Hopp til hovedinnhold

Berre tilgjengeleg med båt, på ein holme utanfor Fosnavåg på Sunnmøre, ligg Kami Skotholmen. Staden var tidlegare ein sildeforedlingsfabrikk, og sjølv i dag er den tru mot historia. For når du er på ein bitteliten holme, på eit tidlegare fiskevær med hav på alle kantar, ja da må du servere sjømat, ifølgje kjøkensjefen.

- Skotholmen har ei fiskehistorie heilt tilbake til 1500-talet. Og det er det vi driv med her, - sjømat!, konstaterer kjøkensjef og eigar Magnus Bergseth.

Fangsten bestemmer menyen

På Skotholmen får du ikkje velgje frå menyen sjølv. Den er nemlig ikkje bestemt før råvarene for dagen er henta inn.

- Gjestane våre får ikkje lenger sjå menyen. Den er satt, vi veit knapt nok sjøl når vi står opp om morgonen kva vi skal servere. Vi ser kva for råvarer vi har utover dagen og brukar kreativiteten. Vi komponerer utifrå dei råvarene som er tilgjengeleg. Visjonen vår er at kreativiteten skal få blomstre på kjøkenet, fortel Bergseth.

Glem tid og sted

Saman med ein kompis driv han den populære restauranten, som har ei atmosfære du seint vil gløyme.

- Vi serverer ikkje berre matoppleving her, men byr på ei totaloppleving. Vi meiner at når du kjem til Skotholmen skal du gløyme tid og stad. Klokka blir att på land, og du skal berre nyte atmosfæra og opplevinga, fortel Bergseth.

© Oddgeir Visnes / TIBE

Til holmen kjem gjestane med alt frå kajakk til helikopter. Og her kan du like gjerne møte på naboen som Bill Gates. Dersom du bestiller bord, vil du få servert dei kreasjonene og smaksopplevingane som kokken leiker seg med akkurat den dagen.

Har du lyst å spise på Kami Skotholmen? Hugs at du må bestille bord på førehand. Book her >>

Kokkens favorittar:

- Når ein først besøker Skotholmen har Sunnmøre og Herøy mykje å by på. Å oppleve lundefuglar og fuglelivet på Runde er heilt unikt. Du kan leige båt og oppleve havet, og det er også ufatteleg mange fantastiske fjellturar å gå her i området. Treng du overnatting, er Thon Hotel Fosnavåg den beste plassen å sove. Om du vil vere litt for deg sjølv, fins det også eit hav av rorbuer som er heilt ypperlege, meiner Bergseth.

Eksotiske matopplevelser ved havet, fra havet

I Møre og Romsdal er du midt i det maritime matfatet. Her serverer restaurantene nydelige retter basert på kortreiste råvarer i sesong. Opplev smakene du får fra havet, ved havet.

Finn ut mer