Hopp til hovedinnhold
Bestill

Ein reknar med at det har vore kyrkje i Geiranger frå kring 1450. Ho er første gong nemnt i Tjondhjems Reformats frå 1589. Kyrkja var ikkje ei rein stavkyrkje, påbygd kor og våpenhus var i tømmer. Ho vart riven i 1742, og ny krosskyrkje vart bygd i 1744. Krosskyrkja var rosemåla innvendes. I 1841 vart kyrkja påtend og brann ned til grunnen.

Noverande kyrkje er den tredje vi veit om på same staden. Kyrkja er utsmykka av treskjerar Einar Flydal etter framlegg frå kunstnaren Per Vigeland. Arbeidet vart gjort i tida 1938-1945. Utsmykkinga omfatta altartavle, antemensale, preikestol, korgitter og nummertavle. Treskurden vart måla av Lars Tynes, Sykkylven, Karl Gjere og Nils Bjørdal, begge frå Geiranger. Altarbiletet er måla av konservator Harald Brun ved Nasjonalgalleriet i 1902 med motivet Kristus, trøystaren. Kyrkjeklokka er frå 1899. Orgel kom på plass i 1906, men vart utskifta i 1964.

(Kjelde: Ørstavik, Ragnar: Geiranger kyrkje. 1973, Kulturnett)

  • Trip Advisor logo
  • Facebook logo
  • Instagram logo

Kontakt

Adresse:
  • 6216 GEIRANGER
Telefon:
+47 70 26 03 33
E-post:
sunnylven@storfjorden.kyrkja.no
Nettside:

Fasiliteter

Sesong:
  • Høst
  • Sommer
  • Vinter
  • Vår

Hvor er Geiranger kyrkje?