg nærmare naturen og kanskje også meir levande enn nokon gong. Det er i desse augeblikka vi kjenner oss ikkje berre som tilskodarar til naturen, men som ein del av den - ein del av noko større enn oss sjølve.

Langs FjordKysten og Sunnfjord kjem du tett på naturen når du padlar mellom holmar, skjær, lune viker og kvite strender. Med kvart åretak kjenner du deg meir og meir forent med naturen rundt deg. Her er det lett å la seg rive med av den kraftige kjensla av fridom som berre kajakkpadling kan tilby.

Tusenvis av holmar og skjer gjer dette til eit padleparadis

Kystkulturpadling i Solund - Sognefjord Active

Bli med på kystkulturpadling frå Hardbakke. Her kan du lære meir om lokalhistorie, geologi og dyreliv

Bli med på guida kajakktur frå Kalvåg

Kystkajakktur frå Kalvåg med Norway AdvenTURes

Bli med på en 3-timers guidet kajakktur med Norway Adventures fra Kalvåg, Bremanger. Moro for hele familien og nybegynnervennlig.

Personer smiler og padler i kajakk i Solund
© Visit FjordKysten

Padle mellom tusenvis av holmar og skjer

Lengst vest i landet ligg øysamfunna Solund, Bulandet og Værlandet med over 2000 øyer, holmar og skjer. Her er vegen kort ut til storhavet, samtidig som øyane gir ly for vind og bølgjer.

Lenger nord, mellom krittkvite strender og stupbratte fjell ligg Måløy. Frå kajakken kan du oppleve gamle handelsstadar, eit rikt dyreliv og strender som strekkjer seg langs kysten. Dei fangar solstrålane og maler ein uimotståeleg kontrast mot det djupe blå havet og dei mektige fjella som reiser seg opp i bakgrunnen.

Kajakk med Sjøbris Adventure

Padle langs krittkvite strender - Sjøbris Adventure

Bli med Sjøbris Adventure på ei roleg padleferd langs urørd kyst, der havet møter mjuke, kvite sandstrender. Dette er ei unik oppleving som gir rom for å senke tempoet, puste djupt og finne att kontakten med naturens ro.

På Kjøsnesfjorden kan du padle mellom Jølster sin ville natur og brear. Å reise til Jølster er som å reise inn i Nikolai Astrup sitt rike. Det vakre Jølstravatnet strekkjer seg som ei blå kjelde gjennom dei tolv grendene, og gir deg ein eventyrleg padletur. Klarer du å skimte motivet av det kjente måleriet “Kollen” medan du padlar?

kajakk padler mellom bratte fjell

Kvåleskajakk

Kom til Skei i Sunnfjord og ta introkurs eller grunnkurs for å kunne padle på bølgane blå. Guida tur til Kjøsnesfjorden med sin ville natur og breer.

kajakk padler mellom bratte fjell
© Lillian Herland

Spektakulær overnatting

Kom tett på naturen i ein luksuriøs Birdbox - eit romantisk gøymestad som ligg perfekt plassert avsides, på sin eigen veg. Du kjem ikkje tettare på naturen enn dette! Birdbox er eit prefabrikkert rom som er designa for røffe, norske forhold, og skal gje ly og komfort. Ideen bak ein Birdbox er at den skal vere liten og lett nok til å kunne plasserast på unike stader med minimalt inngrep i naturen. Her vil du få spektakulær utsikt og naturopplevingar i romantisk atmosfære.

Birdbox

Birdbox Reksta

Birdbox Reksta

Velkomen til Birdbox Reksta, idyllisk plassert på øya Reksta utanfor Florø. Her kan du oppleve kystens råskap frå senga

Storehesten Panorama

Storehesten Panorama

Sov godt under den mektige Storehesten i ei spektakulær birdbox!

Birdbox Langeland

Birdbox Langeland

Birdbox Langeland er ei spektakulær overnatting i fantastiske omgjevnader.

På Flatheim kjem du tett på naturen, fjellet, elva, lyset og lydane, midt i det vestnorske fjell- og fjordlandskapet. Det lille gardshotellet ligg på den Nasjonale Turistvegen over Gaularfjellet, og er det perfekte utgangspunkt for deg som ønskjer å utforske vill og vakker natur.

Flatheim

Flatheim

Senk kvilepulsen med overnatting i historiske og unike rom. Tett på naturen, fjellet, elva, lyset og lydane, midt i det vestnorske fjell- og fjordlandskap.

Glamping

Skulle du ønskje ei litt annerleis overnatting, primitiv luksus og endå meir nærleik til naturen, så kan du overnatte i glampingtelt på elvekanten. Glamping på Flatheim er det gode liv. Elva og naturen skapar den perfekte ramma for ei natt ute i det fri.

© Visit Fjordkysten og Sunnfjord

Jølstraholmen

Med den ville og vakre elva Jølstra lokalisert like ved finn du dei populære elvasuitene som har tatt Instagram-verda med storm! Her ligg to spektakulære hytter, godt gøymt for kvarandre og andre campingturistar. Kvar elvasuite byr på luksus og sjarm, og er utstyrt med ein stor, mjuk seng, hengekøye og stolar der du kan nyte lyden av elvesus i fred og ro, og eit kjøleskap som held sideren kald til du kjem. Føla du deg litt vågal kan du bade i naturbassenget som ligg like ved Elvasuiten. Etterpå kan du nyte ein deilig varm sauna.

