Hopp til hovedinnhold

Korleis kan du fastslå om det finurlege bygget du nettopp passerte er eit hus i jugendstil? Er det tilstrekkeleg at det er laga av mur? Må det ha tårn?

Er det kanskje noko med vindauga eller den flotte dekoren på fasaden? Så står du der og glor. «Dette då, er dette jugendstil?»

Det finst nokre typiske måtar å sjå og oppleve Ålesund. Du kan klyve opp alle trappestega til Aksla for å sjå heile byen i eitt. Ikkje sprekt nok? Da kan du gå opp på Sukkertoppen som ligg på Hessa sør for sentrum, for endå vidare oversikt. Eller så kan du gå inn til sentrum og oppleve Ålesund frå sjøen, gåande på ein flytande gangveg langs sundet.

Men skal du bli kjend med byen sin heilt særeigne arkitektur, må du traske gatelangs på fortaua. Og kanskje krysse vegen nokre gonger, for å sjå bygga både på avstand og heilt nære. Det aller beste du kan gjere er å få med deg ein ekspert på vandringa di. For saman med nokon som veit kva du skal sjå etter, dukkar det opp smått og stort om Ålesund sine fasadar som du kanskje ikkje hadde lagt merke til.

Det aller beste du kan gjere er å få med deg ein ekspert på vandringa di. For saman med nokon som veit kva du skal sjå etter, dukkar det opp smått og stort om Ålesund sine fasadar som du kanskje ikkje hadde lagt merke til.

Eksperten vi har fått tak i heiter Signe Elvik Svoen og jobbar på Jugendstilsenteret og KUBE i Ålesund. Signe er arkitekt. Meir presist: arkitekt med spesialisering i bygningsvern og transformasjon, men som ho seier: – Du kan berre skrive «arkitekt».

Signe jobbar som konservator for jugendstilarkitektur, og det betyr at ho innimellom arrangerer byvandringar for nysgjerrige sjeler. Formålet med vandringa er å lære bort kva som kjenneteiknar eit jugendstilhus. Og vi får vite tidleg at dersom du skal avgjere om eit bestemt hus er av jugendstil, er det ikkje ein og ein detalj du skal leite etter. Det er det totale – bygget sitt fullstendige uttrykk – som kan avgjere om det er eit typisk jugendstilhus.

Signe er konservator og guiden vår frå Jugendstilsenteret og KUBE i Ålesund|© Viti
Apotekergården husar kunstmuseet Jugendstilsenteret og KUBE|© Marius Bech Dahle

Ikkje overraskande begynner omvisinga der vi møtast: utanfor Jugendstilsenteret som ligg i huset som kallast Apotekergården midt i Ålesund sentrum. Signe peiker og forklarer, og saman står vi på fortauet og legg hovudet bakover for å sjå heile bygget.

Detaljar og store fasadar

Vi ser tårn og forseggjorde møner: eit hus bygd i grovhogd naturstein, såkalla råkopp – med bogar over vindauge og dører. Karnapp som stikk ut av fasaden. Ornament. Rutemønster i vindauga.

Signe fortel at denne bygarden var teikna av arkitekt Hagbarth Schytte-Berg, og at den sto klar i 1907. Bygget har eit nasjonalromantisk preg, og arkitekten har latt seg inspirere av naturen. Det grove byggematerialet peiker også i same retning. Så oppdagar vi ornament inspirert av norsk mellomalder, med buktande ormar og vikingliknande mønster. Bogane og karnappa kan minne om svaberga sine uventa formasjonar. Her kan fantasien ta assosiasjonane vidare.

Vi snur oss og ser på eit anna bygg. Eit lyst hus i murpuss, bleikgul beige, nesten kvitt. Eit hus av – skal vi kalle det – reinare art enn det grovhogde Jugendstilsenteret. Apotekergata 9 har talet 1905 på seg, så vi kan konstatere at det er frå same tid. Tårn har huset òg, og bogar over vindauge og dører. Etter kvart som arkitekt Signe peiker og fortel, dukkar andre detaljar opp: Ornamenta som viser raude blomar, dei småruta vindauga over porten, tårnet som på eit vis veks ut frå fasaden – eit eksempel på plastisiteten arkitektane klarte å få ut av det harde byggematerialet. Så mykje likt mellom dei to bygardane! Signe fortel at også her kjem det nasjonalromantiske fram, ettersom blomane i ornamenta førestiller blomar typisk for norsk kystflora.

Det er i slik tendensattkjenning ein kan sjå litt av bakgrunnen. Jugendstilen, slik han blei kjend for ettertida, var jo ikkje eit bevisst uttrykk fullt av regler. Arkitekturen var basert på ting i tida, trendar og reaksjonar på andre, eldre, uttrykk. Signe forklarer:

– Arkitektane sette seg for eksempel ikkje ned og tenkte: «No skal eg teikne eit hus i nybarokk!»

