Hopp til hovedinnhold

Regionen viser deg veg til kulturelle høgdepunkt og storslagne historiske stader. Her blir du invitert til opplevingar som fortel om verdskjent kunst og kunstnarliv, vikinghistorie og lokale mat- og drikkeopplevingar.

Kulturen ligg i ryggrada vår!

I Jølster kan du oppleve kunsten til Nikolai Astrup. Her skapte han nokre ikoniske portrett av bygda si. Besøker du Astruptunet kan du kjenne på korleis du sjølv vert påverka av omgjevnadene.

Gulatinget ved Eivindvik kan med rette kallast det norske demokratiet si vogge, som det eldste og største regionaltinget i Noreg. Gulatingslova er den eldste bevarte lova i Norden. I det flotte parkområdet kan du få omvising og vandre mellom majestetiske kunstverk.

Bli med på steineventyret i Kvernsteinsparken i Hyllestad, eit utandørsmuseum i dei største steinbrota frå vikingtida og mellomalderen i Skandinavia, populært hos både små og store utforskarar. Hos Viking Footprints i Hyllestad kan du få ein smak av livet i vikingtida. Her kan du utforske vikinghagen, lære om planter og gardsliv i vikingtida, prøve historiske handverkasteknikkar, øksekasting og mykje meir.


Herskapelege opplevingar

Omkransa av fossefall og bratte lier er Dalsfjorden ei skjult perle. Her er det ei rik vikinghistorie, men også eit vell av andre fortellingar og attraksjonar.

Hos Leonards Forlaavelse kan du oppleve lokal mat og drikke, eller handle interiør, ost og lokal mat og drikke og blomar. Eller kva med eit besøk til herskapelege Lillingstoneheimen eller på heimstaden til den kjente norske diktaren Jakob Sande i Dale?


Opplevingar i Dalsfjorden

Sunnfjords “skjulte perle”

På Svanøy Hovedgård på Svanøy like sør for Florø kan du overnatte i herskapelege omgjevnader. Du kan også reise på dagstur hit frå Florø for omvising og lunsj.

Historisk sus frå hav til bre

Finn fleire spennande historiske attraksjonar

Finn meir inspirasjon her