Hopp til hovedinnhold
  • Søk
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
  • Reiseinspirasjon
  • Fjord Norway logo
    Fjord Norway logo
  • Søk
  • Utforsk kart
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
    • Reiseinspirasjon
    • Utforsk kart
Natur og attraksjoner

Sjå verdsarven i haustfargar

høst
Sist oppdatert: 30.01.2024

På hausten minkar talet på turistar i Geiranger. Og talet på fargar i naturen aukar. No kan du verkeleg ta deg tid til å oppleve det som kanskje er det vakraste UNESCO-området i verda.

Skageflå og Knivsflå

I Geiranger stend opplevingar i kø. Og i haust slepp du å stå i kø for å oppleve dei. Du kan mellom anna gli lydlaust forbi bratte fjell med kajakken din. Her kastar fossane "Dei Sju Søstrene" seg ned i fjorden. På eit platå ved sida av fossane finn du Knivsflå, ein kjend fjellgard med ei storslagen utsikt. På den andre sida av fjorden finn du garden Skageflå.

Turen opp er bratt og snor seg opp mura trappar med trygge rekkverk. Herfrå kan du gå tilbake til Geiranger sentrum via Homlong, der du får ei svimlande utsikt for kvart steg du tek.

Den berømte fjellgarden Skageflå ligg 250 moh, og er eit populært turmål | © Oddgeir Visnes
Den berømte fjellgarden Skageflå ligg 250 moh, og er eit populært turmål | © Oddgeir Visnes

Fosseråsa - Noregs første nasjonale turiststi

Det spektakulære fossevandringsprosjektet i Geiranger er vorte ein stor attraksjon, og sommaren 2019 vart ein utvida versjon - Fosseråsa - godkjend som den første nasjonale turiststien i landet.

Fosseråsa gir storslått utsikt mot bratte fjell, mektige fossefall og ein av dei finaste fjordane på Vestlandet, sa klima- og miljøminister Ola Elvestuen, då turiststien vart opna.

Fosseråsa startar i Geiranger sentrum og tek deg først opp 327 trappetrinn til Norsk Fjordsenter. Vidare går du forbi Hotel Union Geiranger og Westerås gard med Noregs brattaste utsikt. Vidare går turen opp ein idyllisk sti omringa av vakker natur og beitande dyr før du kjem til den mektige Storfossen, som du og kan gå under. Det er ei oppleving du seint vil gløyma.

Aktiviteter

Les mer om utvalgte sted og attraksjoner fra Sunnmøre - Ålesund & Geiranger.

RIB Fjordsafari Geiranger

RIB Fjordsafari Geiranger

Opplev Geirangefjorden i full fart og frisk fossedusj – en fantastisk opplevelse av UNESCO-fjorden på nært hold. Med RIB kommer du nærmere naturen enn du tror er mulig. Båtene går helt inn til fossene og gjør flere stopp der du får oppleve de mest kjente attraksjonene på nært hold og kan ta fantastiske bilder.

Norsk Fjordsenter - Besøkssenter verdsarv Geirangerfjorden

Norsk Fjordsenter - Besøkssenter verdsarv Geirangerfjorden

Lær om det vestnorske fjordlandskapet, som står på verdsarvlista til UNESCO, på besøks- og formidlingssenteret Norsk Fjordsenter i Geiranger.

Uteareal ved Norsk Fjordsenter
Lær om det vestnorske fjordlandskapet som står på verdsarvlista til UNESCO på Norsk Fjordsenter i Geiranger.|© Kristoffer Nærø Ytterland

Norsk Fjordsenter

Dersom du er på toppen av fossevandringa eller i nærleiken av Hotel Union, bør du ta turen innom Norsk Fjordsenter. Her kan du læra meir om UNESCO si verdsarv og skaffe deg litt lokalkunnskap krydra med ein mektig biletpresentasjon av området.

Noregs Oscar-kandidat "Bølgen" selde åleine 833.000 kinobillettar. Den norske storfilmen fekk omfattande merksemd både nasjonalt og internasjonalt. Ei av utstillingane i Fjordsenteret handlar om historia om naturkatastrofen som held fram med å true den dag i dag. Elles tilbyr senteret gode smårettar i eigen kafé og butikk med fokus på norske produkt. Her finn du også eit stort uteområde der både små og store kan kose seg.

Geiranger Skywalk, 1.476 meter over havet

Tek du turen opp til Dalsnibba får du Europas høgaste fjordutsikt frå bilveg. Utsiktspunktet har fått namnet Geiranger Skywalk. Det er ei magisk oppleving å gå ut på platået og sjå gjennom ristene og rekkverket av glas. Ein kan kjenna vinden som kjem opp gjennom ristene og få opplevinga av at ein nesten går på skyer. Her får ein oppleva den spektakulære utsikta over Geiranger, fjorden og fjella rundt på ein heilt ny måte. Dersom snøen skulle trekkja nedover fjellet i løpet av hausten, kan ein bli nøydd til å stenga utsiktspunktet og vegen videre mot Grotli.

