Hopp til hovedinnhold

På Skarbø Gard i Stranda på Sunnmøre, møter vi odelsjenta Kristine Skarbø og hennar mann, Carlos. Her blir det laga prisvinnande sider, eplemost og prisvinnande ost.

- Her lagar vi sider og ost som speglar landskapet rundt oss. Vi dyrkar gras, eple, og av det så får vi mjølk og most, som blir til sider og ost fortel den engasjerte gardbrukaren Kristine.

Ho er 8. generasjon som driv familiebruket på vakre Stranda, der det i dag bur tre generasjonar saman.

Verda rundt

Som ein ivrig og nysgjerrig ungdom utforska ho verda før ho fann vegen tilbake til Skarbø Gard.

- Eg var veldig nysgjerrig på kva som låg bak desse høge fjella her. Eg reiste til Tokyo då eg var berre 16 år. Det forma meg mykje og eg fekk verkeleg auga opp for matkultur, han er så levande i Japan, og så viktig.

Etter eit år i Japan brukte Kristine mykje tid både i Sør-Amerika og USA. Saman med den spanske mannen sin Carlos budde dei både i Spania og Colombia før dei vende nasen tilbake til Noreg og garden på Stranda i 2014.

© Oddgeir Visnes / TIBE

Bryllaupsgåva som inspirerte

Drifta på Skarbø Gard er inspirert av erfaringar dei har gjort seg rundt om i verda. Spesielt tradisjonane til Carlos familie i Spania, som ystar og lagar vin.

- Då vi gifta oss på ein fjellgard i Sierra Nevada sør i Spania, fekk vi mellom anna ei vinpresse. Og lurte litt på kva skulle vi gjera med ho?

Vinpressa vart med i kofferten til Stranda, og fekk prøva seg på eple frå den gamle frukthagen. Det resulterte i sider som fall i smak hos mange, det vart starten på eit eige sideri.

- For å vere så langt nord så har vi eit spesielt klima så langt inne i Storfjorden. Det går veldig bra å dyrka eple, og det har det gjort i lange tider. Eg trur at epla våre så langt nord har ekstra mykje syre, som gir ekstra mykje smak.

Bronse i VM

Kristine og Carlos har også fleire ulike ostesortar i produksjon. Osten «Soleglad» slo godt an hos dommarar då dei deltok i oste-VM i Bergen i 2018. Med seg heim fekk dei ikkje mindre enn bronsemedalje.

Osten «Carmen» er oppkalla etter bestemora til Carlos, fordi ho brukte alltid å tørka paprika i solveggen på huset sitt. Carmen er laga med tørka, røykt paprika og olivenolje i skorpa. Som set ein kraftig og god smak av Spania.

- Vi har også ein heilt ny ost no som har blitt modna i sider som vi kallar «Apal». Det er som å eta heile garden vår i ein liten bit, du får både ost og sider. Eg trur vi er dei einaste i verda som lagar ein slik ost, og det er litt artig smiler Kristine.

Spennande osteproduksjon

- Osten vår lagar vi av upasteurisert mjølk, råmjølk. Det gjer at vi får behalda alle desse gode smaksstoffa og næringsstoffa som er i mjølka. Kyrne våre et graset som vi dyrkar her, og beitar ute her heile sommaren. Mjølka får ein spesielt god smak som vi får ta vare på i osten.

Kristine synest det å laga ost er ein veldig spennande prosess. Kvar ost blir forma for hand, noko som gir kvar enkelt noko heilt særprega.

- Etter at vi har ysta han, blir han lagra inne på granhyllene på lageret vårt i fleire månader. Jo lengre vi lagrar han, desto meir smak blir det fortel ho entusiastisk.

Tek vare på naturen

På garden har det vore dyrka mat heilt sidan vikingtida, og Skarbø-slekta har alltid vore opptatt av å ta vare på landskapet og produsera på ein berekraftig måte.

- Vi ønsker å laga naturprodukt så naturlege som mogleg. Det er bra for naturen, og det er bra for oss som et og drikk.

Opplev Stranda

Related articles