Runde Panorama finn du på den spektakulære fugleøya Runde som ligg i Herøy, Møre og Romsdal. Hyttene er nøye plassert i terrenget og har lite direkte innsyn til kvarandre. Her har du alt du treng for eit opphald ytterst i havet. På terrassen kan ein nyte solnedgangen etter ein dag med opplevingar. Like flott heile året: sommaren med flotte turar på fuglefjellet og til sjøs, og vinteren med stormar og fyr i peisen. Her kan du virkelig føle vêret på kroppen. Hugs alltid å sjekke vermeldingane før du legg ut på tur, og høyr gjerne med vertskapet for å få gode innspel.
Runde Panorama består av 9 luksuriøse hytter, der alle hyttene har eigne namn knytt til ei eller fleire historier frå øya.
Om hyttene
- Hytte I : «Ocean Blue» ligg så nærme storhavet som ein kan kome
- Hytte II : «Batavia Dream» er hytta som har sitt fotfeste frå historia til «Akerendam», og peikar i retninga til forliset ved Kvalneset
- Hytte III : «Highlight View» ligg skapelig til med ei fantastisk utsikt over Langeneset fyr, Flø og Harøya
- Hytte IV : «Ørneredet» ligg i gå avstand til Langeneset fyr, der havørna har ein av sine utkikkspostar
- Hytte V : «Castillio Negro» stammar frå sagnet om “den uovervinnelige borg” frå den Spanske armada
- Hytte VI : «Eden» namnet kjem frå fuglearten Ærfugl (Somateria Mollisima)
- Hytte VII : «Østen Pilot» har ei dobbel betydning, som er knytta både til loshistoria på Runde, og retninga Akerendam segla før den forliste ved Kvalneset
- Hytte VIII : «Trollvogga» er namnet på hytta som stammar frå den verdenskjente steinformasjonen lokalisert i sørenden av Rundefjellet
- Hytte IX : «Pulcinella» (Pulcinella Di Mare) og betyr lundefugl på Italiensk
Aktivitetar på Runde
På øya fins fleire aktivitetar og opplevingar som kan freiste for å få det unike opphaldet. På Runde Miljøsenter/Opplev Runde kan du bestille guida opplevingar eller turar, og ta deg med på ein guida båttur rundt øya, eller på fuglesafari på fjellet og i Lundeura. Her finn du og fleire utstillingar, mellom anna utstillinga av den verdskjende Rundeskatten som stammar frå det nederlandske skipet «Akerendam» som forliste utanfor øya i året 1725.
Christineborg Gjestehus ligg «vegg i vegg» med Runde Panorama, her kan du kjøpe frukost og spise i restauranten.