Hopp til hovedinnhold
  • Søk
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
  • Reiseinspirasjon
  • Fjord Norway logo
    Fjord Norway logo
  • Søk
  • Utforsk kart
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
    • Reiseinspirasjon
    • Utforsk kart
Reisetips

Ei stund i Møre og Romsdal

Vinter, vår, høst
Sist oppdatert: 11.03.2025
© Toke Riskjær
© Toke Riskjær

For deg som vil ha mest mogleg ut av tida, staden og stunda.

Ei stund som varer

Moglegheitene for å reise har vore avgrensa i lang tid, og mange lengtar etter dei verkeleg gode opplevingane. Kanskje du skal investere i ei stund som varer. Du treng ikkje reise så langt for å finne ho. La oss hjelpe deg med å skape ei stund med fridom i spektakulære fjordlandskap og vill natur. Ei stund med ro på unike og bortgøymde overnattingsstader. Ei stund med kvarandre for nye opplevingar. Ei stund som varer evig.

Her har vi samla noko av det beste Møre og Romsdal har å by på.

Ålesund i vinterdrakt
© Christian Remøy_Hotel Brosundet

Ei stund med fridom

Dei fjordnære fjelltoppane i Møre og Romsdal byr på heilt unike naturopplevingar og fantastiske moglegheiter for truge- og skiturar i vinterhalvåret. Dei spektakulære omgivnadene får lufta til å kjennes litt ekstra frisk ut, og kjensla av fridom vert endå litt sterkare.

Vel mellom eit hav av opplevingar i fantastisk natur. Til fots, på ski, til sjøs, for dei spenningssvoltne og for deg som vil ha komfort. Her kjem du i kontakt med dei som kjenner lokalområda aller best:

Ei stund med ro

Oppdag nokre av dei unike overnattingsstadene i Møre og Romsdal, stader som endrar seg med årstidene. Stader ved foten av fjell og breidda av fjordar. Unike stader som har vakse fram i ulendt terreng. Stader skapt av lokale eldsjeler og entusiastar frå nærmiljøa. Her kan du legge kvardagen bak deg, og nyte ei stund i komplett ro. Dei rolige morgonane, frukosten med det beste frå lokalområdet, den ekstra koppen med kaffi. Møre og Romsdal har alt du måtte ønske deg, enten det er moderne design eller ei historisk perle.

Finn ein stad for deg i Møre og Romsdal:

Ei stund med kvarandre

Det er ofte dei enkle stundene du hugsar best. Stunder der det berre var deg og dine næraste. Stunder saman på ein heilt ny stad. Ei stund med nye smakar og nye opplevingar. Finn dei enkle stundene, dei reine smakane, dei lokale råvarene og det beste frå naturen.

Spa med utsikt hos Hotel Union Geiranger

Hotel Union Geiranger

Hotel Union Geiranger er eit førsteklasses familieeigd hotell med utsikt over Geirangerfjorden og omkringliggande fjell. Hotellet har eiga bade- og spaavdeling.

Ei stund i Møre og Romsdal

Nett det lyset du vakna til, det lette snøfallet då du klatra opp fjellet, smakane frå den sesongen du var her og opplevingane du fekk saman med dei du er glad i, det vert til stunder som berre er dine.

Ver til stades i stunda, og ho varer evig.

Lær meir om lokal mat i Møre og Romsdal

Smaken av kyst

Smaken av kyst

– Kom til Ålesund og spis kortreist sjømat i verdensklasse, inviterer den velrenommerte gourmetkokken Ronny Kolvik.

Fra skogbunn til gourmet – Svinvik Gard serverer naturen

Fra skogbunn til gourmet – Svinvik Gard serverer naturen

På Svinvik Gard ved Todalsfjorden får du servert smaker du ikke visste du kunne spise. Maur, tanglopper og ville vekster forvandles til små kunstverk på tallerkenen – en ekte og overraskende matopplevelse nord i Møre og Romsdal.

Badar i ost og sider på Stranda

Badar i ost og sider på Stranda

Stranda er allereie godt kjent for Grandiosa og Strandaskinke. På Skarbø Gard finn vi fleire godbitar som skapar entusiasme både lokalt og internasjonalt.

Smaken av Nordmøre

Smaken av Nordmøre

Møt noen av nordmøringene som dyrker frem smakfulle råvarer og tilbereder de herligste retter fra verdens beste matfat – laks, klippfisk, verdens beste blåmuggost og grisetang med smak av trøffel.

  • Bildebank
  • Kurs og konferanse
  • Bransje
Fjord Norways sekundærlogo
Om Fjord NorgeOfte stilte spørsmålPersonvernRegistrer arrangement