Hopp til hovedinnhold

Utsiktpunkt

Dei 418 trappetrinna opp til Aksla er ei oppleving i seg sjølv. Vi har ingen skyskrapar i Ålesund, men vil du opp på byens tak, så er det vesle byfjellet Aksla staden for deg. Du kan nesten ikkje seie du har vore i Ålesund utan å ha teke turen opp her. Start gjerne i gågata og ta nokre ekstra trinn frå Tusenårstrappa til det første fine utsiktspunktet over byen. Deretter kryssar du byparken, der du kan helse på statua av vikinghøvdingen Rollon frå Giske. Nyt dei ulike utsiktspunkta oppover med namn som Strykejernet og Byrampen.

Har du ikkje mista pusten av stigninga og trappene, så gjer du det no, av den fine utsikta til Nordsjøen på den eine sida, Sunnmørsalpane på andre sida, byen framfor deg og fugleøya Runde i horisonten. Etter ei lita pause, kan du følge stien innover Aksla til Rundskue, gå ned til Borgernes veg langs sjøen tilbake til byen, eller du kan studere dei artige trefigurane i skogen på veg ned Vannspringdalen til byen. Avslutt turen med ein av byens kjende fiskerettar som Bacalao de Noruega, hummersuppe eller klippfiskpizza.

Ålesund er omringa av hav på alle kantar, og fiskeri er sjølve livsnerven i byen. Ta difor turen til Atlanterhavsparken Akvarium og Vitensenter og opplev livet i havet. 

Andre kortreiste opplevingar 

Kysten vår har ei rik historie både når det gjeld industri og fiske. Sjøvegen var inga hindring for øybuarane. Sjølv om det no er fastlandsforbindelsar til øyane, kan det vere ei rik oppleving å prøve øyhopping til Nordøyane og Ona. Eit perfekt område for ein sykkelferie, finn dei flotte kvite badestrendene, og besøk dei ulike fyra på reisa. 

I tillegg er fjordane kanskje nærmare enn du trur. Geirangerfjorden og Hjørundfjorden er våre to mest kjende fjordar. Like flotte vinter som sommar, kanskje faktisk endå meir spesielt i den kalde og kvite perioden. 

Korleis kjem du deg til Ålesund

Ålesund Lufthamn Vigra er nærmaste flyplass, berre 20 minutt frå sentrum. Her går fleire daglege avganger frå andre store norske byar, og internasjonale ruter.
Tog: til Åndalsnes med busskorrespondanse til Ålesund.
Båt: Havila Kystruten og Hurtigruten.
Buss: Det går dag- og nattbussar frå Oslo, i tillegg til gode bussforbindelsar til Bergen og Trondheim. 
Bil: Lett tilkomst frå Bergen, Oslo, Trondheim

Et merkeikon

Reiseinspirasjon

Her har vi samlet en rekke artikler skrevet av personer med god kjennskap til vår region. Bla deg gjennom sider med inspirasjon og sett sammen det perfekte opphold for deg. Kanskje oppdager du noen bortgjemte perler?

Kommende arrangementer

#visitalesund

Følg oss i våre sosiale media

  • Facebook

    @visitalesund

  • Instagram

    @visitalesund

  • YouTube

    visitalesund