Der Sunnfjord, Nordfjord og Sogn møtast finn du Skei Servicesenter, ein Circle K stasjon med det du treng for reisa di.
Stopp for ein matbit
Skei Servicesenter har eit rikt utval av mat på menyen. Alt av mat kan også bestillast som takeaway. I tillegg tilbyr Skei Servicesenter snittar, smørbrød, rundstykke og baguettar om du ynskjer å bestille møtemat.
Servicetilbod
Målet til Skei Servicesenter er å kunne dekke dei fleste behov til deg som er ute på vegen, enten du kjem med buss, lastebil, sykkel, gåande, elbil eller drivstoff bil.
Døgnkvile
Skei Servicesenter har 16 oppstillingsplassar for døgnkvile. I tilknyttning til dette har dei dusj, toalett og kro som serverer middag.
Skysstasjon
Bussstasjonen finner du ved Skei Servicesenter. på baksida av bygget stoppar alle rutebussar som skal forbi Skei. Venterommet er ope, og tilgjengelig for alle busspasasjerar når rutene går. Har du glømt noko til bussturen? Skei Servicesenter har både ferdiglada powerbanks, øyretelefonar og det du skulle trenge av niste på turen.
Ladepark
Skei Servicesenter har 12 ladestasjonar for tesla og fire frå Ionity. Alle bilar som benyttar ladesystemet (CCS) er kompatible med nettverket. Ladeeffekt er 0-350kW. Ein kan fint lade med mindre enn 350kW, bilen blir lada på det raskaste som ditt batteri kan håndtere.
Medan du ventar har dei eit stort utvalg av mat som ein kan enten ta med seg, eller nyte i seatingen.
Møterom for 26 personar
På Skei Servicesenter finn du eit møterom til utleige. Her er prosjektor, tavle, og du kan få servert kaffi og te, i tillegg til møtemat om ynskjeleg. Møterommet har plass til 26 personar.
Hytter til leige ved Skei Servicesenter
Kunne du tenke deg å tilbringe nokre dagar på Skei for å oppleve Jølster, har Skei Servicesenter fire hytter til utleige like ved stasjonen. Hyttene ligg i gåavstand til det meste du treng; som daglegvarebutikkar, restaurant, kro, hotell, pub og butikkar, samt busstasjon.