Jølstraholmen

Elvasuiten på Jølstraholmen

Elvasuiten på Jølstraholmen

Ved den vakre elva Jølstra finn du eit av Vestlandets mest unike overnattingsstader.

Jølstraholmen

Jølstraholmen

Omgitt av elvar, isbrear og turvennlege fjell, er Jølstraholmen den perfekte plassen for eit aktivt med likevel avslappande opphald, i kontakt med naturen.

Sauna på elvakanten - Jølstraholmen

Sauna på elvakanten - Jølstraholmen

Nyt ein dampande sauna og eit friskt elvabad på Jølstraholmen.

Fiske

Langs Noregs dramatiske kystlinje finn du fiskarens paradis. Her er fiskeri ein del av vår kulturarv. Ein stad der fiskinga er meir enn berre ein hobby,ein lidenskap som lever og andar gjennom generasjonar.

Når morgondisen lettar og sola byrjar å skine over det rolege havet, legg fiskarane ut på sine eventyr. Det er noko magisk med å kaste ut snøret og vente i spenning medan bølgane vuggar båten, som gir ein kjensle av ro og tilfredsheit.

Det er i desse augeblinka at ein verkeleg forstår magien som finst langs kysten av Noreg. Ei kjensle av fridom og eventyr som ikkje kan opplevast andre stadar.

Eit av Europas beste fiskevatn

Jølstravatnet er eit av Noregs beste fiskevatn, og her er det mogleg å fiske med stang heile året. Er du aurefiskar, skal du leite lenge etter meir bitevillig aure enn her.

Person fisker med garn
© Lillian Herland

I starten av juni kan du bli med på den årlege fiskekonkurransen i Jølster. Jølster Aurefest strekkjer seg over tre dagar og har vore arrangert sidan 2014. Inspirasjonen og bakgrunn for arrangementet, går heilt tilbake til Fiskekonkurransen i 1958. Her er det flotte premiar å vinne!

Jølster Aurefest

Jølster Aurefest

Jølster Aurefest er ein årleg fiskekonkurranse over tre dagar og har vore arrangert sidan 2014. Inspirasjonen og bakgrunn for arrangementet, går heilt tilbake til Fiskekonkurransen i 1958.

Hugs fiskekort for å fiske i elv og vatn

Flekke- og Guddalsvassdraget

Ved Hellebustfossen har du moglegheiten for storfangst av laks. Hellebustfossen ligg ved Flekke- og Guddalsvassdraget i Fjaler og by på både laksefiske og andre flotte naturopplevingar.

Nausta, ei av landets beste lakseelver

Nausta, kjent som ei av landets beste lakseelver og finaste vassdrag, og har utløpet sitt i Førdefjorden. Ho er lakseførande i 12 kilometer. Elva renn gjennom eit jordbruksområde, og er omkransa av ein variert og fin natur. Ho er ei typisk flomelv, der vasstanden kan variere mykje på kort tid.

Les meir om fiskeparadiset FjordKysten og Sunnfjord

Dei vakraste sykkelperlene

For deg som føretrekk å halde deg på fast grunn anbefaler vi å finne kvilepulsen på sykkelsetet. Her vil du vere omgitt av mektig natur, eit vakkert kystlandskap, kraftfulle fossar og majestetiske fjell - eit sceneri som samlar ingredienser for ekte magi.

Sykle mellom små grendesamfunn, oppleve ein variasjon av fjordlandskap og landlege omgjevnader, reis på øyhopping mellom dei mange øyane, nyt småbyidyll og kjenne den kraftfulle energien fossane i Sunnfjord gir deg.

Finn din sykkeldestinasjon

Go your own way!

Kan du kjenne vinden frå vest? Dei ville bølgene, speilblank fjord, og stilla berre over ein topp – ventar på deg. Gå din eigen veg. Frå hav til bre – i eit landskap så vilt og vakkert at du må stoppe opp.

Finn ut mer

Finn meir inspirasjon her

Ein stad ikkje alle veit om - enno!

Ein stad ikkje alle veit om - enno!

FjordKysten og Sunnfjord er ei skjult perle lengst vest i Norge, og vi er klar for å dele den med deg

Spektakulær overnatting i FjordKysten og Sunnfjord

Spektakulær overnatting i FjordKysten og Sunnfjord

Våkne til lyden av havet og sovn til suset frå fjella – ei uforgløymeleg overnatting i Vestlandets ville og vakre natur ventar deg.

Kultur og historie bak neste sving!

Kultur og historie bak neste sving!

I FjordKysten og Sunnfjord kan kvar omveg føre deg til den neste store overraskinga eller uventa opplevinga.

Havets dynamikk

Havets dynamikk

– Naturen generelt, og havet spesielt, har en sterk terapeutisk virkning på oss, sier yogainstruktør Rutt-Lovise Strand.

  • Bildebank
  • Kurs og konferanse
  • Bransje
Fjord Norways sekundærlogo
Om Fjord NorgeOfte stilte spørsmålPersonvernRegistrer arrangement