Hopp til hovedinnhold

Opplev sju ulike måtar å kombinere vinteraktivitetar med velvære i ein av landets mest spektakulære regionar – anten du kjem til jul, påske, vinterferie, helgetur eller ein avstikkar midt i veka.

I Møre og Romsdal er det er kort veg frå fjord og hav til alpine fjell, hit kjem du deg med tog frå Oslo og Trondheim, fly til Ålesund, Molde, Kristiansund eller Ørsta/Volda og ekspressbussar frå Bergen, Oslo og Trondheim.

Her er sju måtar å oppleve kontrastane:

1. Kulturopplevingar i dramatisk natur

Møre og Romsdal om vinteren er eit skodespel der naturen er regissør. Vinterlandskapet og stormvêret skaper dramatikk få andre vinterdestinasjonar kan matche. Og når naturen viser fram råskapen, svarar kulturlivet med opplevingar som gir indre ro - eller kanskje gjer landskapet endå råare. Opplev Geiranger under Lyskunstfestivalen i februar. I Kristiansund har Normoria blitt det nye møtepunktet for folk og kultur, med eit heilt nytt historisk museum, ei levande scene for opera, musikk og teater og Operafestukene i Kristiansund. Molde byr på jazz, litteratur, kunst og historie med vinterkledde fjelltoppar som bakteppe.

Czardasfyrstinnen
Opplev opera og kultur i Kristiansunds nye storstove, Normoria. | © Operaen i Kristiansund

2. Ski og spa i Møre og Romsdal

Når vintervêret kjem frå nordvest, blir landskapet dekka av eit stille snødryss. Mellom spisse toppar som reiser seg frå vassoverflata, og fjordar som slynger seg milevis inn over landet, kan ein boltre seg med ski på beina. Du kan prøve barnebakken, eller ta større utfordringar med fjordutsikt på skisentera Tusten i Molde, og Strandafjellet - kun 90 minutt frå Ålesund. Overnattar du på Åndalsnes, er vegen til Bjorli - et av Norges mest snøsikre skianlegg, kort. For dei som lengtar etter enda meir innhald, tilbyr lokale guidar toppturar og kurs i Romsdalen, Sunnmørsalpane og Trollheimen.

Når skidagen er over, ventar velværeopplevingar like rundt hjørnet. Hotel Union Geiranger og Angvik Gamle Handelsstad kombinerer historisk luksus med moderne spa-fasilitetar, medan Hotel Brosundet i Ålesund gir deg sauna og badeopplevingar i historiske omgjevnader midt i byen.

Hotel Brosundet ligger i sentrum av Ålesund.
Vinteridyll ved Hotel Brosundet i Ålesund. | © 62°NORD

3. Vinterhav, bading og sauna

Det er kort veg frå heitt til kaldt i Møre og Romsdal. Besøk badstuer der Atlanterhavet piskar inn mot dei lune veggane, eller ved vinterstille fjordar der dampen frå badstua blandar seg med kald vinterlufta. For den modige ventar eit forfriskande vinterbad i fjorden – medan dei som vil ha meir action, kan prøve coasteering i Ålesund eller på Runde. Du kan også bli på ein guida kajakktur gjennom jugendbyen Ålesund, og avslutte turen ved ein flytande sauna.

Bade etter sauna
Friskt og herlig med vinterbad og Svai sauna midt i Ålesund. | © Visitnorway/Maverix/Fredrik Ahlsen

4. Ålesund by og Geirangerfjorden

Ålesund på vinteren er ein by i stadig endring. Når lyset skiftar frå blått til gyllent og dagane vekslar mellom solglimt og skumring, får jugendbyen eit heilt nytt uttrykk. Gå langs Brosundet og sjå korleis fasadane speglar seg i det dempa vinterlyset, medan sjømatrestaurantane byr på ferske smakar rett frå havet. Frå Aksla utsiktspunkt kan du følgje korleis lyset leikar over øyane og fjella – eit panorama som endrar seg frå time til time.

