Møre og Romsdal er vinterdestinasjonen der naturen viser seg frå si mest dramatiske side – og der bilvegane tek deg fram til opplevingane. Bilferie i Møre og Romsdal kan vere ei vinteroppleving du aldri gløymer. Samstundes kan vær- og føreforhold utfordre oss, og vi må være forberedt.
Vinteropne vegar og attraksjonar i Møre og Romsdal
Møre og Romsdal om vinteren er både magisk og meir tilgjengeleg enn du trur. Opplev kontrasten mellom bølgene som slår inn ved Atlanterhavsvegen og stillheita i Geiranger, mellom jugendstilbyen Ålesund og dei små fiskeværa langs kysten.
Her er vår guide til bilturar i Møre og Romsdal på vinteren:
- Atlanterhavsvegen | Bud–Kårvåg
- Ørnevegen i Geiranger | Eidsdal–Geiranger
- Nordøyvegen | Skjeltene–Finnøya
- Romsdalen | Åndalsnes–Bjorli
- Sunnmørskysten | Hareid–Ulsteinvik–Runde–Fosnavåg
- Fiskeværet Veiholmen | Kristiansund–Smøla
Trygg køyring på vintervegar
Vinteren stiller høgare krav til deg som sjåfør. Glatte vegar, snø, vind, mørke og redusert sikt gjer køyreforholda meir krevjande enn elles i året. Før du legg ut på vinterens køyreturar, er det viktig å vere godt førebudd.
Har du lite erfaring med vinterkøyring, kan det vere tryggare å velje offentleg transport eller leigebil med sjåfør. Her finn du nyttig informasjon før du set deg bak rattet i Noreg om vinteren:
1. Atlanterhavsveien
Nasjonal turistveg Atlanterhavsvegen er open 365 dagar i året, og den er kanskje på sitt aller råaste om vinteren. Den 35 km lange Atlanterhavsvegen går mellom fiskeværet Bud og Kårvåg på Averøy. Om vinteren piskar Atlanterhavet inn mot kystlinja og dei åtte bruene, og her kan du oppleve naturen på sitt villaste – samstundes frå trygg avstand i bilen.
Fylkesveg (fv) 64 går mellom Åndalsnes, Molde og Kristiansund via Atlanterhavsvegen og er open heile året. Vegen tek deg gjennom kystlandskap, og forbi små fiskevær som Bud og Hustad. Om vinteren er det ei heilt spesiell ro og stillheit – sjølv når vinterstormane riv i husveggane langs kysten.
Spannande stopp på turen til Atlanterhavsveien:
- Fiskeværet Bud og Restaurant Bryggjen i Bud
- Utsiktspunktet på Kjeksa
- Utsiktspunktet i Askevågen
- Farstadsanden
- «Columna Transatlantica»: Opplev italiensk marmor mot det opne havet
- Eldhusøya: Parkering med utsikt over bruene og den tilrettelagde svevestien
- Bjartmars Favorittkro i Kårvåg: God lokalmat
- Molde og Kristiansund
Køyretida frå Kristiansund til Kårvåg er omkring 30 min. Frå Molde til Bud omkring 40 min, frå Åndalsnes til Bud 1 time 40 min og frå Ålesund til Bud 2 timar 15 min.
Reisetips: Sjekk alltid yr.no før avreise. Ved storm kan saltvatn sprute over vegen – køyr forsiktig og grip rattet godt. Vegen er smal på enkelte parti, møt andre bilar med varsemd. Ein køyretur på Atlanterhavsvegen kan kombinerast med Nordøyvegen, som du kan lese meir om lenger nede i artikkelen. I tillegg er Molde og Kristiansund to småbyar verdt eit besøk når du er i området. Beste tid for vintertur til Atlanterhavsvegen er november til mars.
2. Geiranger og Ørnevegen på vinterstid
Du kjem deg til Geiranger med bil heile året. Køyreturen hit byr på spektakulære vinteropplevingar og verdsklasse utsikt både på fjorden og langs vegen. Geiranger om vinteren er ei verd av stillheit. Du får UNESCO Verdsarvslandskapet nesten for deg sjølv. Snøkledde fjellsider speglar seg i det stille vatnet, og du kjenner kontrasten mellom den ville naturen og den fredelege fjorden.
