Hopp til hovedinnhold

Her er det gode moglegheiter for aurefiske. For dei som ynskjer å oppleve flott norsk natur, ligg hyttene sentralt plassert for dette. Hyttene har blant anna kort avstand til Jostedalsbreen, Sognefjellet og Ornes stavkyrkje. For dei som ynskjer å gå i fjellet, har Luster over 50 fjelltoppar som er meir enn 2000 m.o.h. 

Om sommaren møter me mange trivelege gjester frå Noreg, Sverige, Danmark, Holland, Tyskland, Belgia og England. Hyttene ligg i eit barnevennleg område. Det er med stor spenning og forventing me ser fram til kvar sesong. Målet vårt er at gjestene skal vera nøgde og trivast hjå oss.

Det er Anja Renate Buskaker som har hovudansvaret for drifta av hyttene, med god hjelp frå mannen sin , Jan Inge Engebø, og mora Eldbjørg Buskaker. Anja Renate tok over drifta av hyttene våren 2019.

Det var foreldra til Anja Renate, Inge Tormod (døydde i august 2019) og Eldbjørg Buskaker, som starta Hafslo Hytteutleige i 1991, då med ei hytte.  Den femte hytta var ferdig i 2000.

Anja Renate jobbar som lærar ved Hafslo barne -og ungdomsskule, medan Jan Inge jobbar i GK Noreg. Anja Renate og Jan Inge har tre barn saman (Aksel, Erle og Brian).

 

Kontakt

Adresse:
  • Straumane 78
  • 6869 Hafslo
Telefon:
(+47) 99 42 15 06
E-post:
booking@hafslohytteutleige.com
Nettside:
www.hafslohytteutleige.com

Fasiliteter

Kjøkken:
Barnevennlig:
Parkering:
Ladepunkt for elbil:
Sesong:
  • Høst
  • Sommer
  • Vår

Hvor er Hafslo Hytteutleige?