Lenger inn i fjorden ligg ei heilt anna verd. UNESCO verdsarvsfjorden Geiranger om vinteren er stillheita sjølv – her tek vintercruiset frå Ålesund deg inn til ei nesten mystisk stillheit der fossane har vorte til isskulpturar og fjellsidene skimrar i vinterlyset.

5. Atlanterhavsvegen og lune kystsamfunn

Om vinteren piskar vinden ofte opp havet langs Møre-kysten, og du kjenner saltvatnet mot kinnet ditt, og vinden som røskar i håret. Nasjonal turistveg Atlanterhavsvegen i vintervêr er naturen på sitt villaste – her kjenner du kreftene som har forma kystlinja vår. Rett ved det kraftfulle havet ligg lune fiskevær og kystbyar som ventar med open dør. Classic Norway har mange overnattings- og matopplevingar langs fjordan og kysten av Møre og Romsdal.

Atlanterhavsvegen vinternatt
Naturkreftene på sitt villaste – Atlanterhavsvegen i møte med vintervinden. | © Svein Erik Knoff

Veiholmen, Bud, Ona og Alnes byr på autentisk fiskeværsopplevingar rett ved storhavet, medan koselege overnattingsstader gir deg ly for vintervêret. I Kristiansund kan du smake på klippfisktradisjonen medan du lyttar til havets dur utanfor vindauget. Her er det kort veg frå den rå naturen til menneskeleg varme og gjestmildskap.

6. Overnatting og opplevingar

I Møre og Romsdal ligg det hotell og heilt unike overnattingsplassar i sjarmerande bygder og byar, nær fjell, fjord og kyst. Hotel Union Øye i Norangsfjorden er eit eventyr i seg sjølv, med herskapelige rom og atmosfære. Storfjord Hotel ligg høgt over fjorden, omringa av skog og stillheit – eit boutiquehotell som kombinerer lun tømmerstil med utsikt mot Sunnmørsalpane. Begge hotella har nyleg fått utmerkingar i Michelin-guiden. Speilet på Grautaneset på Tustna byr på ei heilt anna ro – her bur du midt i landskapet, utanfor allfarveg, i ei speilhytte der hav, himmel og lys går i eitt.

Vinteropplevingar med guide tek eventyraspektet eit steg vidare. Prøv truger gjennom vinterlandskap der du lærer å lese naturen på ein ny måte, eller prøv kajakk i ein stille vinterfjord. I Møre og Romsdal er kombinasjonen av unike overnattingar og opplevingar langt utanfor det vanlege.

Two people snowshoeing at the Stranda mountain in Møre og Romsdal.
Trugetur med guide gir deg trygg tilgang til snøkledde topper. | © Fredrik Ahlsen, Maverix - Visitnorway.com

7. Gondolturar og lokalmat

Gondolen til Strandafjellet og Romsdalsgondolen er raskaste vegen opp til alpint vinterpanorama – på få minutt tek gondolen deg fleire hundremeter over havet til utsiktspunkt som gir deg fjell og fjord i ei utsikt. På toppen av Romsdalsgondolen ventar Eggen restaurant med smakfulle rettar og avslappa atmosfære.

Når du har fått adrenalinkicket, kan du senke tempoet og nyte dei ferske råvarene som gjer Møre og Romsdal til ein gastronomisk vinterdestinasjon. I kystbygdene og byane får du fersk fisk som har gått rett frå båt til kjøken. Sjømatrestaurantane i Ålesund serverer alt frå kongekrabbe til fersk sei, medan lokale produsentar langs kysten leverer alt frå lokalt øl og sider til lokalprodusert ost. I Møre og Romsdal møtest fart og spenning med den langsame nytinga av gode råvarer.

Bli inspirert til å sjå meir av Møre og Romsdal