I august 2016 blei det nye platået på Dalsnibba offisielt opna. Namnet er Geiranger Skywalk. Underlaget består av rister, og rekkverket er av glas. Dermed kan du sjå rett ned til sentrum og Geirangerfjorden samt til fjella og Blåbreen. Med eit fritt fall på omkring 500 meter får du kjensla av å sveve – sjølv om du naturlegvis står heilt trygt.
Det er ei magisk oppleving å gå ut på platået og sjå gjennom ristene og rekkverket av glas. Du kan kjenne vinden kome opp gjennom ristene og få kjensla av at du går på skyene. Du vil rett og slett oppleve den spektakulære utsikta til Geiranger, fjorden og fjella rundt på ein heilt ny måte.
Butikken I butikken finn du unike Geiranger Skywalk-produkt, mellom anna kle, postkort og andre suvenirar. Vi sel òg lokale delikatesser som saft og syltetøy frå Safteriet i Valldal og eit godt utval Geiranger-sjokolade. Vi har i tillegg eit utval av norskproduserte produkt som blant anna krus og kjøkkengjenstandar.
Døgnopen bomveg (Privat veg) - sjå heimeside for prisar Bemanna mai - oktober 09.00 - 17.00 i lavsesong 09.00 - 18.00 (15.6 - 15.8)
Arkitektur og kulturarv
Geiranger Skywalk - Dalsnibba
Tenk deg at du står på ein fjelltopp, trekkjer inn frisk fjelluft og nyt utsikta over snødekte fjell, Unescos verdsarvsområde og Geirangerfjorden. Alt dette – og meir til – kan du få oppleve på Dalsnibba. Og veit du kva? Du treng ikkje gå eit einaste steg.
Priser
- Fra:
- NOK 2 180
Kontakt
- Adresse:
- Dalsnibba 1500 meter
- 6216 GEIRANGER
- Telefon:
- +47 45 48 13 01
- E-post:
- booking@dalsnibba.no
- Nettside:
- www.dalsnibba.no