Hopp til hovedinnhold
  • Søk
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
  • Reiseinspirasjon
  • Fjord Norway logo
    Fjord Norway logo
  • Søk
  • Utforsk kart
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
    • Reiseinspirasjon
    • Utforsk kart
Natur og attraksjoner

Lihesten; Frå djupe dalar til majestetisk landemerke

6 timar5.3 Sommar, vår og haust
Sist oppdatert: 17.04.2025
Lihesten i Hyllestad
Lihesten i Hyllestad

For om lag 400 millionar år sidan låg Lihesten i botn av ein djup dal, høgt oppe i den Kaledonske fjellkjeda. Les historia om når Lihesten gjekk frå å ligge i dei djupe dalar til å bli eit majestetisk landemerke på kysten av Fjord Norge

For om lag 400 millionar år sidan låg Lihesten fleire kilometer lengre aust, i botn av ein dal, høgt oppe i den kaledonske fjellkjeda. Denne fjellkjeda vart danna som følge av kollisjonen mellom det amerikanske ur-kontinentet og det europeiske kontinentet. Den kaledonske fjellkjeda var minst like høg som dagens Himalaya, og dalen som vi kan kalle Lihest-dalen, låg truleg 7-8000 meter over havnivået.

Fjella som låg rundt dalen var ustabile, og steinskred frå dei bratte dalsidene var vanleg – noko vi også kjenner att frå dagens fjellandskap, særleg på Vestlandet. Alt skredmaterialet samla seg etter kvart i botn av Lihest-dalen. I dalbotn kunne ein mest truleg finne både elvar og innsjøar. Elvane slipte steinane slik at dei vart meir avrunda. Desse vart til slutt grava ned av nye ras som gjekk gjennom same «slipeprosess».

Lihesten spegla i sjøen
© Lillian Herland

Stratigrafisk tjukne på over 14 kilometer

Den kaledonske fjellkjeda var som nemnt svært høg, og prosessar djupt nede i mantelen førte til at fjellkjeda etter kvart kollapsa – truleg fordi fjella vart for høge. Dette er ein geologisk prosess vi óg ser i dagens Himalaya, der mellom anna det tibetanske platået sekk ned nokre millimeter per år.

Hyllestad låg på den tida djupt nede i jordskorpa, og mineralsamansettinga i den såkalla Hyllestadskiferen indikerer at den vart danna på eit skorpedjup på 60 – 80 kilometer. Sjølv om ordet «kollaps» kan gje eit inntrykk av noko som skjer raskt, er dette ein prosess som tek mange millionar år.

For Lihest-dalen førte denne kollapsen til at heile dalen glei nedover langs ein stor brotsone kalla Nordfjord-Sogn-lausrivningssona. Denne lausrivningssona danna eit plan, truleg på austsida av dalbotn. Sjølv om dalen sank med nokre millimeter til centimeter per år, haldt steinskreda frå fjella rundt fram, og elvar og innsjø følgde med i den langsame nedstigninga. Til slutt hamna Lihest-dalen i det som i dag er ein del av Hyllestad, og Lihesten-konglomeratet er rekna til å ha ei stratigrafisk tjukne på over 14 kilometer!

fjelltur til lihesten. ei jente står og smiler med hendene ute

Topptur til Lihesten

Opplev eitt av dei mest markante landemerka langs Fjordkysten og Sunnfjord! Dette landemerke og samlande symbolet for Hyllestad er eit populært turmål

I dag er ikkje Lihesten ein dal, men ein majestetisk fjelltopp. Og om du ser nøye etter kan du skimte ei linje som skrår mot vest under konglomeratet, og som skil området med vegetasjon frå det nakne fjellet. Denne linja er ein del av den store brotsona som Lihest-dalen glei langs. Det er også tydelege spor av Nordfjord – Sogn-lausrivingssona både under Stigfjellet på Losna, og under Kvamshesten – også kalla Storehesten.

Her kan du vandre i timesvis
Her kan du vandre i timesvis

Eit lite stykke Amerika

Lihesten-konglomeratet ligg faktisk over ein rest av det gamle amerikanske ur-kontinentet, så med andre ord – ein meir kortreist tur til det amerikanske kontinentet får du ikkje!

Lihesten-konglomeratet, som vart avsett i ein dal fleire tusen meter over havet, ligg i dag berre nokre få hundre meter frå bergartar som vart danna på eit skorpedjup på 60-80 kilometer. At desse einingane no ligg så tett kvarandre kan vi takke Nordfjord-Sogn-lausrivingssona under Lihesten for.

Teksten er skrevet av FjordKysten Regional- og Geopark, ein Unesco Global Geopark
Finn overnatting i Hyllestad

Få meir inspirasjon frå FjordKysten og Sunnfjord

Toppturar som tek pusten frå deg!

Toppturar som tek pusten frå deg!

Ja, utsikta vil garantert ta pusten frå deg! Kva med å utforske nye, kanskje mindre kjente fjellturar – utan trengsel?

FjordKysten og Sunnfjord: Eit paradis for fiskeentusiastar

FjordKysten og Sunnfjord: Eit paradis for fiskeentusiastar

Fjordkysten og Sunnfjord tilbyr ein av dei rikaste og mest varierte ferskvassfiskeopplevingane i Norge. Omringa av dramatiske fjell og djupe skogar, finn fiskeentusiastar ei rekke artar i krystallklare vatn.

Ei nær livet oppleving

Ei nær livet oppleving

FjordKysten og Sunnfjord inviterer deg hit, ikkje berre for å utforske, men kanskje mest for å kjenne at du lever.

Ein stad ikkje alle veit om - enno!

Ein stad ikkje alle veit om - enno!

FjordKysten og Sunnfjord er ei skjult perle lengst vest i Norge, og vi er klar for å dele den med deg

  • Bildebank
  • Kurs og konferanse
  • Bransje
Fjord Norways sekundærlogo
Om Fjord NorgeOfte stilte spørsmålPersonvernRegistrer arrangement