Hopp til hovedinnhold
  • Søk
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
  • Reiseinspirasjon
  • Fjord Norway logo
    Fjord Norway logo
  • Søk
  • Utforsk kart
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
    • Reiseinspirasjon
    • Utforsk kart
Reisetips

3 overnattingar tett på naturen i Møre og Romsdal

Hele året
Sist oppdatert: 09.10.2026
runde panorama
Kvelden søkk i havet ved Runde Panorama, og du treng ikkje gjere anna enn å sjå på.|© Memoria
Kvelden søkk i havet ved Runde Panorama, og du treng ikkje gjere anna enn å sjå på.|© Memoria

Nokre stader bur du ikkje berre nær naturen. Du bur i han. Her på Nordvestlandet kan du bu på eit historisk hotell med spa ved fjorden, eit nyrenovert tømmerhus frå 1810 under tindane i Åndalsnes, eller panoramahytter med havutsikt på Runde.

Kjenn stormen som slår mot vindauget medan du sit trygt innanfor, sjå fjellet du skal vandre på i morgon frå soveromsglaset, eller gå frå eit varmt spabad rett ut i den kalde fjorden.

Her er tre unike overnattingar som alle ligg tett på naturen, på kvar sin måte. Ute ved storhavet på Runde, tett opp under tindane i Åndalsnes og heilt nede ved fjorden i Angvik.

Angvik Gamle Handelssted ein haustdag: stille kai og fjorden som nærmaste nabo.
Angvik Gamle Handelssted ein haustdag: stille kai og fjorden som nærmaste nabo. | © Classic Norway

Runde Panorama gir deg havet rett inn på rommet

På fugleøya Runde, nokre timar sør for Ålesund og nordvest for Geiranger og Loen, ligg ni hytter vende mot det ope havet. Dei er plasserte varsamt i terrenget, med store panoramavindauge. Namna deira ber historier om forlis, skattar og lokale hendingar frå Runde: Batavia Dream, Castillo Negro, og Pulcinella etter lundefuglen.

Her kan du vandre på Rundefjellet og besøke Runde Fyr. Dersom du bookar ein guida tur kan du høyre forteljingane om funnet av ein tapt gullskatt, den papegøyeliknande lundefuglen og den unike naturen på Runde. På Runde Miljøsenter kan du sjå utstillingar, bli med på vandring og aktivitetar som tangsafari og coasteering i sjøen. Her går alt i eitt med naturen.

Om hausten og vinteren skiftar staden karakter. Då er det vêret som er hovudattraksjonen. På hausten får du dei vakraste solnedgangane, lyset endrar seg time for time, og landskapet er måla i raudt, gult og oransje. Det er også på denne tida du kan oppleve uvêret som kjem inn frå havet, vinden som ular og bølgene som slår mot land medan du sit inne i varmen. På vinteren kan du oppleve heile Runde med eit kvitt teppe over landskapet. Roa etter snøen har lagt seg er noko ein er nøydd til å oppleve for å forstå.

Nyt ein kaffikopp frå senga - på Runde ser du rett ut på det opne havet.
Nyt ein kaffikopp frå senga - på Runde ser du rett ut på det opne havet. | © Eline Karlsdatter Fladseth
Solnedgang ved Runde Panorama

Runde Panorama

Bu med panoramautsikt mot storhavet på Runde – moderne leilegheiter nær lundefugl, fuglefjell og storslåtte naturopplevingar langs kysten.

Gjestehuset Østigård 1810 mellom Romsdalseggen og Trollveggen

Ikkje langt frå Åndalsnes, rett att med fiskeelva Rauma, står eit tømmerhus frå 1810 på eit gardstun. Garden har vore i same familie i generasjonar. Med peis i stova, moderne bad, fleire soverom og eit langbord med rikeleg plass er dette den perfekte staden å samle familien, gjengen eller kurset.

Utanfor står Venjetindane og rundt ligg Romsdalen med Trollstigen, Trollveggen og Romsdalseggen. Det er noko med desse fjella som gjer forteljingane i eventyrboka levande. Den svingete vegen opp Trollstigen, tindar som berre dei tøffaste tør å klatre og fotturar med uforgløymeleg utsikt.

Østigård er ein fin stad å bruke som base. Gå ut om morgonen, kom heim om ettermiddagen, fyr i peisen og lag middag til heile flokken. Østigård har óg to fiskevald i Rauma, Storhølen og Nausthola. Som gjest kan du kjøpe fiskekort og få tilgang til båten ved elva. I nærleiken finn du også Romsdalsgondolen, Via Ferrata, Rampestreken, Tindesenteret og Åndalsnes sentrum fylt med restaurantar og aktivitetar for heile familien.

