Hopp til hovedinnhold
Bestill

Guidar tek deg gjennom den staslege hovudbygningen og den innhaldsrike krambua, der du kan få eit glimt av dagleglivet frå fortida.

Vågsberget er ein av dei best bevarte handel- og gjestgjevarstadene av sist slag langs kysten av Noreg. Her kunne dei reisande få seg ei trygg hamn og ei seng å sove i. Vågsberget låg godt plassert i nærleiken av det gode fiske rund Toskangerpollen og Vågsvågen, og var difor ein viktig aktør i foredling og vidareforedling av fisk.

For dei som ynskjer ei roleg stund, er uteområdet perfekt for ein piknik eller ein spasertur. Driftsbygningen huser kunst- eller kulturhistoriske utstillingar og nokre kulturarrangement gjennom sesongen. Vågsberget er ein stad der tradisjon og historie møtast, og der både store og små finn noko å glede seg over.

Familieaktiviteter:

På Vågsberget kan familien delta på bingojakt i fjæra. Du kan låne bøtte og håv i resepsjonen, og leite etter artane i bingoheftet. Klarar du å finne alle – så vert det premie på alle små utforskarar!

Omvising:

Alle besøkande på museet vil få tilbod om omvising av vår museumsvert, og du kan få ei minnerik reise gjennom historia i den staselege hovudbygningen og den innhaldsrike krambua.

Mat og drikke:

Vågsberget har kafé som byr på lokale sveler og kaker, og varm eller kald drikke. Vi har laktose og glutenfritt alternativ. Nyt ein kopp kaffi medan du nyt det flotte uteområdet med parkanlegg, strand og sanitærbygg.

Sesong og opningstider:

Museet er ope i sommarsesongen frå 18. juni til 17. august. Besøk nettsida for informasjon om opningstider.

Tilrettelegging:

Det er tilrettelagt for rullestol i driftsbygningen, men i våningshuset og krambua har høge dørterkslar og trapper.

Tilkomst

Vågsberget ligg 5 km frå Måløy sentrum, Følg skiltinga mot Kannesteinen og Vågsberget.

Det er mykje anna og gjere når du tek turen til Vågsberget. Ta gjerne turen til attraksjonen Kannesteinen 5 km frå Vågsberget, og ikkje minst Måløyraidsenteret i Måløy for å lære meir om dei allierte sitt angrep på tyske styrker som var stasjonerte i Måløy under 2.verdenskrig.

Musea i Sogn og Fjordane

Se alle tilbudene til Musea i Sogn og Fjordane

Tider

Opningstid 19. juni - 17. august

Mandag:
Stengt
Tirsdag:
Stengt
Onsdag:
Stengt
Torsdag:
12:00–17:00
Fredag:
12:00–17:00
Lørdag:
12:00–17:00
Søndag:
12:00–17:00

Priser

Vaksen:
NOK 130
Born 0-17 år:
Gratis
Student/honnør:
NOK 100
Årskort:
NOK 430
Museumspass (sesongkort 2 mnd.):
NOK 240

Kontakt

Adresse:
  • Vågsberget 5
  • 6700 Måløy
Telefon:
+47 982 69 854
E-post:
ksf@misf.no
Nettside:
misf.no/vaagsberget

Fasiliteter

Toalett:
Barnevennlig:
Tilrettelagt for bevegelseshemmede:
Kafé:
Guiding tilgjengelig:
Parkering:
Souvenirer/butikk:
WIFI/Internett:
Sesong:
  • Sommer

Hvor er Vågsberget handel- og gjestgjevarstad