Hopp til hovedinnhold

Sjokolade med utsikt og sjel

Geiranger Sjokolade er verdas første sjokoladefabrikk i eit naust – plassert i Holenaustet, midt i den bilfrie gågata i Geiranger sentrum. Her ligg kafé og sjokoladebutikk på gateplan, medan sjokoladeproduksjonen skjer i naustkjellaren, med utsikt mot fjorden og fjella.

Varemerket er «fjordnær», og det er ikkje tilfeldig. Her blir alt laga frå grunnen, utan konserveringsmiddel eller tilsetjingsstoff. Sjokoladen er ekte handverk – kutta for hand, ikkje forma i støypeform – for å gi eit så tynt lag som mogleg og mest mogleg smak i kvar bit. Fyllet blir laga frå grunnen med lokale råvarer når det er mogleg – kombinert med spennande smakar frå heile verda.

Smakfull pause i kaféen

Ingenting slår ein handlaga sjokoladebit saman med nykverna kaffi – eller ein kopp rykande varm kakao med mørk, lys eller kvit sjokolade. Du kan òg smake vår populære «Chocomania», med alle tre sjokoladetypane i éi og same kopp. Vil du ha eit ekstra kick? Prøv ein topp med chili!

Kaféen har eigen konditor, og tilbyr heimebaka søtsaker som brownies, biscotti, sjokoladekjeks, ostekake og nysteikte vaflar. Perfekt for ein pust i bakken etter ein dag i Geiranger.

Sjokoladefabrikken

Har du lyst til å sjå sjokoladen bli til? I naustkjellaren tilbyr Geiranger Sjokolade omvising på førespurnad. Du kan få eit innblikk i produksjonen, lære meir om råvarer og prosessar, og for grupper tilbyr dei òg smaksopplevingar med djupdykk i sjokoladeverda.

Når er Geiranger Sjokolade ope?

Geiranger Sjokolade held ope i turistsesongen frå mai til oktober. Opningstidene varierer frå månad til månad, så sjekk Facebook-sida for oppdatert informasjon.

  • Trip Advisor logo
  • Facebook logo
  • Instagram logo

Kontakt

Adresse:
  • Holenaustet
  • 6216 GEIRANGER
Telefon:
+47 967 25 205
E-post:
bengt@geirangersjokolade.no
Nettside:
www.geirangersjokolade.no

Fasiliteter

Lokalmat:
Sesong:
  • Høst
  • Vår
  • Sommer

Hvor er Geiranger Sjokolade - Kafé og Servering