Hopp til hovedinnhold
  • Søk
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
  • Reiseinspirasjon
  • Fjord Norway logo
    Fjord Norway logo
  • Søk
  • Utforsk kart
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
    • Reiseinspirasjon
    • Utforsk kart
Natur og attraksjoner

Vinter i verdsarven

Vinter
Sist oppdatert: 30.01.2024
© Jens H. Lyngstad / TIBE
© Jens H. Lyngstad / TIBE

Vil du oppleve den mektige verdsarven med frosne fossefall, snødekte fjell og det magiske fjordlyset? Då bør du besøke Geiranger i vinter. Gjennom den kalde, fine tida kan du no reise med båt frå Ålesund til den berømte UNESCO- verdsarvfjorden.

Geirangerfjorden er ein av stadane som filmskaparane bak Disney-suksessen «Frost» har late seg inspirere av og er kjent for sin majestetiske natur. Unikt fjordlandskap, frosne fossefall og berømte fjordgardar er noko av det du kan sjå og oppleve. Geirangerfjorden er eit populært turistmål, spesielt om sommaren. Men verdsarvområdet er minst like vakkert og spektakulært i vinterdrakt.

Guida fjordcruise

I vinter kan du la deg fascinere av høge, loddrette fjell som på et imponerande vis stuper ned i fjorden. Ved å delta på guida cruise frå Ålesund til Geiranger får du oppleve det unike fjordlandskapet i UNESCO-fjorden i Møre og Romsdal. Turen startar i Ålesund, og går gjennom både Storfjorden, Sunnylvsfjorden og Geirangerfjorden før båten legg til i Geiranger.

Vinter i Geiranger. Utsikt frå Flydalsjuvet

Vintercruise til Geirangerfjorden frå Ålesund (Rundtur)

Bli med Geiranger Fjordservice på ein uforgløymeleg dagstur med båt til det vakre fjordlandskapet i verdsarvområdet Geirangerfjorden.

Vinteropplevingar

Ved tilkomme i Geiranger er det fleire aktivitetar og opplevingar som ventar. Du kan opplev det ikoniske utsiktspunktet Flydalsjuvet og Norsk Fjordsenter, som er besøks- og formidlingssenteret for Vestnorsk Fjordlandskap og Geirangerfjorden verdsarvområde. Cruiset er ein dagstur som tek deg tilbake til Ålesund på ettermiddag. Du kan også velja å bli att i bygda for å utforske meir av det Geiranger har å tilby på vinterstid.

© Jens H. Lyngstad / TIBE

Bli med på ei reise i tid

Naturen i Geiranger kan kjennest overveldande, men har du reflektert over kvifor fjordlandskapet har vorte forma nettopp slik? Eller fundert over korleis livet langs fjordane er og har vore? Fjordcruiset frå Ålesund blir guida av Fjord Rangers frå verdsarvsenteret i Geiranger og guidane gir deg innblikk i kulturen og livet langs fjordane.

Dette nye aktivitetsprogrammet gir deg innsikt i korleis fjordlandskapet i Geiranger har utvikla seg og korleis menneske har overlevd blant stupbratte fjell og vill natur. Målet er at besøkande skal få dei beste opplevingane og samtidig bli kjent med den unike verdsarven som finnast i Geiranger.

Opplev Geiranger

Les mer om utvalgte sted og attraksjoner fra Sunnmøre - Ålesund & Geiranger.

Fjordranger Basecamp-program hos Norsk Fjordsenter

Fjordranger Basecamp-program hos Norsk Fjordsenter

Bli med ein Fjordranger på ei reise i tid, lær om det vestnorske fjordlandskapet og prøv spennande aktivitetar hos Norsk Fjordsenter i Geiranger.

Bli med på fossevandring saman med ein Fjordranger

Bli med på fossevandring saman med ein Fjordranger

Likar du fossar, elvar, spektakulære utsiktspunkt og lokale forteljingar? Bli med ein Fjordranger på fossevandring i Geiranger!

Norsk Fjordsenter - Besøkssenter verdsarv Geirangerfjorden

Norsk Fjordsenter - Besøkssenter verdsarv Geirangerfjorden

Lær om det vestnorske fjordlandskapet, som står på verdsarvlista til UNESCO, på besøks- og formidlingssenteret Norsk Fjordsenter i Geiranger.

