Hopp til hovedinnhold
Bestill

Her møter moderne komfort og design den gamle tida. Romma er innreidd etter kjente fluefiskarar i Aurlandselva, som ein gong var rekna som ei av verdas tre beste sjøaureelver. Her kan ein sjølvsagt fiske, men 29/2 Aurland er eit godt utgangspunkt for turar i Aurlandsdalen (sju min unna), for turar med Flåmsbana (ti min unna Flåm), eller for turar på fjorden og ein rusletur rundt i handtverksmiljøet på Aurlandsvangen (3 km unna). Båt til Bergen og Gudvangen  legg til kai i Aurland.

Namnet 29/2 Aurland er kort og godt gards-og bruksnummeret vårt. Vi vil gje gjestane våre ein smak av Aurland, gjennom maten, gjennom historia, og vi trur og håper dei fell til ro her – og tar tida tilbake. Så vil dei oppleve den vakre naturen – og ikkje minst folka som bur her – dei driv med litt av kvart, aurlendingane. Aurlandskoen, til dømes!

Vi har syklar til utlån for gjestene våre.

Lokal og økologisk frukost er inkludert i romprisen, 3-retters middag, samt «afternoon tea».  

Vi skreddarsyr turar i Indre Sogn, og har ein stor elverett for den som kjem med fiskestong. Transport og pickup på bestilling. Bergen 2,5 time unna, Oslo 4,5 t. Velkomne skal de vera!

  • Facebook logo
  • Trip Advisor logo

Kontakt

Adresse:
  • Tokvamsvegen 9
  • 5745 Aurland
Telefon:
48994913
E-post:
booking@292aurland.com
Nettside:
www.292aurland.com

Fasiliteter

Barnevennlig:
WIFI/Internett:
Konferansefasiliteter:
Ladepunkt for elbil:
Parkering:
Restaurant:
Sesong:
  • Høst
  • Sommer
  • Vår

Grønne sertifiseringer

29/2 Aurland har fått sertifisering for sin miljøinnsats fra:
  • MiljøfyrtårnMiljøfyrtårn
Miljøsertifisering i privat og offentlig virksomhet, inkludert turisme.

Hvor er 29/2 Aurland?