På Brasserie 59° møtest sør-amerikansk inspirasjon og kortreiste råvarer i ei moderne og kvalitetsrik matoppleving. Her står gode smakar, ei avslappa stemning og ei særprega atmosfære i sentrum.
Den lokale og moderne vrien skaper ei kjensle av å kome til ei ny verd – ei verd med varm og uformell stemning, der det er like naturleg å ta ein liten matbit og eit glas drikke som å nyte ein heilaftan med à la carte. Du kan òg finne roen med ein smårett og ei god bok.
Brasserie 59° ønskjer velkomen til både hotellgjester og deg som berre vil stikke innom for ei god mat- og drikkeoppleving.
