Hopp til hovedinnhold

Sjå selen i auga

Det er ikkje mange andre byar der du kan stå auge til auge med ein sel, klappe ein kråkebolle eller sjekke ut om du er like rask som ein laks. Atlanterhavsparken har opplevingar i akvariet og aktivitetar i vitesenteret for både dei kunnskapstørste og dei aktivitetshungrige i familien. Du kan fiske krabbe som eit rovdyr, lage demning som ein bever eller skli på armane på ein svær blekksprut som ein liten småfisk. Her kan du verkeleg leve deg inn i livet både over og under vatn.

Svøm med straumen

Om det ikkje er nok for deg å sjå og ta på fisken, så kan du ta steget vidare og hoppe uti Bybadet. La deg bli ført rundt av straumen i kanalen. Kjenn spenninga i bølgjebassenget og skli ut i vatnet i ei av dei raskaste badeskliene i landet. Etter mykje fart og moro kan du få nye krefter i boblebadet eller badstova.

Leik deg i havkanten

Lyst til å prøve noko nytt? Rett ved Atlanterhavsparken kan du kaste deg uti coasteering. Med hjelm og våtdrakt oppdagar du havkanten med å svømme, hoppe, dykke og klyve i fjøra og Atlanterhavet. Kanskje overraskande: Den beste opplevinga får du i stygt vêr!

Stig opp over havoverflata

No er det kanskje på tide å få hovudet godt over vassoverflata. Like ved Bybadet kan ivrige ungar telje alle trappestega på veg opp byfjellet Aksla. For dei litt eldre kan ein teste om Via Ferrata vere ein god omveg opp til fantastisk utsyn over Ålesund. Ta med gode sko og byks deg opp over fjellsida.

Via Ferrata er ope i haust. Book deg tid og klatr deg til toppen av byfjellet Aksla. |© Simon Sjøkvist

Kvil med stil

Visste du at ein oter kviler like lenge som menneske er vakne? Dei bruker sytti prosent av tida si på å slappe av. Likevel kan ikkje otrane nyte gode hotellsenger og stor frukost. I Ålesund ligg hotella slik at du er tett på byen og aktivitetane samtidig som du får ro til både kvile og kos. Hotel Noreg kan tilby både bade- og akvariepakke til ein god pris.

Finn hotellet som passar for deg

Gli gjennom vatnet

Det er kort veg frå Ålesund sentrum til både stutte og lange turar i fjell og fjøre. Uteguiden Ålesund tilbyr familietur i kajakk midt i Brosundet. Gli smidig gjennom vatnet. Kjenn på balansen. Kom heilt nær sjøen. Eller kom deg opp i Sunnmørsalpane, pust inn fjellufta og ta ein pause før du reiser inn til byen igjen.

Kjenn roen på vatnet og pulsen av byen når du padlar inn og ut av Brosundet.|© Uteguiden

Naturopplevingar i byen og på Alnes

La tankane flyte

Midt i den storslåtte naturen finst lommer av kunst, historie og arkitektur. På Jugendstilsenteret og KUBE kan du ta tidsmaskinen tilbake til bybrannen eller la deg undre av ny samtidskunst. Ein kort svipptur ut av sentrum ligg Sunnmøre Museum. Her kan du oppleve bygdesamfunnet slik det var med historiske bygningar og engasjerande aktivitetar for små og store. Like ved er ein dyreklubb med hestar, chinchillaer og kalkunar.

Ålesund har både kunstmuseum, eit stort historisk museum og sjølvsagt eit eige senter for jugendstil. |© Tony Hall/Jugendstilsenteret

Sjå kva musea og dyreklubben har å by på

Mums mat i byen

Ålesund har eit stort utval av kafear og restaurantar. Du kan oppleve store måltid frå lokale råvarer, som klippfisk og viltkjøt, eller meir intim familiestemning med taco på restaurant. Etter eit godt måltid kan du glede deg over både unike nisjebutikkar og velkjende kjedebutikkar. Kanskje vil du også shoppe litt før bølgjene tek deg tilbake til kvardagen?

Meir reiseinspirasjon frå Destinasjon Ålesund & Sunnmøre og Visit Nordvest