Velkomen til Florø og Florø gjestebrygge. Mot havet i vest ligg Norges vestlegaste by – Florø. Her kan du nyte småbyidyllen med sjarmerande kaféar og fine butikkar, samtidig som du har kort avstand til spanande aktivitetar og spektakulære naturopplevingar. Florø Gjestebrygge er ei hyggeleg, god og populær gjestehamn. Gjestebrygga er oppgradert og tilbyr alt det du forventar av service og båtatmosfære. Gjestebrygga ligg idyllisk til, eit trossekast frå den flotte handlegata Strandgata i Noregs vestlegaste by. Båtar med ulike flagg vitjar hamna kvart år for å få med seg arrangement som Sildebordet, Kinnaspelet, Sommarrevy, Våt Moro og Godt i Gapet. Bensin og dieselfylling i nærleiken. Her finn du eit flott nytt sanitæranlegg med toalett, dusj, vaskemaskin og tørketrommel. Det store badeanlegget Havhesten er populært blant små-barns-båt-familiar!

  • Facebook logo

Kontakt

Adresse:
  • Florø sentrum
  • 6900
  • Kinn
Telefon:
E-post:
post@floroparkering.no
Nettside:
www.floroparkering.no/gjestebrugga/

Hvor er Florø Gjestebrygge?