Hopp til hovedinnhold

Hafslo er ei lita fjordbygd med ca. 1200 innbyggjarar og er omkransa av vakkert landskap. Hafslovatnet er eit godt fiskevatn, der du kan drive sportsfiske etter aure, dorge eller fiske med stang ved å løyse fiskekort. Fiskesesongen er frå 1. januar til 14. september.

Aktivitetar i og rundt Hafslo

Kvam Guide & Service tek deg gjerne med på guida sykkeltur, RIB tur på Veitastrondsvatnet, fisketur og vandretur. På vinteren kan du bli med på trugetur og oppleve vinterlandskapet frå hest og slede.

Sogn Skisenter

Sogn Skisenter er lokalisert i Hafslo og tilbyr skikøyring for heile familien og har store areal for heisbasert frikøyring. Du finn lysløype og langrennspor som går heilt til fjells. Med gratis parkering kan du nyte ein dag eller fleire dagar ved Sogn Skisenter.

Et merkeikon

La deg inspirere

Her finn du tips og inspirasjon for ditt opphald i Hafslo

Kommende arrangementer