Opplev Runde har leilegheiter og rom for overnatting, vegg i vegg med besøkssenteret på Runde Miljøsenter. Leilegheitene er moderne og inneheld fullt utstyrt kjøken, baderom med dusj, eit tomannsrom, eit enkeltrom, og dobbel sovesofa på stova. Ein kan sjølv velje om ein vil leige ei heil leilegheit, eller eitt eller fleire rom. Leilegheitene er utstyrte med fjernsyn og trådlaust internett. Sengklede og vask er inkludert i prisen. Leilegheitene ligg fint til i terrenget, og har god utsikt. Om sommaren kan ein studere fuglelivet frå stoveglaset, om vinteren kan ein la seg fascinere av bårene som bryt mot skjera rett nedanfor. Ei leilegheit her er ein fin base for turar til sjøs og til lands. Besøkssenteret ligg like ved hamna. Der i frå går det guida båtturar rundt øya kvar dag i sommarhalvåret. Ein båttur gjev ei unik og nær oppleving av livet i fuglefjellet. På Runde er det også svært gode moglegheiter for fotturar. Over heile øya er det gode, oppmerka stiar. Ein kan til dømes ta ein tur ut til Runde fyr, eller studere fuglekoloniane frå fjellkanten. Etter ein lang dag med naturopplevingar, kan ein trekkje seg tilbake til si eiga leilegheit.

  • Trip Advisor logo

Kontakt

Adresse:
  • Opplev Runde AS, Rundavegen 237
  • 6096 Runde
Telefon:
+47 70 08 08 00
E-post:
booking@runde.no
Nettside:
www.opplevrunde.no

Fasiliteter

Tilrettelagt for bevegelseshemmede:
WIFI/Internett:

Hvor er Opplev Runde/Runde Miljøsenter Overnatting?