Joker Bulandet har sykkelutleige til alle som ønskjer å sykle mellom Bulandet og Værlandet, og systemet er ganske enkelt:
Hent sykkelen du ønskjer å leige hos enten Joker Værlandet eller Joker Bulandet og utforske øysamfunna frå sykkelsetet. Når du er fornøgd med dagen kan du enten levere sykkelen inn att hos Joker Værlandet, eller hos Joker Bulandet, uavhengig av kor du plukka den opp.
Du kan leige sykkel frå Joker Bulandet gjennom dagen, heile året - uavhengig av opningstidene til butikken. Du kan betale i butikk, eller på vipps.