Hopp til hovedinnhold
Bestill

Med inspirasjon frå vestnorske fruktvins- og sidertradisjonar skapar Vestavin moderne fruktvinar som løftar fram dei unike kvalitetane og smakane som finst her på nye måtar.

Hovudsete for Vestavin er Vingarden på Jølst på Årdalsbakke i Jølster. Fram til 2021 var dette nok eit nedlagt, bratt vestlandsbruk. No er garden med sine bratte bakkar under oppbygging som Vingarden på Jølst. Her dyrkar Vestavin råvarer som rips, solbær, rabarbra, og kirsebær til eigen produksjon, og skapar desse om til unike drikkevarer med og utan alkohol. Fruktvinane Vestavin produserer viser fram Vestlandet i eit glas, med alt sitt særpreg.

Fast omvising og smaking på Vingarden på Jølst

Etter sesongopning 1. juli 2023 held Vingarden på Jølst ope torsdag, fredag og laurdag kl 14-17 med faste omvisingar og smaking kl 14 og ope gardsutsal kl 1530-17. I gardsutsalet kan ein handle med seg både eigenproduserte drikkevarer med og utan alkohol og andre lokale varer.

Enkeltarrangement og ope for gruppebestillingar utanom faste opningstider.

Tider

Omvising og Vinsmaking frå 1. juli

Mandag:
Stengt
Tirsdag:
Stengt
Onsdag:
Stengt
Torsdag:
14:00–17:00
Fredag:
14:00–17:00
Lørdag:
14:00–17:00
Søndag:
Stengt

Priser

Vinsmaking:
NOK 470
Alkoholfri smaking:
NOK 370

Kontakt

Adresse:
  • Jølstravegen 2380
  • 6843
Telefon:
+47 472 88 004
E-post:
post@vestavin.no
Nettside:
www.vestavin.no

Hvor er Opplev Vestavin: Omvising og vinsmaking på Vingarden på Jølst ?