Hopp til hovedinnhold

Restaurant på Turtagrø Hotel

Turtagrø Hotel ligg 884 meter over havet i Vest-Jotunheimen og har lange tradisjonar heilt tilbake til 1880-åra. Frå hotellet finst det utallege turmoglegheiter, både korte og lengre vandringar i storslått natur. Hotellet samarbeider òg med BreogFjell for dei som ønskjer guida turar og trygge opplevingar i fjellet. Etter ein aktiv dag kan du setje deg ned, slappe av og nyte eit godt måltid i restauranten.

Spisesalen på Turtagrø er eit høgdepunkt, både når det gjeld utsikt og matoppleving. Her er det plass til 80 gjester per bordsetjing, og kjøkkensjefen set kvar dag saman ein smakfull tre-retters meny basert på sesongens råvarer og det som er tilgjengeleg.

Frukost

Frukost vert servert som buffet kvar dag mellom klokka 07.00 og 10.00, med eit variert utval som gir ein god start på dagen.

Lunsj

Lunsj vert servert i påsken, i helger og dagleg frå slutten av juni til slutten av august mellom klokka 13.00 og 16.30, der du kan velje frå ein à la carte-meny. Ønskjer du lunsj for ei gruppe utanom høgsesong, kan du ta kontakt med hotellet på førehand.

Middag

Middag vert servert klokka 19.30. Etter ein lang dag i fjellet er det viktig å ete seg mett, og det er mogleg å få påfyll av hovudretten ved behov. Kaffe og te etter maten er sjølvsagt inkludert. Ved stor pågang kan det vere to bordsetjingar, klokka 18.00 og 20.30.

Kontakt

Adresse:
  • Sognefjellet
  • 6877 Fortun
Telefon:
57680800
E-post:
hotel@turtagro.no
Nettside:
turtagro.no/program/matservering/

Hvor er Turtagrø Hotel - Restaurant