Velkomen til Hotel Union Geiranger

Kort om ei lang historie

Hotellet blei bygd i 1891, opphaveleg i tre med inspirasjon frå dragestilen eller sveitserstilen.

Julie og Karl Mjelva kjøpte Hotel Union Geiranger i 1899. Den driftige familien starta også bilfabrikk, kraftverk og komfyrfabrikk på staden. Hotel Union er utvida og ombygd fleire gongar. 

Det som sto igjen av trehotellet, blei fjerna i 1979. Hotellet er seinare utvida, med ei moderne kurs- og konferanseavdeling, svømmebasseng, ny toppetasje med 13 suitar, veteranbilutstilling, nattklubb, spa-avdeling og stadig nye tilbod inne og ute.

Den sterke Union-atmosfæren, med kvalitet og service i generasjonar, er ført vidare med Monja og Sindre Mjelva som vertskap. Dei er i dag vertskap i fjerde hotellgenerasjon.

Nokre kjappe fakta

- 197 rom - Av desse 17 suitar  - Á la carte-restaurant - Buffé-restaurant - Bar og nattklubb - Gratis trådlaust Internett - Kongress-/konferanse- og selskapsavdeling - Spa: stor og profesjonell spa-avdeling - Innan- og utandørsbasseng - Eige barnebasseng - Treningsrom - Gåvebutikk - Veteranbilmuseum - Varierte aktivitetstilbod ute og inne - UNESCO Verdsarvområde - Ladestasjon for el-bilar

    Kontakt

    Adresse:
    • 6216 GEIRANGER
    Telefon:
    70 26 83 00
    E-post:
    geiranger@hotelunion.no
    Nettside:
    www.hotelunion.no

    Fasiliteter

    Frokost:
    Parkering:
    WIFI/Internett:
    Konferansefasiliteter:
    Lekeplass/lekerom:
    Restaurant:
    Treningsrom:
    Tilrettelagt for bevegelseshemmede:

    Hvor er Geiranger - Hotel union?