Hopp til hovedinnhold

Ein kopp kaffi med utsikt mot hav og fuglefjell

Rett ved det berømte fuglefjellet på Runde, ligg kafeen på Runde Miljøsenter – eit perfekt stopp før eller etter tur. Her kan du lene deg tilbake med ei god kaffi, heimbaka kaker og lokal is. Kjøkenet serverer både kalde og varme rettar til lunsj og middag.

Butikk

I kafeen finn du ein spanande liten butikk med mange fine skattar. Her kan du kjøpe lokalt handtverk og fine gåveartiklar til å ta med heim som eit minne frå turen.

Kombiner smak med kunnskap og natur

Kafeen er ein del av besøkssenteret på Runde, som byr på utstillingar, guida turar og aktivitetar for både vaksne og born. Her kan du besøke utstillinga og sjå Rundeskatten, og utforske utstillinga om livet i havet. Kombiner besøket med ei lærerik omvising med naturrettleiar eller ein tur opp i fuglefjellet der lundefuglen hekkar frå april til juli. For grupper eller storfamiliar kan det vere lurt å reservere på førehand – både for servering og aktivitetar.

Rett ved fuglefjellet på Runde

Runde Miljøsenter ligg idyllisk til heilt ytterst på kysten – med kafeen som eit naturleg samlingspunkt for alle som vil oppleve kystnatur, fugleliv og lokal historie på nært hald. Her kan du fylle på med energi, slappe av og dele inntrykk frå turen – alt på ein stad.

Opplev Runde

Se alle tilbudene til Opplev Runde

Tider

Juli

Ukedager:
10:00–19:00
Lørdag:
10:00–19:00
Søndag:
10:00–19:00

August

Ukedager:
10:00–17:00
Lørdag:
10:00–17:00
Søndag:
10:00–17:00

Kontakt

Adresse:
  • Rundavegen 237
  • 6096 Runde
Telefon:
+47 700 80 800
E-post:
booking@runde.no
Nettside:

Fasiliteter

Barnevennlig:
Tilrettelagt for bevegelseshemmede:
Tradisjonsmat:

Hvor er Kafè på Runde Miljøsenter - Opplev Runde