Mat i verdsklasse
Bekkjarvik er ein gamal fiskartettstad omkransa av gamle bygg og kaianlegg.
Det var den danske kongen Kong Christian Quart som på 1600-talet vedtok at det skulle byggjast gjestehus for kvar halve eller heile dagsreise i skipsleia. I dag er Bekkjarvik Gjestgiveri medlem av Historiske Hotell og Spisestader.
Vertskap er familien Asta og Øystein. Dei kan stolt ynskje velkommen til bords med nokre av verdas og landets beste kokkar. Ørjan Johannessen tok nemlig gull i Bocuse d´Or Lyon 2015. Tvillingbroren Arnt blei same år kåra til året kjøkkensjef av Norges kokkmesteres Landsforening.
Årets gjestehamn og rekreasjon
I Bekkjarvik finn du 3 gjestehamner og dei blei kåra til årets gjestehamn for tredje gong i 2021. Om sommaren kryr det av både småbåtar og seglbåtar, men små cruisebåtar og yachtar kjem også inn til Bekkjarvik.
Her får du smak av ekte vestlandsk kystkultur og kysthistorie. Du kan og kjenne på ro og fred og nyte nokre rolige dagar i den vakre kystnaturen.
De finn mange fine turløyper rundt Bekkjarvik, i parken, langs kyststien og sherpatrappene opp til Kongsfjellet. Eller ta dykk ein sykkeltur rundt i øyriket Austevoll. Mange av dei store øyene i kommunen er knytt saman med bruer.
I Bekkjarvik finn du fleire både små og større arrangement, konsertar, og utstillingar heile året.
Korleis reise til Bekkjarvik?
Tettstaden Bekkjarvik ligg på øya Selbjørn i Austevoll kommune. Kommunen har 667 øyar, skjer og holmar, og turen hit er ei flott reise i seg sjølv.
Reise til Bekkjarvik frå Bergen
Det går bilferje på strekninga Krokeide - Hufthamar. For rutetider, sjå nettsida til rederiet Fjord1. Frå Hufthamar tar det ca 20 minutt i bil.
Du kan også reise med passasjerbåt mellom Bergen sentrum (Strandkaien), eller Flesland (nær Bergen Lufthavn) og Bekkjarvik. Turen med hurtigbåt frå Bergen tar berre litt over 1 time. Rutetidene for hurtigbåten finn du på nettsidene til Skyss.
Reise til Bekkjarvik frå Stord eller Stavanger
Kjem du reisande frå sør, for eksempel frå Stavanger eller over Stord, kan du ta bilferje mellom Sandvikvåg og Husavik. Ferjerutene finn du på nettsida til rederiet Fjord1.
Det går også passasjerbåt frå Leirvik på Stord, via Rubbestadnes på Bømlo til Bekkjarvik. Rutetidene for hurtigbåten finn du på nettsidene til Skyss. I appen Skyss kan du både sjå rutetidene, og kjøpe billett.
