I sommarsesongen
Når inntrykka er mange, er det godt å setje seg ned på ein hyggeleg stad og nyte eit lite måltid. I kafeen på Christineborg Gjestehus får du i sommarsesongen tilbod om kaffi, anna god drikke og gode smårettar laga av lokale råvarer.
Du kan også sikre deg ferdaminne frå verdsarven som du finn berre her. Når du gler deg sjølv eller dine kjære med ein slik suvenir, hjelper du oss også til å ta vare på og utvikle verdsarvområdet vidare.
Haust, vinter og vår
Har du lyst til å ta med eit følgje og oppleve naturen på Runde om hausten, vinteren og våren, kan du bestille overnatting i romma på Christineborg Gjestehus eller Runde Panorama. Då kan vi lage frukost, matpakkar, buffé eller middag med fleire rettar om de ønsker det.
Skal du feire ein av livets store hendingar eller ta med ei gruppe og halde eit arrangement eller møte? Her får du hjelp til å organisere og forslag til smakfull servering.