Hopp til hovedinnhold

Det som gjer Nordvestlandet unikt er ikkje berre kva du finn her, men kor kort det er mellom kontrastane. Hav og fjord, tind og dal, by og fiskevær. Du treng ikkje velje mellom råskap og ro, mellom natur og kultur. Her får du begge delar, og avstandane er så korte at du rekk mykje på få dagar.

Naturen i Møre og Romsdal kan ta pusten frå deg, men samtidig gi deg kvilepuls etterpå. Nordvestlandet er indre ro og ytre råskap.

Smakane frå havet, fjorden og fjellet

Klippfisk frå Nordvestlandet er delikatesse i store delar av verda – hos oss er det òg identitet. Nærleiken til havet set smak på maten i heile regionen, og du får ofte sjømat som kjem rett frå havet til kjøkenet. I fjordbygdene får bær og frukt mogne sakte i lyset som treff fjordsidene, og folk reiser langt for å få den beste frukta og drikken. I skogen og på fjellet får kyr, geit og sau beite om sommaren, og det pregar smaken på ostar i verdsklasse.

Overnatting på Nordvestlandet

Heilt sidan 1800-talet har folk kome frå heile verda for å oppleve landskapa, fisket og kulturen i Noreg. Derfor kan du her finne ærverdige hotell, hytter og lodgar i eventyrlege landskap. Du kan også utforske unike og nære opplevingar i arkitektteikna hytter, hengekøyeparkar under open himmel eller andre stader med særpreg som skaper ei god ramme rundt opplevinga di her i nordvest.

To damer som sitter på en trapp utenfor et lavt, hvitt, gammelt trehus med blå dør.
Olsens Pensjonat på Veiholmen, Smøla. | © Fjord Norway
An icon of trees

Kva kan du gjere på Nordvestlandet?

Kjenn pulsen stige på fjelltur eller i ein klatrepark. Ro heilt ned på spa, vandretur langs fjorden eller opplev heile regionen med bil på legendariske vegar i storslåtte landskap.

Stille fjordar og snøkledde fjell

Om vinteren kan du sjå snøkledde toppar over heile Nordvestlandet. Gå på topptur med truger eller ski, og ein lokalkjend guide i følgjet, medan du oppdagar Sunnmørsalpane, Romsdalen og Sunndal. Nyt varme bad og sauna i hotell ved fjordane. Opplev vinterpynta byar og bygder, eller gli gjennom vatnet på fjorden i ein kajakk.

Skikøyrar på Strandafjellet skisenter med Storfjorden og Sunnmørsalpane i bakgrunnen.
Skikjøyring frå fjell til fjord på Strandafjellet. | © Håvard Myklebust

Utforsk med omtanke

Fjordane og fjella har blitt forma av istida. Kulturen er utvikla gjennom generasjonar. Vi skal ta vare på Nordvestlandet for framtida. Som gjest kan du bidra: bruk lokale guidar og aktørar, hald deg til merka stiar, ta med avfall heim og respekter bålforbod og bandtvang.

To av dei mest besøkte reisemåla i regionen har teke eigne grep. Rauma og Geiranger deltar i merkeordninga for berekraftige reisemål.

Korleis kjem du deg til Nordvestlandet?

Det er enkelt å kome seg til Nordvestlandet. Det går ekspressbussar frå Oslo, Bergen og Trondheim til fleire stader i regionen, hurtigbåt frå Trondheim til Kristiansund og du kan ta tog med Raumabanen til Åndalsnes. Denne jernbanestrekninga er kåra til den vakraste togreisa i Europa av Lonely Planet.

Det er flyplassar i Ålesund, Molde, Kristiansund og Ørsta-Volda. Ålesund har daglege internasjonale avgangar. Havila Kystruten og Hurtigruten stoppar kvar dag i Torvik, Ålesund, Molde og Kristiansund.

An icon of trees

Reiseinspirasjon

Her har vi samla ei rekke artiklar du kan fordjupe deg i når du planlegg reisa. Bla gjennom sider med inspirasjon og sett saman den perfekte ferien for deg. Kanskje oppdager du noen bortgjemte perler?

Prøv vår reiseplanlegger!

Finn opplevelser og overnatting og sett sammen reiseruten din. Bruk kartet til å navigere, finn opplevelser som passer dine interesser, og se ruten i kartet. Last ned appen vår og ta med deg reiseplanen din i lommen, og finn opplevelser underveis på reisen.

Foretrekker du papirformat? Skriv ut reiseplanen din, så har du den lett tilgjengelig!

@visitnorthwestnorway

Følg visitnorthwestnorway

  • Facebook

    Facebook

  • Instagram

    Instagram

  • YouTube

    YouTube