Frå Ålesund, Molde eller Åndalsnes kan du køyre til Geiranger via fv 63 og ferjesambandet Linge-Eidsdal, og heilt opp til Moldbakken bom etter Flydalsjuvet. Her møter du vinterlandskap ofte med ein stille fjord og bratte fjell som få andre stader kan matche.
Spannande stopp på turen til Geiranger:
Køyretida frå Ålesund til Geiranger er omkring 2 timar med bil. Frå Molde til Geiranger tek det rundt 2 timar 20 min og frå Åndalsnes 2 timar 15 min. Rekn med lengre tid ved snøvêr eller is på vegen.
Eit nyttig reisetips er å legge turen til Geiranger under Geiranger Lyskunstfestival 13.–22. februar. Då kan du opplleve lyskunst frå anerkjende lyskunstnarar i eit heilt unikt fjordlandskap. Fleire hotell, restaurantar og attraksjonar er opne, og du kan gjerne overnatte i Geiranger på turen. Turen til Geiranger kan også gjerast som ein rundtur, der du køyrer via Strand og Strandafjellet eine vegen til eller frå Geiranger og Ålesund. Beste tida for vinteropplevinga er desember-april.
3. Nordøyvegen og Ona
Langs kysten av Møre og Romsdal har vi fleire spektakulære vegopplevingar, tett på Atlanterhavet. Nordøyvegen er ei fantastisk køyreoppleving utanfor Ålesund og heilt ut til Finnøya ytst i Romsdalsfjorden . Der vegen sluttar tek ferja deg vidare til fiskeværet Ona og øysamfunna Sandøy, Midsund og Aukra, i retning Molde.
Fv 659 forbinder fem øyer med fastlandet via tre undersjøiske tunellar og tre spektakulære bruer. Nordøyvegen er 40 km lang og strekk seg frå Lepsøya til Finnøya. Dette er Sunnmørskysten på sitt mest ekte, der havet, historia og kvardagen alltid har høyrt saman.
Spanande stopp undervegs til Ona:
- Finnøy Bryggehotell
- Restaurant Sjøhuset
- Håp i Havet badeland
- Ona og Utasundsferja
- Ålesund
Køyretid frå Ålesund til Lepsøybrua er om lag 55 min på fv 661 og 659. Turen over Nordøyvegen kan også startast frå Molde, i retning Aukra og Ona. Frå Molde til fyrste ferje på Hollingsholmen tar det om lag 25 min.
Reisetips: Nordøyvegen er open heile året, med best for vinteroppleving i februar-april. Legg du køyreturen mellom Ålesund og Kristiansund kan du kombinere Nordøyvegen og Atlanterhavsvegen i en stor køyreoppleving. Sjekk Rutetabellar for ferjer i Romsdal før avreise: 1. Småge-Orta-Finnøya-Sandøya-Ona and 2. Aukra-Hollingsholmen.
4. Romsdalen
Trollstigen er ein av Noregs mest kjende vegar, men den er dessverre vinterstengd frå snøfall i oktober eller november til vegen er ferdig brøyta i medio mai eller juni kvart år.
Ei anna storslått køyreoppleving i Romsdalen er strekninga mellom Åndalsnes og Bjorli. Her kan du køyre eller reise med Raumabana, på strekninga som to gonger er kåra til Europas vakraste togreise av Lonely Planet.
E136 tar deg frå Åndalsnes til Bjorli – gjennom den djupe Romsdalen, langs den smaragdgrøne elva Rauma og dei dramatiske fjellformasjonane som blant anna Trollveggen, Europas største vertikale fjellvegg. Denne bilturen går gjennom eit landskap som gir deg roa til å ta inn den rå naturen.
Spannende stopp på turen i Romsdalen:
Køyretid frå Ålesund til Åndalsnes er om lag 1 time 35 min. Frå Molde om lag 1 time og 10 min og frå Kristiansund om lag 2 timar.
Reisetips: På strekninga mellom Åndalsnes og Bjorli kan du køyre med bil, eller reise med tog. Sjekk ut rutetidene på Raumabanen og The Golden Train.
5. Runde og Sunnmørskysten
Opplev Hareid, Ulstein, Herøy og Runde med sitt kjende fuglefjellet på vinteren. Her finn du heilårsaktivitetar som coasteering og museum. Eit øyrike med små stader og store opplevingar. Frå kystfjell det er enkelt å gå på tur i og lyngheier, til eit øyrike som myldrar av store og små øyar, holmar og skjer. Fleire av øyane er knytte saman med bruer og vegar som er ei oppleving i seg sjølv å køyre på.
