Hopp til hovedinnhold

Sunnmøre museum byr på mangfaldige museumsopplevingar. I friluftsmuseet er det samla bygningar frå heile Sunnmøre, som fortel om levemåten i det gamle bondesamfunnet. Dei fleste livnærte seg av ein kombinasjon av jordbruk og fiske. Husa var mange, dei stod tett og dei skulle fylle mange funksjonar. Naturtilhøva, næringsgrunnlaget og eigedomstilhøva har vore med og forma den særlege sunnmørske byggeskikken. Etter kvart vart skulen og bedehuset sentrale forsamlingshus i bygdene. I friluftsmuseet blir du kjend med alle dei ulike bygningane og funksjonane dei dekte.

Tradisjonar

Bygging og bruk av båt har lange tradisjonar på Sunnmøre. Ved kaia og i båthallen syner vi dei lange linjene i båttradisjonane på sunnmørskysten. Her blir du kjend med korleis folk levde i det førmoderne Sunnmøre.

Inne i hallen kan du sjå ei stor samling opne tradisjonsbåtar, mellom anna den einaste attverande originale sunnmørsåttringen. Utstillinga viser òg kopiar av jernalder- og vikingskip frå Fjørtoft og Kvalsund, basert på arkeologiske funn, og båtar knytte til andre verdskrigen.

Ved museumskaia ligg fleire båtar og fartøy. Fiskekuttaren MK Heland deltok i englandsfarten under andre verdskrigen som «shetlandsbuss». Borgundknarren er ein kopi av eit handelsskip frå 1000-talet funne i Roskilde fjord i Danmark, og han kan leigast til kortare eller lengre turar. Dei mindre, opne tradisjonsbåtane som ligg ved kaia, bruker vi i skuleformidling, og nokre av dei kan ein leige i sommarsesongen.

Sjå og gjere

Gå på oppdagingsferd i den nye utstillina vår "EG VAR HER - stemmene frå Sunnmøre". Her inviterer vi til deltaking og refleksjon. Få også med deg resepsjonen, finn dei gøymde bokstavspora, løys rebusen! Utstillinga er over to etasjar med tilkomst for rullestol og barnevogn.

Borgundgavlen er dessutan eit mykje brukt tur- og rekreasjonsområde, som er ope for publikum heile året. Her kan du spasere på fredelege skogsstiar, vandre mellom dei gamle gardstuna og kanskje avslutte med kaffi og svele i museumskafeen.

  • Facebook logo
  • Instagram logo
  • Trip Advisor logo

Viti

Se alle tilbudene til Viti

Tider

1. oktober 2022 - 30. april 2023

Mandag:
Stengt
Tirsdag:
12:00–18:00
Onsdag:
12:00–18:00
Torsdag:
12:00–18:00
Fredag:
12:00–18:00
Lørdag:
12:00–16:00
Søndag:
12:00–16:00

1. mai - 30. september 2023

Ukedager:
10:00–18:00
Lørdag:
12:00–16:00
Søndag:
12:00–16:00

Priser

Vaksen:
NOK 110
Barn (0-18):
Gratis
Gruppe 15+ (per pers):
NOK 75

Kontakt

Adresse:
  • Museumsvegen 12
  • 6015 Ålesund
Telefon:
+47 70 23 90 00
E-post:
post@vitimusea.no
Nettside:
www.vitimusea.no/musea/sunnmoere-museum

Fasiliteter

Kafé:
Souvenirer/butikk:
Parkering:
Toalett:
Tilrettelagt for bevegelseshemmede:
Sesong:
  • Høst
  • Sommer
  • Vinter
  • Vår

Hvor er Sunnmøre Museum?