Øylandskapet der havet har siste ord
Nord for Ålesund finn du eit unikt øyrike – eit belte av små og store øyar som strekkjer seg mot Harøyfjorden. Dette er Sunnmørskysten på sitt mest ekte, der havet, historia og kvardagen alltid har høyrt saman. Nokre av øyane har fastlandssamband via Nordøyvegen med bruer og tunnellar, medan andre – som Ona og Sandøy – berre kan nåast med båt eller ferge. Her ute har folk levd av og med havet i generasjonar. Fiskeri, landbruk og verftsindustri er framleis bærebjelkar i lokalsamfunna.
Opplevingar langs Nordøyvegen - ny veg til gamle øysamfunn
Med Nordøyvegen er fleire øyar nord for Ålesund, som Harøya og Finnøya, blitt tilgjengelege med bil. Dei markerer endepunktet for vegen og byr på levande øysamfunn. Her finn du flotte turstiar gjennom variert natur, og utleige av kajakk og anna vannsportutstyr – perfekt for deg som vil oppleve havet på nært hald.
På Finnøya ved fergekaia finn du både hotell med restaurant og badelandet «Håp i havet» – bokstaveleg talt eit stup unna fjøra og ei overrasking midt i det rolege øylivet.
Ferge til Ona og Sandøy – ekte øyferie på Sunnmøre
Opplev ekte kystkultur og roleg øyliv og ta ferga frå Finnøya til Ona og Sandøy – to av dei vakraste og mest særeigne øyane nord for Ålesund. Ei reise gjennom kystlandskapet, heilt ut til ytterkanten av landet.
Ona og Husøy er eit levande fiskevær med lange tradisjonar. Her ruslar du mellom naust og smale vegar, med vinden i håret og havet som bakteppe. På toppen av øya ruvar Ona fyr, eit ikon for heile kysten.
Sandøy byr på opne landskap, lune viker og eit autentisk øysamfunn – perfekt for deg som vil senke skuldrane og oppleve det langsame livet.