Fantastisk solnedgang på Geiranger Skywalk Dalsnibba.
Få ei oppleving av å gå på skyer på Geiranger Skywalk.|© Geiranger Skysslag AS

Selfiefavoritter

Når du fyrst har tatt turen til Geiranger, bør du setja av litt tid til å nyta utsikta frå nokre av landets mest kjende utsiktspunkt.

Ørnevegen er namnet på dei 11 hårnålsvingane som går opp den bratte og frodige lia frå Geiranger mot Eidsdal. Øvst i Ørnevegen, 620 meter over havet, ligg utsiktspunktet Ørnesvingen som òg har sitt eige fossefall. Her kan du nyta utsikta mot Geiranger og utover Geirangerfjorden med sine stupbratte fjellsider.

På toppen av Flydalsjuvet kan du nyta ei ikonisk utsikt utover verdsarvfjorden. Her finn du installasjonen "Fjordsetet", innvigd av Dronning Sonja. Flydalsjuvet ligg om lag fire kilometer frå Geiranger sentrum i retning Grotli, men berre ein kort spasertur frå utsiktspunktet sin eigen parkeringsplass.

Dame sitter i stolen på Flydalsjuvet og nyter utsikten over Geiranger
Nyt utsikta frå nokre av landets mest kjende utsiktspunkt.|© Geiranger Fjordservice

Lokal mat, spa og avslapping på Hotel Union

Hotel Union blir i dag drive av ekteparet Monja og Sindre Mjelva. Sindres oldeforeldre kjøpte hotellet i 1899, og Hotel Union Geiranger har i dag kanskje ein av landets beste spa-avdelingar. Her kan ein nyta avslappande spabehandlingar, rolege stundar i boblebadet eller ta seg ein symjetur i eit av bassenga med ei magisk utsikt. Det ærverdige hotellet har og eit eige veteranbilmuseum, og er eit godt utgangspunkt for haustturar i dei mektige fjella som omkransar Geiranger.

Utendørs basseng ved Hotel Union Geiranger
Alt dette. Nesten for deg sjølv.|© Tone Molnes

Overnatting i Geiranger

Les mer om utvalgte sted og attraksjoner fra Sunnmøre - Ålesund & Geiranger.

Hotel Union Geiranger

Hotel Union Geiranger

Hotel Union Geiranger er eit førsteklasses familieeigd hotell med utsikt over Geirangerfjorden og omkringliggande fjell. Hotellet har eiga bade- og spaavdeling.

Grande Fjord Hotel

Grande Fjord Hotel

Grande Fjord Hotel er et 4-stjerners boutiquehotell like ved den UNESCO-listede Geirangerfjorden. Her kan du trekke deg unna i rolige og fredelige omgivelser.

Havila Hotel Geiranger

Havila Hotel Geiranger

Midt i sentrum av Geiranger, og direkte ved fjorden, ligg Havila Hotel Geiranger. Eit komfortabelt hotell med norsk gjestfriheit og atmosfære.

visitalesund.no
Fjelltur i Romsdalen med utsikt mot Isfjorden og Romsdalsfjorden

Hele Norges fjelldorado

Møre og Romsdal er kjent for sin kystlinje, fjorder og fjell. Her er mastodonter som Slogen, Romsdalshorn og Innerdalstårnet. Samtidig finner du massevis av turopplevelser som både gir fjellfølelse og god utsikt – uten behov for klatretau og gnagsårplaster. Bli inspirert til høstens beste turopplevelser!

Finn ut mer

Relaterte artikler

Fosseråsa i Geiranger - Spektakulær fossevandring

Fosseråsa i Geiranger - Spektakulær fossevandring

Vil du prøve en unik og annerledes vandretur? Ta turen til verdensarv-bygda Geiranger og gå landets første nasjonale turiststi. Turen er lett og godt tilrettelagt og kan enkelt gåes fra Geiranger sentrum.

Norges råeste bilturer - fra indre ro til ytre råskap

Norges råeste bilturer - fra indre ro til ytre råskap

Spektakulære fjellveier, ikoniske broer og naturopplevelser som tar pusten fra deg. Opplev Atlanterhavsvegen, Trollstigen, Geiranger, Aursjøvegen, Runde og andre skjulte perler langs fjorder, i havgapet og tett på fjellene.

Raumabanen: Europas vakreste togreise

Raumabanen: Europas vakreste togreise

Ta tog til Møre og Romsdal med Raumabanen. Toget er inngangsporten til fjordene, fjellene og byene, der det glir gjennom landskapet, og gir deg roen til å ta inn den rå naturen. Det er nok derfor Raumabanen flere ganger er kåret til Europas vakreste togreise av Lonely Planet.

Ein guide til jugendstilen i Ålesund

Ein guide til jugendstilen i Ålesund

Bli med på ei vandring gatelangs i jugendbyen og oppdag den unike arkitekturen i Ålesund.

  • Bildebank
  • Kurs og konferanse
  • Bransje
Fjord Norways sekundærlogo
Om Fjord NorgeOfte stilte spørsmålPersonvernRegistrer arrangement