Velkommen til Solund Gjestebrygge. 

Solund Gjestebrygge er lokalisert på Hardbakke og er ei hyggelig, flott og populær gjestehamn. Hamna ligg med kort avstand til Solund Senter der du finn både matbutikk, gjenbruksbutikken og jernvarebutikk. 

Like ved brygga finn du Sognefjord Active som tilbyr guida tur med kajakk. Her kan du enten leige kajakk sjølv, eller bli med på guida tur. Du kan og leige SUP brett. Nyt eit betre måltid på Skafferiet Mat og Drikke, eller leig deg sykkel og opplev Solund sine sjarmerande veger. 

Om sommaren kan du bli med på øyhopping med den lokale postbåten og fyrsafari til Utvær. 

 

 

 

Kontakt

Adresse:
  • Hardbakke
  • 6924 HARDBAKKE
Telefon:
908 82 860
E-post:
post@solund.info
Nettside:

Fasiliteter

WIFI/Internett:
Lekeplass/lekerom:

Hvor er Hardbakke hamn?