Spektakulær fossevandring

Kva gjer ein vandretur unik for deg? I Geiranger kan du blant anna gå langs Fosseråsa, landets første nasjonale turiststi. Ein nasjonal turiststi er eit definert område med svært stor attraksjonskraft og opplevingsverdi. Stien langs Fosseråsa er godt tilrettelagt, og kvar årstid gjev eit unikt preg på turen. Fossevandringa startar i Geiranger sentrum, og fortset opp til Storsæterfossen som ligg 550 meter over havet. Du kan også velje å berre gå delar av den, for eksempel opp til Fjordsenteret.

© Jens H. Lyngstad / TIBE

Gå turen saman med ein Fjord Ranger og kom tett på elvas historie om korleis vasskreftene har forma verdsarvlandskapet gjennom tusenvis av år. Du får eit innblikk i korleis pionerane i bygda tidleg såg moglegheitene i vasskreftene – eit mindre kjent eventyr i forteljinga om Geiranger. Elva endrar seg for kvar sesong. Om vinteren kan alt vere frose, og i blåtimen kjennest det trolsk å gå denne vandringa.

Lyskunst i rå natur

- Geiranger har mykje å tilby også på vinteren. Mørket gir oss anledning til å presentere lyskunst, og det finst ikkje mange slike lyskunstfestivalar i Noreg fortel Ole Jørn Myklebust, prosjektleiar i Smart Fjord Kultur.

Geiranger Lyskunstfestival er ei unik kunst- og naturoppleving, og i 2024 finn festivalen stad frå 16. februar til 2. mars.

Ta ei velfortent pause på Union Spa

Vil du ta deg ein symjetur i et varmt utandørs basseng, eller nyte eitt av landets beste spa-anlegg etter ein kald dag ute? Då kan du ta inn på Hotel Union Geiranger, som ligg ein kort spasertur frå Norsk Fjordsenter. Det familieeigde hotellet blei bygd i 1889 og har eit spanande historisk sus i veggane.

© Tone Molnes / Hotel Union Geiranger

Luksus med panoramautsikt

Finn roa og unn deg ei heilt spesiell oppleving på naturhotellet Kilsti Compact Lodge. I desse hyttene bur du i eitt med naturen, og her får du alt du treng for ei unik naturoppleving. Hyttene med panoramautsikt ligg idyllisk til ved Storfjorden, berre 30 minutt frå Geiranger.

  • Her kan du lese meir om overnattingsstaden utanom det vanlege >>

Eit anna tilbod med fjordutsikt, god mat og ulike aktivitetar er Havila Hotel Geiranger som ligg heilt nede ved Geirangerfjorden.

Overnatting i verdsarvområdet

Les mer om utvalgte sted og attraksjoner fra Sunnmøre - Ålesund & Geiranger.

Havila Hotel Geiranger

Havila Hotel Geiranger

Midt i sentrum av Geiranger, og direkte ved fjorden, ligg Havila Hotel Geiranger. Eit komfortabelt hotell med norsk gjestfriheit og atmosfære.

Hotel Union Geiranger

Hotel Union Geiranger

Hotel Union Geiranger er eit førsteklasses familieeigd hotell med utsikt over Geirangerfjorden og omkringliggande fjell. Hotellet har eiga bade- og spaavdeling.

Kilsti Compact Lodge

Kilsti Compact Lodge

Kilsti Compact Lodge har fire unike designhytter med panoramautsikt mot Storfjorden. Det vakre stedet ligger mellom Geiranger, Ålesund og Trollstigen.

Bilferje på Geirangerfjorden

Vil du kome med bil til Geiranger, så går det bilferje frå Hellesylt til Geiranger frå 1. mars til 31. oktober. Du kan gjerne ta bilferja eine vegen og køyre Ørnevegen andre vegen.

Bilferje fjordcruise på Geirangerfjorden

Følg oss i sosiale medier

@visitalesund | #visitalesund

  • Bildebank
  • Kurs og konferanse
  • Bransje
Fjord Norways sekundærlogo
Om Fjord NorgeOfte stilte spørsmålPersonvernRegistrer arrangement