Hopp til hovedinnhold

Vegen vart offisielt opna 15.september 1955 og gav bygda Geiranger heilårs vegsamband. Vegen vart ein attraksjon frå første dag, og fekk namnet Ørnevegen på grunn av at den øvst opp gjekk gjennom eit område som det tradisjonelt hadde vore mykje ørn. Namnet illustrerer også noko vilt og spektakulært som trafikkantane vil oppleve, særleg om dei stansar i Ørnesvingen som er den øvste hårnålsvingen.

Utsikt

Her er det tilrettelagt særskilt slik at ein verkeleg kan få nyte den storslåtte utsikta mot Geiranger, Geirangerfjorden, fossane Dei sju systrer og fjellgarden Knivsflå. Dette utsiktpunktet har blir oppgradert dei siste åra, og vart offisielt opna 21.juni 2006 med ei enkel markering som ein del av prosjektet "Nasjonal Turistveg" i regi av Statens Vegvesen.

Om Ørnevegen

Ørnevegen på fylkesveg 63 har på det brattaste ei stigning på 10 %, og kan vere ei prøve for bilistar som ferdast her vinterstid. Men bilbransjen har m.a. brukt denne vegen som testveg for å betre bilane sin framkomelegheit på vinterføre. Lengste tillatne køyretøylengde / vogntog er 15 meter.

  • Arkitekt: 3RW - Sixten Ralff.
  • Landskapsarkitekt: Smedsvig Landskapsarkiteter AS.
  • Kunstnar: May Elin Eikaas-Bjerk.
  • Trip Advisor logo

Kontakt

Adresse:
  • 6216 Geiranger
Telefon:
E-post:
Nettside:
www.fjordnorway.com/no/attraksjoner/geiranger

Fasiliteter

Utsiktspunkt:

Hvor er Ørnevegen - Ørnesvingen?