Hopp til hovedinnhold
  • Søk
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
  • Reiseinspirasjon
  • Fjord Norway logo
    Fjord Norway logo
  • Søk
  • Utforsk kart
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
    • Reiseinspirasjon
    • Utforsk kart
Bygder og steder

Geiranger

Dei færraste kan freiste med ein så vakker og urørt natur. Geirangerfjorden står på den prestisjefulle UNESCO-lista over verdas kultur- og naturarvstader.

Missing alt text
© Oddgeir Visnes/ visitalesund.com

Dagsturar i Geiranger

Geiranger har noko for alle - heile året. Her finn du eit lite utval av alt det spennande du kan finne på. PS! Husk å ta pause med god mat og drikke!

I 2005 vart Geirangerfjorden, som ein del av Vestnorsk fjordlandskap, teken inn på UNESCOs verdsarvliste. Fjordlandskapet, med dei særeigne klimatiske og geologiske tilhøva, vert rekna som eitt av dei vakraste og mest fjordområda på kloden. I tillegg finn ein restar av eldre gardsbruk og stølar av stor kulturell verdi. Store delar av Geirangerfjorden og omegn er landskapsvernområde, og Noreg har også forplikta seg til å verne og ivareta verdsarvområdet for komande generasjonar.

Oppdag det ikoniske UNESCO verdsarvområdet Geiranger til fots, "til fjords", eller kvifor ikkje med ein snerten liten elektrisk Twizy-bil? Bestill gjerne eit fjordcruise eller ein guida tur til fots, med kajakk eller RIB, så får du ekstra godt utbytte av opphaldet ditt i denne bygda som har teke imot turistar sidan 1869 då det første turistskipet segla inn fjorden. Dei gjestfrie innbyggarane byrja allereie då med å frakte kongelege og andre turistar til utsiktspunkt med hest og kjerre, og seinare, med flotte, opne bilar. For hundre år sidan var det faktisk fleire bilar per innbyggar i Geiranger enn i New York, og nokre av bilane finst fortsatt i bygda.

Eit besøk på Norsk Fjordsenter gir deg innsikt i området både slik det var på den tida, og slik livet er no. Hugs at Ørnevegen til Geiranger frå Eidsdal er open heile året, og at alle årstider har sin sjarm frå den irrgrøne våren til det vinterlege kvite fjordlandskapet. 

Spektakulære utsiktspunkt

Geiranger kan smykke seg med fleire av dei mest spektakulære utsiktspunkta på vestlandet. Ørnesvingen passerar du på veg til eller frå Geiranger dersom du kjem bilvegen. Dei svingete vegane er ei oppleving i seg sjølv, men hugs å stoppe på utsiktspunktet og nyt utsikta. Frå sentrum kan du køyre vidare opp andre vegen mot Stryn. Her passerar du først Flydalsjuvet, og deretter kjem du heilt opp der du kan svinge av til Dalsnibba. Denne delen av vegen er stengd om vinteren. Vegen til Geiranger er del av Nasjonal Turistveg Geiranger-Trollstigen.

Opplev naturen til fots i Geiranger

Geiranger kan smykke seg med fleire av dei mest spektakulære utsiktspunkta på Vestlandet. Ørnesvingen passerar du på veg til eller frå Geiranger dersom du kjem bilvegen til/frå Eidsdal. Dei svingete vegane er ei oppleving i seg sjølv, men hugs å stoppe på utsiktspunktet og nyt utsikta. Frå sentrum kan du køyre vidare opp andre vegen mot Stryn. Her passerar du først Flydalsjuvet, og deretter kjem du heilt opp der du kan svinge av til Dalsnibba. Denne delen av vegen er stengd om vinteren. Vegen til Geiranger er del av Nasjonal Turistveg Geiranger-Trollstigen.

Fossar og fjord med båt

Du har sikkert høyrt om Dei sju systrene, Friaren og Brudesløret. Desse fossefalla opplever du best frå fjorden, enten du tek ferga med bilen mellom Geiranger og Hellesylt, eller med RIB eller kajakk. Geiranger Fjordservice tilbyr også turar med sightseeingbåt.

Korleis kjem du deg til Geiranger?

