Bekkjarvik Gjestgiveri er kjent for sitt gode kjøkken som er basert på ferske og lokale råvarer. Her jobbar dei to kokkane og tvillingbrødrene, Ørjan og Arnt Johannessen, som har hausta heider og ære for sine prestasjonar i kokkeyrket. Ørjan med sitt gull i Bocuse d´Or Lyon 2015 og Arnt med den høgste annerkjenning i Norges Kokkmesteres Landsforening: "Årets Kjøkkensjef" i 2014.

Saman med kjøkkenteamet set Arnt og Ørjan menyane kvar dag med eit mål: at du som gjest skal få ein matoppleving du ikkje gløymer.

Naturen rundt Bekkjarvik er gåvmild, her vert det hausta inn ulike fiskeslag, skjell og skalldyr. På dei vakre lyngheier og i skogen beitar villsau og hjort, og kokkane går gjerne ut i skogen ein tidlig morgon for å sanka vill ramslauk og urter.

"Smak av Kysten" har satt sitt kvalitetsstempel på kjøkken til Bekkjarvik Gjestgiveri. Kriteriet for å vere medlem er høg kvalitet på både råvarer og mat. Restauranten er også omtala i både "The MICHELIN Guide" og "White Guide - Nordic".

Ved sida av restaurantdrifta kan du og få levert catering med koldtbord, varmrettar, skalldyrbord, middagar, tapas, snittar, kaker med meir.

  • Facebook logo
  • Trip Advisor logo

Kontakt

Adresse:
  • Postboks 33
  • 5399
  • Austevoll
Telefon:
+47 55 08 42 40
E-post:
restaurant@bekkjarvikgjestgiveri.no
Nettside:
www.bekkjarvikgjestgiveri.no

Fasiliteter

Uteservering:

Hvor er Bekkjarvik Gjestgiveri - restaurant?