Hopp til hovedinnhold

Nordsjøløypa på Stolmen er ein  tur ein bør få med seg om ein besøkjer Stolmen for fyrste gong eller om ein vil friske opp att  i gode, gamle minner frå ei svunnen tid.

Stad

Stolmen

Start og sluttpunkt

Årland eller Kvalvåg (rundtur)

Parkering

Parkering ved butikken på Årland,  parkeringsplass i Kvalvågen. Evt kan ein parkere langs vegen der det er forsvarleg.

Merking

Løypa er merka etter ny nasjonal standard med blå N på kvit bakgrunn, blå N på steinar ellers grønne skilt med stadsnamm.

Gradering

Blå. Lett fottur.

Høgdeskilnad

10 moh-60 moh (Såto)

Tidsbruk

1,5 - 2 t (rundtur på 6 km.)

Gode råd

Nokre våte parti, bruk høvelege sko.

Turomtale

Frå parkeringsplassen oppe i Kvalvågen følgjer ein godt merka sti forbi enden av Stangelandsvatnet og vidare ned i Mølnevika. Følg stien og skilta merkt med blåe N`ar som går oppover og ta mot vest på toppen. Følg skilta mot Såto, Stolmens topp. Ta deg tid til nokre stopp undervegs, og nyt utsikta etterkvart som den opnar seg.

Det er merkbart mange vatn på Stolmen:Venavatnet, Longavatnet, Aravatnet og  Årlandsvatnet er berre nokre av dei du får sjå.

Det er heller ikkje sjeldent at ein kan sjå havørn i denne løypa, særleg her ytterst mot havet kan den majestetiske fuglen visa seg  fram for turgåarar.

Frå Såto kjem kystlandskapet til sin fulle rett. Her har eit fullt utsyn mot storhavet i vest.

Når ein står på Såto kan ein velja å ta ein avstikker på2 km. ned til Grøntuo. På Grøntua stod to store lyttastasjoner under 2.verdskrig. Det er dessverre berre fundamentet som står att idag, resten vart fjerna på 70- talet. På Grøntua kan ein sjå bilete av stasjonane i sin heilhet.

Nordsjøløypa tek oss vidare sør ein par kilometer før me kjem inn på "Samsonstykket". Her står huset til Samson Årland  omkrinsa av nokre fantastiske murar som han nytta til å verne seg og vekstene sine. Samson vart sendt i 1.verdskrig frå amerika og kom heim, godt prega,  til Stolmen som 45 åring. Samson var kjent som ein fantastisk arbeidskar, han dyrka fram både gresskar, kål, poteter, gulerøtter, neper og bær. Legg merke til den store opne marka på vegen ut av Samsonstykke, her var alt mark dyrka og i bakgrunn kan ein sjå korleis han rydda stein for å få le frå vinden. Eit historisk handarbeid.

Frå Samsonstykket går ein ned mot Årland og må då fylgja asfalten eitt par kilometer attende til parkering i Kvalvågen. Ein går då forbi skulen på Stolmen, her budde nokon av dei 300 tyskarar som budde på øya frå 1940-1945, til samanlikning var det 200 fastbuande på øya. Ein kan og sjå lyttestasjonen på Grøntua tvers over vegen frå skuleplassen.

Kontakt

Adresse:
  • 5398 STOLMEN
Telefon:
55081000
E-post:
postmottak@austevoll.kommune.no
Nettside:
www.austevoll.kommune.no/

Fasiliteter

Total stigning:
  • 86m
Vanskelighetsgrad:
  • Lett (grønn)
Avstand:
  • 3.6km
Varighet:
  • Kort tur (0,5-3t)
Sesong:
  • Sommer
  • Vinter
  • Vår
  • Høst
Underlag:
  • Sti
Terreng:
  • Kystområde

Hvor er Nordsjøløypa på Stolmen?