Hopp til hovedinnhold
Bestill

Iris Expedition Dining er ei unik restaurantoppleving lokalisert flytande ute på Hardangerfjorden. På kunstinstallasjonen Salmon Eye, som òg er eit visningssenter for havnæringa, finn du denne eksklusive og utanom det vanlege restauranten Iris. Iris Expedition Dining har latt seg inspirere av omgjevnadene i Hardangerfjorden og ynskjer at gjestene skal oppleve heile pakka: fjorden, fjella og dei mange matmoglegheitene som fins i fjorden. Restaurantopplevinga hjå Iris er ei reise frå start til slutt.

 

Matopplevinga har ei varigheit på 6 timar og startar i Rosendal sentrum kor Malm eller Melder, ein av dei heilelektriske båtane til Salmon Eye, fraktar deg ut til Snilstveitøy. Her møter kokk Anika Madsen deg med første rett, og ein får presentert kveldens meny. Vidare går turen til Salmon Eye, kor ein blir møtt av ei multisensorisk undersjøisk oppleving.

Med storslagen utsikt til fjord og fjell tek restaurant Iris deg gjennom deira 18-retters smaksmeny kor kvar rett er unik både i smak og oppleving. Dersom været tillater det, serveres ein av rettane på takterrassen, grilla på opne flammar i frisk fjordluft. Ved slutten av kvelden blir ein frakta tilbake til Rosendal, og her ender reisa - men inntrykka ein sit igjen med tar ein med seg.

 

Kombiner restaurantopplevinga med ein visningstur hjå Salmon Eye og lær meir om havnæringa. 

 

Korleis kome seg til Salmon Eye og restaurant Iris? 

Det er fleire måtar å kome seg til Rosendal kor Salmon Eye er lokalisert. Her er nokre alternativ:

Frå Bergen: 

Med bil: 

Via Gjermundshamn ferjekai: 2,5 timar

Via Tørvikbygd og Jondal: 3 timar

Hardangerfjordekspressen Rødne: Fjordcruise som tar under 2 timar frå Bergen til Rosendal. Denne kan ein også gå ombord frå Bergen lufthavn Flesland

Kontakt

Adresse:
  • Hardangerfjorden
  • 5470 Rosendal
Telefon:
+47 56 57 60 00
E-post:
contact@restaurantiris.no
Nettside:
restaurantiris.no

Fasiliteter

Sesong:
  • Sommer
  • Vår
  • Høst

Hvor er Iris Expedition Dining - flytende restaurant på Salmon Eye?