Hopp til hovedinnhold
  • Søk
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
  • Reiseinspirasjon
  • Fjord Norway logo
    Fjord Norway logo
  • Søk
  • Utforsk kart
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
    • Reiseinspirasjon
    • Utforsk kart
Sport og utendørsaktiviteter

Molladalen - Noregs Patagonia

Vår, sommer, høst
Sist oppdatert: 26.09.2024
© Oddgeir Visnes / TIBE
© Oddgeir Visnes / TIBE

På Sunnmøre i Møre og Romsdal finn du Molladalen, eit helt spesielt fjellområde.

Klatreinstruktør og guide i området Carl Wernhoff meiner fjellandskapet her er heilt unikt for Noreg, og kallar det Noregs Patagonia. Molladalen ligg rundt ein halvtimes køyring frå Ørsta på Søre Sunnmøre, og er ei eineståande oppleving. Denne kjempemessige gryta, mellom taggete tindar er både eit klatreeldorado og eit eventyrleg toppturmål. Men også like aktuell for alle som vil på ein ikkje altfor tøff tur og berre nyte dei vakre omgjevnadene.

Carl Wernhoff er aktivitet- og guideansvarleg i Ræin, ei aktivitetsbedrift som har stort fokus på naturbasert reiseliv med berekraft i fokus.

- Molladalen er eit heilt unikt fjellandskap for Noreg, fortel den engasjerte guiden.

Noregs eige Patagonia

Turen til Molladalen startar ved Melbøsetra/Barstadsætre inst i Barstaddalen. Herifrå følgjer du ei godt merka rute langs Molladalselva, vidare opp mellom Nyfjellet og Svinetind, opp til Storevatnet (774 moh.), som er det største vatnet i Molladalen. Turen tek ca. 2 timar.

- Her kan ein bade i det klare fjellvatnet med utsikt til ei vakker fjellkjede. Eg likar å seie at dette er Norges Patagonia, ler Wernhoff.
Uteguiden - Hovedkontor og møteplass på Stranda

Uteguiden - Hovedkontor og møteplass på Stranda

Plassert midt i Sunnmørsalpene med Stranda Skisenter som nærmeste nabo, er dette vinterparadiset for skiglade gjester.

Eit eldorado for klatring

Carl Wernhoff kjem frå Sverige, men vaks opp og har budd store delar av livet sitt i nærleiken av fjell. I barneåra budde han i Alpelanda, og i ungdomstida med fjellandskap i USA som omgjevnader.

- Då eg skulle flytte heimover spurte eg meg sjølv kvar den beste fjellrekkja i Skandinavia var. Då blei Møre og Romsdal eit naturleg val.

I dag er han sertifisert klatreinstruktør i høgfjell og skredinstruktør, og lev av å gi menneske eventyrlege naturopplevingar.

© Oddgeir Visnes / TIBE

Bladet

Molladalen er eit perfekt utgangspunkt for klatreglade menneskje. Den mest populære turen er kanskje Bladet som ligg på rundt 1300 moh. For vanlege turgåarar kan det sjå nokså umenneskeleg ut å klyve opp på det høge og tynne bladet, men saman med ein erfaren guide og klatreutstyr er toppen oppnåeleg for dei fleste.

Bladet i Molladalen, Ørsta.

Klatretur til Bladet i Molladalen

Bokstavelig talt ett av høydepunktene innen aktivitet i regionen! En luftig og spektakulær opplevelse med Ræin Adventures i Sunnmørsalpane.

- Det er ein lang tur, men relativ enkel klatring (grad 4), og noko alle kan få til, meiner guiden. På toppen av Bladet er det eit område som er omtrent så stort som ein pizza, der ein kan strekkje hendene i været og kjenne på fridomen samstundes som ein nyt den spektakulære utsikta over majestetiske Hjørundfjorden og Sunnmøre, fortel klatreinstruktøren, som gjerne tek deg med på tur.
© Oddgeir Visnes / TIBE

Carl Wenhoff´s favorittar

Vi spør den erfarne guiden kva for andre favorittar han har i området – i tillegg til Molladalen.

- Eg er veldig glad i Geirangerfjella og Tafjordfjella. Mykje fordi ein ser litt mindre turistar der en elles, så her kan du fort få fjellet heilt for deg sjølv.

Han trekkjer også fram Sunndalsøra som ein favoritt, og då overnattar han aller helst hos Phillipshaugen Lodge.

- Treng du anna overnatting, er Petrines Gjestgiveri i Norddal og Kilsti Compact Lodge i Eidsdal nokre av mine favorittar, fortel Wernhoff.

Overnatting

Les mer om utvalgte sted og attraksjoner fra Sunnmøre - Ålesund & Geiranger.

Sagafjord Hotel by Classic Norway Hotels

Sagafjord Hotel by Classic Norway Hotels

Det lille koselige hotellet på Sæbø ved Hjørundfjorden. For store opplevelser midt i de mektige Sunnmørsalpane.

Havila Hotel Ivar Aasen

Havila Hotel Ivar Aasen

Havila Hotel Ivar Aasen er lokalisert i Ørsta sentrum ved Ørstafjorden, omkransa av dei majestetiske Sunnmørsalpane. 

Sjå fleire opplevingar på Sunnmøre - Ålesund & Geiranger

Alt mellom bakkar og berg ut med havet

Møre og Romsdal er verdenskjent for sin spektakulære natur. Hit kommer både Hollywoodregissører, backpackere, nyfødte og hundreåringer. Her får du en oversikt over noe av det du kan oppleve.

Finn ut mer

Relaterte artikler

Norges råeste bilturer - fra indre ro til ytre råskap

Norges råeste bilturer - fra indre ro til ytre råskap

Spektakulære fjellveier, ikoniske broer og naturopplevelser som tar pusten fra deg. Opplev Atlanterhavsvegen, Trollstigen, Geiranger, Aursjøvegen, Runde og andre skjulte perler langs fjorder, i havgapet og tett på fjellene.

Alpepass — eitt heiskort, ni gonger så mykje snø

Alpepass — eitt heiskort, ni gonger så mykje snø

Nord på Vestlandet, der fjella reiser seg frå havet og fjordane, ventar ni ulike skianlegg. Her får du fjordutsikt, tørr snø og over 32 skiheisar med eitt heiskort.

  • Bildebank
  • Kurs og konferanse
  • Bransje
Fjord Norways sekundærlogo
Om Fjord NorgeOfte stilte spørsmålPersonvernRegistrer arrangement