Fv 61 og 654 tek deg frå Ålesund og heilt ut til kystsamfunna på Ytre Søre Sunnmøre – der storhavet møter småbymiljø, fjord og fjell, kvardagsliv og kysthistorie.
Spannende stopp undervegs på Sunnmøre:
- Ishavsmuseet Aarvak
- Ulstein Arena – bade, lese og klatre
- Ulstein og Flø
- Runde miljøsenter
- Fosnavåg
Køyretid frå Ålesund er om lag 55 min til Hareid, 1 time 5 min til Ulsteinvik, 1 time 15 min til Flø, 1 time 45 min til Runde og 1 time 30 min til Fosnavåg.
Reisetips: Overnatt i havgapet på Sandsøya, Tunheimsfjøra, Ulsteinvik, Fosnavåg eller på andre av dei små stadane her ute, og få med deg vinterlyset frå for eksempel Flø, Runde, Mulevika eller Hidsneset.
6. Smøla og Veiholmen
Langt ute i havgapet, nord for Kristiansund, ligg Smøla – eit prærieaktig øyrike med tusenvis av holmar og skjær. Køyrer du vidare over Smøla, over bruer og forbi beskyttande moloar, får du ein unik køyreoppleving heilt til Veiholmen. På vegen kan du oppleve lokal kultur, sjå sjøfugl, fiskebåtar og ikkje minst eit skiftande vinterlys som sett stemninga på bilturen.
Fv 680 tek deg frå Kristiansund og over Tustna, før du kjem inn på fv 669 som losar deg heilt til Veiholmen og ein Norges kanskje aller mest innbydande skjergarder.
Spannande stopp undervegs til Smøla:
- Fiskeværet Veiholmen
- Edøya og Gurisenteret
- Audioguide på Smøla
- Norsk myrmuseum
- 2-timers havørnsafari med Smøla Naturopplevelser
- Kristiansund
Køyretid frå Ålesund til Veiholmen er omlag 4 timar 45 min. Frå Molde tek det omlag 2 timar 50 min, frå Åndalsnes 3 timar 45 min og Kristiansund om lag 2 timar.
Reisetips: Kom tett på naturen med ei overnatting i Speilet på Grautaneset, Tustna, eller finn roa i ei uforgløymeleg overnatting i sjøkanten hos Olsens Pensjonat på Veiholmen.
Viktig å vite
- Vinter- eller piggdekk er obligatorisk frå 1. november til 1. påskedag på norske vegar. Forsikre deg om at dekka på bilen eller leigebilen er i god stand og har riktig mønsterdybde. Meir informasjon om krav til dekk finn du her.
- Fjern alt av snø og is frå bilen før du legg ut på vintervegen. Forsikre deg om at lyktene er frie for snø, samt at speil og vindaugsviskarane er rene og frie for is. Det er ulovleg å køyre med snø på taket og dårleg sikt gjennom vindauga. Dette kan skape farlege situasjonar i trafikken.
- Sjekk alltid vêrmeldinga før avreise. Køyr forsiktig og la bilen stå parkert litt lenger i sterk vind eller ved utfordrande køyreforhold, som ved snøvêr og dårleg sikt i fjellet – eller når vegvesenet ber om å utsetje unødvendige turar.
- Vegar og ferjer kan bli stengde ved ekstremvêr. Dette skjer nokre gonger kvar vinter. Stenginga varer normalt frå nokre timar til eit døgn.
- Ladestasjonar for el-bil: Det er god dekning langs E39 (Ålesund-Molde-Kristiansund), men mindre tett i distrikta. Planlegg lading i byane.
Sjekkliste til bilen
- Isskrape og ei liten spade
- Ekstrautstyr som hurtigkjetting eller lignande
- Varmt tøy og litt mat og drikke i tilfelle uforutsette problem på køyreturen
- Tilstrekkeleg med straum eller drivstoff og spylarvæske
Trafikkinformasjon
Statens vegvesen gir trafikkoppdateringar i sanntid for heile landet.
- Nasjonal ruteplanleggjar
- Kart og rutetider for ferjer
- Varsel om glatte vegar
- Er fjellovergangane opne?
- Er tunnelane opne?
Last ned appen i App Store eller Google Play.