Runde Miljøsenter har ope dagleg i sommarsesong, og etter avtale heile året. Ønsker du guida omvisning kan det bookast på førehand.

Kva er Rundeskatten?

Rundeskatten er eit av dei største myntfunna som har blitt gjort i Europa. Funnet består av om lag 57 000 sølv- og gullmyntar, i alt over 400 ulike mynteiningar.

Den norske staten sin andel av myntane vart fordelt mellom Myntkabinettet i Oslo og Bergen Sjøfartsmuseum. I nærare 40 år vart dette kulturhistoriske materialet samt ein stor del av myntane fra Rundefunnet, oppbevart ved Bergen Sjøfartsmuseum. I 2011 kom skatten endeleg tilbake til Runde. I dag er det utstilt både myntar og mange andre interessante gjenstandar som blei funnet utanfor Runde av dykkarar i 1972.

Historia

19. januar 1725 la Akerendam (VOC) ut på si jomfrureise. Den segla ut frå øya Texel i Nederland i følge med to søsterskip. Skipet var lasta var mellom anna 19 pengekister med gull- og sølvmyntar, og målet var Batavia i Indonesia, der den skulle handle krydder og andre ettertrakta varer som skulle selgast vidare i heile Europa.

For å komme inn i dei sørlege vindane i Atlanteren, og grunna fara for piratangrep i den engelske kanal gjekk konvoien nord for England, og under ein storm i Nordsjøen kom Akerendam vekk frå dei andre skipa. Skipet forliste på nordspissen av Runde, og besetninga på 200 omkom.

Om morgonen 8. mars 1725 såg bebuare på garden Goksøyr på Runde at stormen hadde skylt i land vrakgods på stranda. Dei næraste dagane og vekene vert det gjort funn av både omkomne og vrakgods i eit stort område. Etter amtmannen sine representantar hadde gjort sine undersøkingar, blei det etter lov og praksis på den tida heldt offentleg auksjon over delar av vrakgodset.

Bergingsarbeidet ved Runde foregikk utover sommar og haust i 1725, men når vinterstormane satte inn blei det vanskeleg å halde fram arbeidet. Folk på Runde fortsatte å finne enkelte mynter i bergsprekker og i fjæra, men etter kvart som åra gjekk havna forliset i gløymeboka fram til funnet i 1972

  • Trip Advisor logo
  • Facebook logo
  • Instagram logo

Opplev Runde

Se alle tilbudene til Opplev Runde

Tider

Ukedager:
10:00–16:00
Lørdag:
10:00–16:00
Søndag:
10:00–17:00

Priser

Inngong - vaksne:
NOK 100
Inngong - Born / student / honnør:
NOK 50
Guida omvisning - Vaksne:
NOK 150
Guida omvisning - Barn / student / honnør:
NOK 75

Kontakt

Adresse:
  • Runde Miljøsenter AS, Rundavegen 237
  • 6096 RUNDE
Telefon:
+47 70 08 08 00
E-post:
booking@runde.no
Nettside:
www.opplevrunde.no

Fasiliteter

Guiding tilgjengelig:
Barnevennlig:
Kafé:
Souvenirer/butikk:
Tilrettelagt for bevegelseshemmede:
Toalett:
Parkering:
Sesong:
  • Høst
  • Sommer
  • Vinter
  • Vår

Grønne sertifiseringer

Utstilling på Runde Miljøsenter har fått sertifisering for sin miljøinnsats fra:
  • MiljøfyrtårnMiljøfyrtårn
Miljøsertifisering i privat og offentlig virksomhet, inkludert turisme.

Hvor er Utstilling på Runde Miljøsenter?