Som med alle stilar og retningar innan arkitektur er det først i ettertid vi kan seie noko om tendensen.

– Eit bygg har som oftast impulsar. Desse impulsane kan komme ut frå kva arkitekten er inspirert av, og sett i samanheng med andre bygg og stilartar frå same tidsepoke, kan ein i etterkant kalla noko for jugendstil. Eller art nouveau om du vil.

Og for Ålesund sitt tilfelle er det inspirasjon frå norsk kystlandskap iblanda tradisjonar frå europeisk arkitektur. Blant anna.

Historisk overnatting i jugendstil

Med ein ekspert ved sin side kan ein også tillate seg dumme spørsmål, som til dømes om det fanst alternative byggemåtar på denne tida.

– Å ja, det var tallause måtar å planlegge og bygge hus på, det er ikkje slik at alle hus frå den perioden enda opp som jugendstil!

Signe fortel at det ikkje låg nokon plan om å bygge ein jugendstilby ut av Ålesund, men at fleire arkitektar med liknande visjonar fann fram til Ålesund på same tid.

For den som ikkje veit kva bakgrunnen for denne samtidige oppbygginga er – her kjem ei lita historielekse:

Ålesund si fargerike gågate i brostein|© Oddgeir Visnes

Ein by av hav og flammer

Ålesund brann. Heile byens sentrum brann opp i løpet av ei natt og ein dag 23. januar 1904. Trehus etter trehus vart råka av brannen, som spreidde seg i høg hastigheit midt i ein vinterstorm. Kva som var brannårsaka veit ein ikkje, men konklusjonen var at trehus tett i tett på ein så vêrutsett stad gjorde busetnaden sjanselaus. Sløkkingsarbeid var umogeleg så lenge vinden sto på og spreidde flammane.

Ut av ruinane skulle det byggast ein ny by, av stein og mur denne gongen. Eit nasjonalt prosjekt blei sett i gong. Arkitektar som kom til var stort sett norske, men mange hadde utdanna seg i utlandet og tok med seg impulsar frå europeiske storbyar. Dei tenkte, planla og teikna fram nye bygg. Gruver frå heile landet leverte stein, arbeidarar kom til. I løpet av nokre år sto Ålesund klar igjen, men som noko ganske anna enn den vesle trehusbyen som brann ned.

Vend blikket oppover medan du utforskar byen og du vil oppdage jugendstilens mangfoldige uttrykk.|© Oddgeir Visnes / TIBE

Eit unikt eksempel

– Vi pleier å seie at Ålesund er unik både nasjonalt og internasjonalt grunna konsentrasjonen av bygg i jugendstil, seier Signe. Det at heile sentrum blei bygd opp i løpet av tre år har skapt ein så høg konsentrasjon av bygningar frå same tidsperiode. Det er det uniforme bybildet som er unikt med Ålesund.

Direktivet som blei gitt om at byen skulle byggast opp i mur, la grunnlag for dette. Det at det blei så mykje jugendstil var fordi det var på moten på akkurat denne tida.

Gardeigarane såg på kvarandre sine hus, arkitektane let seg inspirere av kvarandre. Var det prosjekt med mykje pengar, hadde dei råd til større utsmykking. Andre måtte nøye seg med enklare fasadar.

Matopplevingar i jugendbyen

Stilar som bryt med seg sjølv

Mot slutten av byvandringa kjem vi til eit ganske enkelt hus: Apotekergata 5. Dette kan vel ikkje vere noko jugendstilhus? Null ornament jo!

Jau då, dette reknast òg som jugendstil, om enn av eit litt anna slag.

Signe ber oss legge merke til korleis huset følgjer landskapet: langs fortauet, som senker seg skrått nedover gata, følgjer dørene og vindauga likt nedover, og skaper ein litt uryddig fasade, ettersom avstand mellom vindauga då ikkje er lik og symmetrisk. Dette er nok ein kjenneleg detalj frå jugendstilen, som lik naturen ikkje alltid er rettlinja og symmetrisk.

Idet du trur du har skjønt éin ting, kjem ein annan og bryt.

Kanskje du kan bli gåande og sjå i nokre timer til då, og undrast.

Andre aktivitetar i Ålesund

Alt mellom bakkar og berg ut med havet

Møre og Romsdal er verdenskjent for sin spektakulære natur. Hit kommer både Hollywoodregissører, backpackere, nyfødte og hundreåringer. Her får du en oversikt over noe av det du kan oppleve.

Finn ut mer

Fleire opplevingar i området