Joker Værlandet har sykkelutleige til alle som ønskjer å sykle mellom Værlandet og Bulandet, og systemet er ganske enkelt:
Hent sykkelen du ønskjer å leige hos enten Joker Værlandet eller Joker Bulandet og utforske øysamfunna frå sykkelsetet. Når du er fornøgd med dagen kan du enten levere sykkelen inn att hos Joker Værlandet, eller hos Joker Bulandet, uavhengig av kor du plukka den opp.
Opningstider hos Joker Værlandet
Joker Værlandet er ein delvis fjernbetjent butikk, og har ope måndag - laurdag frå 07.00 - 23.00. i same lokale finn du jungeltelegrafen - ein lokal kafé som har utsal av kaffi, bakst og dagens middag.