Hopp til hovedinnhold

Rett ved Borgundfjorden i Ålesund, der skreien årvisst kjem inn for å gyte, låg byen Borgund. Dette var i mellomalderen den største byen mellom Bergen og Trondheim. Lite er synleg av Borgund i dag, men under jorda har arkeologane dei siste 80 åra avdekt korleis byen har sett ut, og korleis livet har vore for dei som budde der.

Historie

I vikingtida var Borgund ein marknadsplass som vart stadig viktigare for sunnmøringane. Midt på 1100-talet hadde Borgund vakse til ein liten by. Denne småbyen frå mellomalderen er det vi kallar Kaupstaden Borgund. Det var vanleg at kongen heldt ei vernande hand over dei norske byane, men for Borgund var det annleis. Like i nærleiken heldt stormennene på Giske til. Dei var mellom dei rikaste i landet og var vel tente med å verne ein by i nærleiken og handelen der.

Borgund var det største kyrkjesenteret mellom Bergen og Nidaros i mellomalderen. Jordebøker og brev nemner fire kyrkjer, og plasseringa til tre av dei er kjend. Ute på neset mot Borgundfjorden ligg enno restane av Margaretakyrkja. Kyrkja er truleg frå 1100-talet.

Om museet

Det er store samlingar knytte til funna ved Borgund og området i og rundt Middelaldermuseet. Mellom anna er den vakre Borgundnåla funnen her – og den kan du kjøpe kopi av i museumsbutikken.

Middelaldermuseet er bygd over dei arkeologiske funna, og ved å besøkje utstillinga får du sett på dei arkeologiske utgravingane, ein animasjonsfilm om korleis byen truleg har sett ut, og ei rekkje gjenstandar som er utstilte.

Museet har òg eit flott formidlingsrom. Dette rommet er også eit flott selskapslokale, som vi leiger ut.

Ope: Laurdag og søndag 12-16
Elles ope etter avtale. Kontakt tlf. 70 23 90 00

Viti

Se alle tilbudene til Viti

Tider

Man-fre: Ope etter avtale

Ukedager:
Stengt
Lørdag:
12:00–16:00
Søndag:
12:00–16:00

Priser

Vaksen:
NOK 110
Gruppe 15+ (per pers):
NOK 75
Barn (0-18):
Gratis

Kontakt

Adresse:
  • Museumsvegen 12
  • 6015 ÅLESUND
Telefon:
+47 70 23 90 00
E-post:
post@vitimusea.no
Nettside:
www.vitimusea.no/musea/middelaldermuseet

Fasiliteter

Parkering:

Hvor er Middelaldermuseet?