Vegen frå Eidsdal er open heile året, og ein kan kome hit med bil, buss eller båt. Merk at det er litt ulike tilbod på sommar og vinter, og det er lurt å planlegge på førehand. 
Fly -
Nærmaste flyplass er Ålesund Lufthamn Vigra (ca. 2,5 timar).
Buss -
offentleg transport på www.frammr.no.
Båt -
Frå Ålesund med Geiranger Fjordservice, også vintercruise. Hurtigruten og Havila Kystruten i sesong.
Ferge -
Det går ferge heile året mellom Geiranger og Hellesylt med unntak av eit kort opphald i des/jan. Husk å bestille plass om sommaren.


Ta og gjerne kontakt med turistinformasjonen i Geiranger eller Ålesund for meir informasjon.

Et merkeikon

Reiseinspirasjon

Har du sett bilde av vakre fjordar og majestetiske fjell, er det godt muleg at dei er frå Sunnmøre. Vakrare fjordar finn du ingen stad! Bli bergteken av Geirangerfjorden, plassen du berre må få med deg.

Sjå verdsarven i haustfargar

Sjå verdsarven i haustfargar

På hausten minkar talet på turistar i Geiranger. Og talet på fargar i naturen aukar. No kan du verkeleg ta deg tid til å oppleve det som kanskje er det vakraste UNESCO-området i verda.

En vei som går nedover en dal med stabbesteiner og mektige, delvis snødekkede fjell i bakgrunnen.

Nasjonale turistveger - unike kjøreopplevelser

Nasjonale turistveger er kjøreopplevelser gjennom det beste av norsk natur.

Alanterhavsveien solnedgang

Norges råeste bilturer - fra indre ro til ytre råskap

Spektakulære fjellveier, ikoniske broer og naturopplevelser som tar pusten fra deg. Opplev Atlanterhavsvegen, Trollstigen, Geiranger, Aursjøvegen, Runde og andre skjulte perler langs fjorder, i havgapet og tett på fjellene.

Vinter i verdsarven

Vinter i verdsarven

Vil du oppleve den mektige verdsarven med frosne fossefall, snødekte fjell og det magiske fjordlyset? Då bør du besøke Geiranger i vinter. Gjennom den kalde, fine tida kan du no reise med båt frå Ålesund til den berømte UNESCO- verdsarvfjorden.

Les flere artikler om Sunnmøre - Ålesund & Geiranger

Aktivitetar og attraksjoner i Geiranger

Geiranger er ei levande bygd - heile året. Sjølv om sommaren kanskje er den mest besøkte årstida, så er kanskje vinterhalvåret den mest spektakulære.

Vintercruise til Geirangerfjorden frå Ålesund (Rundtur)

Vintercruise til Geirangerfjorden frå Ålesund (Rundtur)

Bli med Geiranger Fjordservice på ein uforgløymeleg dagstur med båt til det vakre fjordlandskapet i verdsarvområdet Geirangerfjorden.

Norsk Fjordsenter - Besøkssenter verdsarv Geirangerfjorden

Norsk Fjordsenter - Besøkssenter verdsarv Geirangerfjorden

Lær om det vestnorske fjordlandskapet, som står på verdsarvlista til UNESCO, på besøks- og formidlingssenteret Norsk Fjordsenter i Geiranger.

Citysightseeing Geiranger

Citysightseeing Geiranger

Velkomen til Geiranger! Citysightseeing-bussane går berre på dagar det er cruiseskip i Geiranger, frå mai til september (unnateke 17.mai).

Tur med emob til Flydalsjuvet Panorama

Tur med emob til Flydalsjuvet Panorama

På denne turen skal emob følgje deg opp i høgda, du får sitje på ei trone, kikke ned i juv og besøkje ein tradisjonsrik fjellgard. Turen byr på storslått utsyn – og kanskje litt innsikt?

Utleige av el-sykkel i Geiranger

Utleige av el-sykkel i Geiranger

No kan du sykle rundt i Geiranger i ditt eige tempo på ein moderne el-sykkel, med ekstra drivkraft når du treng det. Utforsk verdsarvområdet utan miljøavtrykk!

Veteranbilgarasje

Veteranbilgarasje

Unik veteranbilsamling av dei flotte bilane som vart brukt til å vise turistane rundt i Geiranger på 1920- og 1930-talet.

Geiranger kyrkje

Geiranger kyrkje

Geiranger kyrkje er ei åttekanta kyrkje bygd i 1842 i tømmer med 120 sitjeplassar. Arkitekt var Hans Klipe.

