Hopp til hovedinnhold
  • Søk
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
  • Reiseinspirasjon
  • Fjord Norway logo
    Fjord Norway logo
  • Søk
  • Utforsk kart
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
    • Reiseinspirasjon
    • Utforsk kart
Turforslag

6 tips til ro i sjela og rå kystopplevingar tett på Atlanterhavet

Haust
Sist oppdatert: 18.09.2026
Atlanterhavsvegen vinternatt
Kom tett på Atlanterhavet når du kjøyrer Atlanterhavsvegen.|© Svein Erik Knoff
Kom tett på Atlanterhavet når du kjøyrer Atlanterhavsvegen.|© Svein Erik Knoff

Køyr Atlanterhavsvegen. Opplev byane Ålesund og Kristiansund. Eller kom heilt ut til kysten på Brandal og Runde. Her kan du kjenne vinden, smake klippfisken, oppleve dyrelivet og oppdage historiene som har forma livet langs kysten.

Havet luktar annleis på hausten – skarpare, saltare, som om vinden har teke med seg noko frå lenger ute. Her finn du indre ro midt i ytre råskap. Her har dei som bur her bygd ein veg som toler stormen. Du kan nyte eit måltid med noko som vart henta opp av sjøen same dag. Du kan sjå langt ut mot horisonten frå toppen av bratte fjell. Langs kysten av Møre og Romsdal møter du Atlanterhavet på mange måtar. Her får du seks tips til opplevingar langs kysten av Nordvestlandet.

Høstlys i Ålesund med Molja fyr
I Ålesund ser du lyset endre seg kvart minutt ved Molja fyr. | © Eline Karlsdatter Fladseth

1. Still nysgjerrigheta i Ålesund

Kva lever eigentleg i havet? I Atlanterhavsparken får du svaret. Det er eit av dei største saltvassakvaria i Europa. Stikk handa ned i kaldt saltvatn og kjenn ein kråkebolle pigge tilbake, eller følg med når oteren og selen blir mata rett framfor deg. Vitensenteret gir deg attpåtil ei djupare forklaring på kvifor havet utanfor er så rikt.

Få hotell ligg betre til for solnedgang over Atlanterhavet enn Quality Hotel Ålesund. Det er eit godt utgangspunkt for å oppleve kyst- og sjøfartsbyen der jugendstilbygningar speglar seg i vassflata, og lokal mat blir servert frå eit yrande restaurantliv.

Personer ser på dyrelivet på akvariet
ett på ei anna verd: i Atlanterhavsparken møter du havet frå innsida. | © Fjord Norway
Utendørs selbasseng med man som forer selene.

Atlanterhavsparken i Ålesund – det norske akvariet og marine vitensenter

Se sel, pingvin og oter på nært hold, og snakk med dykkeren i Atlanterhavstanken, i en av Europas største akvarietanker.

Hotellet med byfjellet Aksla i bakgrunnen.

Quality Hotel Ålesund

Bo midt i jugendstilbyen Ålesund, med sjøutsikt, solnedgang fra terrassen og byens restauranter, butikker og opplevelser like i nærheten.

2. Klippfisk og kystkultur i Kristiansund

Kva er det som har forma folket langs denne kysten? I Normoria, midt i Kristiansund, ligg Nordmørsmusea sin heilårige hovudutstilling. Her får du bli med gjennom historia til Nordmøre og Kristiansund – frå ein by som har vore vendt mot verda sidan 1700-talet, til folka som har levd av og med havet. Kulturhuset er også inngangsporten til alle dei andre besøksstadene til Nordmørsmusea, spreidde rundt om på Nordmøre.

Vil du sjå historia i praksis? Berre eit steinkast unna ligg Mellemværftet, Noregs einaste «levande» skipsbyggingsmuseum, etablert i 1856. Her er handverket knytt til skipsbygging framleis i bruk den dag i dag. Saman er Normoria og Mellemværftet to sider av same forteljing: korleis havet vart til arbeid, handverk og mat.

Byen sjølv, kalla «Atlanterhavsbyen», ligg spreidd på fire øyer bundne saman av Sundbåten. Mellom stoppa kan du kjenne fiskearven på tunga, med tradisjonsrettar som bacalao og den lokale varianten av fish and chips, «fishan».

Kulturhuset Normoria i Kristiansund
Når kvelden fell på, lyser Normoria opp midt i Kristiansund. | © Heine Schølberg / Normoria

Slik opplever du historia i Kristiansund

Frå kulturhuset midt i byen til verkstaden der handverket framleis lever: her er tre måtar å kome tett på klippfiskbyen sin historie.

Normoria – Nordmørsmuseas hovedutstilling i Kristiansund

Normoria – Nordmørsmuseas hovedutstilling i Kristiansund

Midt i Kristiansund finner du Normoria, der Nordmørsmusea viser sin hovedutstilling og skiftende kulturopplevelser under samme tak.

Mellemværftet - levende skipsverftsmuseum

Mellemværftet - levende skipsverftsmuseum

Norges eneste "levende" skipsbyggingsmuseum - grunnlagt i 1856 og beliggende i hjertet av Kristiansund.

Guidet tur - Kunst, kultur og arkitektur

Guidet tur - Kunst, kultur og arkitektur

Guidet gåtur gjennom Kristiansund sin historie, kultur, kunst og arkitektur. Besøk de ikoniske byggene i denne byen som ble kåret til året Kulturkommune i 2025.

3. Der vegane utfordrar havet

Kva krevst det å byggje ein veg midt i eit ope hav? Atlanterhavsvegen, ofte kalla «vegen i havet» og kåra til hundreårets byggverk i 2005, er svaret. Vegen slyngjer seg over åtte bruer frå Kårvåg til Vevang i Hustadvika. Her er havet ikkje bakgrunn eller nabo, slik det er dei andre fire stadene – det er sjølve motstandaren ingeniørane bygde mot, og som framleis skyl over vegbana i hardt vêr.

