Ytst i havgapet på Runde ventar storslått natur og minneverdige opplevingar – året rundt. Her møter du dramatiske fjell, ope hav og eit rikt dyreliv, enten du kjem i solskin eller ekte sunnmørsk ruskevær.
Gjennom Opplev Runde får du tilgang til eit variert aktivitetstilbod for både små og store. Bli med på guida turar i fjellet og langs fjøra, utforsk det unike fuglelivet, eller nyt rolege dagar tett på naturen. Her kan du også bestille opplevingar skreddarsydd etter dine interesser – frå korte utflukter til lengre opphald.
På Runde Miljøsenter finn du gode fasilitetar for både overnatting, møte og arrangement. Senteret er eit naturleg utgangspunkt for opplevingar på øya, og kombinerer komfort med nærleik til naturen.
Firma og grupper
Runde er ein perfekt stad for å samle kollegaer, vennegjengar eller andre grupper som ønskjer noko utanom det vanlege. Her kan de kombinere fagleg påfyll med naturopplevingar i spektakulære omgjevnader. Opplev Runde legg til rette for alt frå møter og samlingar til aktivitetar og felles opplevingar – med naturen som ramme.
Ete, drikke, sove, oppleve og lære – alt på eitt sted.