Vandretur til Storsæterfossen

Vandretur til Storsæterfossen

Vandretur til Storsæterfossen i Geiranger

Geiranger Bilutleige Hertz

Geiranger Bilutleige Hertz

Hertz Bilutleige Geiranger - bilutleige på dagbasis. 1650 NOK WWW.hertz.no

Geiranger Skywalk Shop

Geiranger Skywalk Shop

Butikk og kiosk ved utkikkspunktet Geiranger Skywalk Dalsnibba 1500 meter over havet.

Rundtur med båt fra Geiranger til Hellesylt t/r med Cruise Service

Rundtur med båt fra Geiranger til Hellesylt t/r med Cruise Service

Ta en liten rundtur og opplev Geirangerfjorden når du er i Geiranger. Nyt fosser og fjellgårder på avstand mens du koser deg på soldekk.

Alle aktiviteter tilknyttet Geiranger

Ting å gjøre i Geiranger

Her er en oversikt over ting å gjøre i Geiranger, i dag eller de nærmeste dagene. Velg dato og tidspunkt, så får du opp det som er åpent her og nå. Tillater du telefonen å dele stedslokasjon vil du også få opp avstand til den valgte opplevelsen.

Slik kommer du deg hit

Reiser du med egen bil eller med offentlig transport? Lurer du på hvordan du kommer deg hit? Vi hjelper deg!

Slik kjem du deg til og rundt i Ålesund & SunnmøreSe på kartet

Sove og spise i Geiranger

Her kan du finne dine favorittar - lev godt i Geiranger!

Hotel Union Geiranger

Hotel Union Geiranger

Hotel Union Geiranger er eit førsteklasses familieeigd hotell med utsikt over Geirangerfjorden og omkringliggande fjell. Hotellet har eiga bade- og spaavdeling.

Havila Hotel Geiranger

Havila Hotel Geiranger

Midt i sentrum av Geiranger, og direkte ved fjorden, ligg Havila Hotel Geiranger. Eit komfortabelt hotell med norsk gjestfriheit og atmosfære.

Kafé på Norsk Fjordsenter - Besøkssenter verdsarv Geirangerfjorden

Kafé på Norsk Fjordsenter - Besøkssenter verdsarv Geirangerfjorden

Kafé med servering av gode smårettar laga av lokale råvarer, samt kaffi og anna drikke.

Fossen Camping

Fossen Camping

Fossen Camping ligg flott til med utsikt mot bygda Geiranger og Geirangerfjorden, og er eit perfekt utgangspunkt for dagsturar og vandringar i skog og fjell.

Grande Fjord Hotel

Grande Fjord Hotel

Grande Fjord Hotel er et 4-stjerners boutiquehotell like ved den UNESCO-listede Geirangerfjorden. Her kan du trekke deg unna i rolige og fredelige omgivelser.

DNT Danskehytta

DNT Danskehytta

Sør i Tafjordfjellene ligger Danskehytta, som består av en hovedhytte, sikringsbu, utedo og hus for hund og hundeeier. Hytta er DNT Sunnmøre sin høyestliggende hytte, på 1440 moh i et barskt og værhardt fjellområde.

Westerås Gard i Geiranger

Westerås Gard i Geiranger

Hos Westerås Gard i Geiranger kan du bo i leilighet i gårdshuset eller i en av de flotte hyttene. Det finnes også en sesongåpen restaurant med flott utsikt.

Geirangerfjorden Marina

Geirangerfjorden Marina

Geirangerfjorden Marina ligg sentralt til i Geiranger med butikkar og restaurantar innan kort gangavstand. Kapasitet: ca. 25 gjestebåtar. Ankerdjupne: 5-15 meter Priser:  Pr. døgn frå kr. 130,- til kr. 300,-    Timepris: kr. 10,-

Alle overnattingssteder tilknyttet Geiranger

Kommende arrangementer

#visitalesund #geiranger

Følg oss på våre sosiale medier

  • Facebook

    @visitalesund

  • Instagram

    @visitalesund

  • YouTube

    visitalesund

  • Bildebank
  • Kurs og konferanse
  • Bransje
Fjord Norways sekundærlogo
Om Fjord NorgeOfte stilte spørsmålPersonvernRegistrer arrangement