Du kjem like tett på havet på dei snirklete vegane og bruene til fugleøya Runde og til Veiholmen, det fargerike fiskeværet på Smøla. Når bølgjene går høgt og vinden tek seg opp, får du verkeleg kjenne kreftene i havet. Nyt synet frå trygg avstand, og gi naturkreftene den plassen dei treng.

Nasjonal Turistveg Atlanterhavsvegen
Svevestien på Atlanterhavsvegen snor seg vidare ut mot havet, med sola lågt over horisonten.|© Roger Ellingsen Statens vegvesen
Alanterhavsveien solnedgang

Nasjonal turistveg Atlanterhavsvegen

Nasjonal turistveg Atlanterhavsvegen er en unik veistrekning som fører deg helt ut i storhavet.

Fiskeværet Veiholmen med havet og solnedgangen i bakgrunnen, og en fiskebåt på vei inn i forgrunnen.

Fiskeværet Veiholmen

Veiholmen er et levende fiskevær som ligger ytterst mot nord på Smøla og er knyttet til hovedøya med en vei som med bruer, fyllinger og beskyttende moloer er en opplevelse i seg selv.

4. Oppdag ishavshistoria på Brandal

Kva kravde det å hauste frå eit hav utan nåde? I over 100 år dreiv ishavsflåten frå den vesle bygda Brandal selfangst og overvintring i Arktis – eitt av dei farlegaste yrka i norsk historie. Ishavsmuseet Aarvak fortel historia gjennom fleire etasjar med utstillingar, og lèt deg kome om bord i den eldste treskuta som var spesialbygd for selfangst.

Museet ligg på Brandal i Hareid, mellom Ålesund og Runde, og er eit av Noregs mest særeigne spesialmuseum om norsk polarhistorie.

Ishavsmuseet Aarvak tek deg tett innpå historia om isbjørn og polarferder.
Ishavsmuseet Aarvak tek deg tett innpå historia om isbjørn og polarferder. | © Cecilie Hatløy
Ishavsmuseet Aarvak – polarhistorie i Brandal sør for Ålesund

Ishavsmuseet Aarvak – polarhistorie i Brandal sør for Ålesund

I den vesle kystbygda Brandal sør for Ålesund ligg eit av Noregs mest særeigne spesialmuseum, vigd til ei innhaldsrik fangst- og polarhistorie.

5. Vill natur på Runde

Kva skjer med fugleøya når sommargjestar og trekkfuglar har reist? Om hausten og våren kjem det ekte sunnmørske ruskevêret ofte før du har rekt å kneppe att jakka, og då viser øya seg frå ei anna side enn i juli. Her kan du møte naturguidar som gir deg spennande opplevingar i fjøra, på fuglefjellet og til havs.

På Runde Miljøsenter kan du gå endå djupare inn i kunnskapen guidane gir deg. Her finn du utstillingar om fuglelivet, om hemmelege gullskattar i havet frå skipsforlis, og om det mektige havet som omgir øya.

Kjenn roa og kreftene på toppen av Runde.
Kjenn roa og kreftene på toppen av Runde. | © Eline Karlsdatter Fladseth
Runde Miljøsenter

Runde Miljøsenter – Besøkssenter og opplevingar

Aktivitetar og opplevingar for store og små – lær om fuglelivet, gullskatten og nyt ein pause i kaféen på Runde Miljøsenter.

6. Midt i fylket, midt i båtbyggartradisjonen i Vestnes

Midt på Nordvestlandet finn du Vestnes. Det er ei av bygdelaga der båtygging og skipsbygging har stått, og framleis står sterkt. Her har det blitt bygd trebåtar, både mindre fiskebåtar, og større skøyter for havfiske. På det meste leverte dei største verfta ein båt kvar arbeidsdag.

Midten av Møre og Romsdal er ein perfekt base for å oppleve kysten. Vestnes fjordhotell ligg midt i bygda, og du kjem deg lett til dei andre attraksjonane i regionen.

Vestnes Fjordhotell med utsikt

Vestnes Fjordhotell

Hotellet ligger sentralt i Vestnes sentrum- mellom byene Ålesund og Molde. Kort vei til både fjord, fjell og et bredt utvalg av aktiviteter for hele familien.

Sov godt langs Atlanterhavet

Uansett kva perspektiv du vel, ligg overnattinga rett ved vegen vidare. Lev heilt tett på havet på Runde, bu midt i byen med havsutsikt i Ålesund, eller bu midt mellom attraksjonane ved Vestnes Fjordhotell.

visitnorthwest.no

Opplev meir

3 overnattingar tett på naturen i Møre og Romsdal

3 overnattingar tett på naturen i Møre og Romsdal

Nokre stader bur du ikkje berre nær naturen. Du bur i han. Her på Nordvestlandet kan du bu på eit historisk hotell med spa ved fjorden, eit nyrenovert tømmerhus frå 1810 under tindane i Åndalsnes, eller panoramahytter med havutsikt på Runde.

Smaken av landskapet – få fjord, fjell og kyst på fatet og i glasset

Smaken av landskapet – få fjord, fjell og kyst på fatet og i glasset

Velkommen til ei reise der hver bit smaker av landskapet du er i. Møre og Romsdal er en matregion der fjord møter fjell, der hav møter land – der indre ro møter ytre råskap.

  • Bildebank
  • Kurs og konferanse
  • Bransje
Fjord Norways sekundærlogo
Om Fjord NorgeOfte stilte spørsmålPersonvernRegistrer arrangement