Fyr i peisen og bare tømmervegger i det restaurerte huset på Åndalsnes
Med peis i stova og langbordet dekka - her samlar du gjengen. | © Lev Landlig/Østigard1810
Fyr i peisen og bare tømmervegger i det restaurerte huset på Åndalsnes

Østigård 1810

Historie i tømmerveggene, Trollstigen som nærmeste nabo. Bo på en levende gård i Romsdalen, fem minutter fra Åndalsnes.

Nyt spa og velvære rett ved fjorden på Angvik Gamle Handelssted

Ved Tingvollfjorden, ikkje så langt frå Atlanterhavsvegen, Kristiansund og Molde, ligg Angvik Gamle Handelssted. Her har dei teke imot reisande sidan 1500-talet, då hollandske seglskip ankra opp i bukta for å kjøpe tømmer.

Det tidlegare tømmerstabburet frå 1700-talet har blitt gjort om til Badehuset Spa. Varmebad, dampbad og badstue i eit gammalt hus med moderne tilbygg. Her kan du søkke ned i det varme vatnet, og etterpå ned i den kalde fjorden. Du kan óg bestille fleire ulike avslappande behandlingar.

Angvik har 37 rom, dei fleste med fjordutsikt, og byr på ein perfekt balanse mellom eksklusivitet og heimekos. Filosofien til Angvik er å bruke mest mogleg av det som den lokale naturen byr på. Kjøkkenet hentar råvarene i nærområdet og serverer deg både tre- og femrettars middag med god drikke attåt. Med nasjonalromantisk kunst på veggane, eige museum og galleri kan du gå rundt i evigheiter og lære om smått og stort.

Frokosten på Angvik smakar ekstra godt med fjorden rett utanfor døra.
Frokosten på Angvik smakar ekstra godt med fjorden rett utanfor døra. | © Angvik Media/Angvik Gamle Handelssted
Angvik Gamle Handelssted by Classic Norway Hotels

Angvik Gamle Handelssted by Classic Norway Hotels

500 år med gjestfrihet på Nordmøre. Familiedrevet hotell med spa og god mat tett på fjorden. Perfekt base for Atlanterhavsvegen, Innerdalen og Sunndalsfjella.

Reis frå Loen og Geiranger til Åndalsnes og Tingvollfjorden

Vil du sjå havet, fjellet eller fjorden? Opplev alle tre og køyr strekninga mellom dei. Kjem du nordover frå Bergen, kan du starte turen på Runde som ligg nordvest frå fleire kjende stader som Loen, Olden og Geiranger.

Ta eit par netter på Runde Panorama og opplev krafta av havet og Runde Fyr. Køyr så vidare til Ålesund og deretter Åndalsnes. På vegen kan du sjå deg rundt i den vakre jugendstilbyen. Når du kjem til Åndalsnes, startar eventyret med Østigård 1810 som base. Her er det berre å velje og vrake mellom tindar og rolegare vandreturar. Ta Romsdalsgondolen opp til Eggen Restaurant og nyt utsikta.

Etter nokre netter i dette fjellriket vil neste stopp gi deg ro og avslapping. Ein og ein halvtime nord for Åndalsnes kan du sjekke inn på Angvik Gamle Handelsted og nyte bad, spa og ein femrettars middag rett ved fjorden. Ein perfekt avslutning på rundreisa.

visitnorthwest.no

Opplev meir

6 tips til ro i sjela og rå kystopplevingar tett på Atlanterhavet

6 tips til ro i sjela og rå kystopplevingar tett på Atlanterhavet

Køyr Atlanterhavsvegen. Opplev byane Ålesund og Kristiansund. Eller kom heilt ut til kysten på Brandal og Runde. Her kan du kjenne vinden, smake klippfisken, oppleve dyrelivet og oppdage historiene som har forma livet langs kysten.

Unike overnattingssteder i Møre og Romsdal

Unike overnattingssteder i Møre og Romsdal

Er du en som søker unike ferieopplevelser – også på natta? Her får du tips om helt spesielle overnattingssteder i Møre og Romsdal, enten du elsker lun luksus eller rå natur. Eller kanskje helst en kombinasjon av disse! 

  • Bildebank
  • Kurs og konferanse
  • Bransje
Fjord Norways sekundærlogo
Om Fjord NorgeOfte stilte spørsmålPersonvernRegistrer arrangement